Gamle bygg, tilrettelegging og ikkje tilgjengelege vorspiel – kvardagen med funksjonsnedsetting

Det er ikkje ofte ein ser nokon bruke ein av dei rustne rullestolheisane på campus. Likevel er det nettopp rullestolbrukarar og andre funksjonsnedsette som tener mest på høgare utdanning.

UNIVERSELL. NHH-student Serenne Vikebø meiner det godt skal gjerast at alle offentlege bygg er universelt utforma innan 2025. Foto: Andrea Olsen
Publisert Sist oppdatert

Fakta

 

 

På masterlesesalen på sosiologisk institutt finn du som regel Mathilde Angeltveit. Ho er i innspurten på masteroppgåva si i sosiologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Angeltveit vil belyse det som elles ikkje blir forska så mykje på. Ho ser nærare på personar med funksjonsnedsetting og opplevinga deira av overgangen frå barn til vaksen. 

Sosiologistudenten har, i likskap med informantane sine, ei fysisk funksjonsnedsetting. Ho har utfordringar med funksjonen i begge armane. Angeltveit fortel at ein ofte må «komme ut» som funksjonsnedsett og at det kan opplevast kleint og irriterande. 

– Veit du kor mange klappeleikar det er i løpet av fadderveka? Eg kan jo ikkje klappe. Då må eg stoppe drikkeleiken og berre tulle det vekk, seier Angeltveit og smiler. 

VERNA. Fleire av bygga til UiB er gamle og verna, og det er derfor ikkje lett å gjere endringar. Foto: Peter Apolinario

Det er ikkje alltid lett å søkje om tilrettelegging, fortel Angeltveit. Ein er ofte avhengig av ei medisinsk forståing av sin eigen tilstand for å kunne få den hjelpa ein treng. 

– Staten er portvaktaren til samfunnet for personar med ei funksjonsnedsetting. For å få tilrettelegging er ein svært avhengig av å ha ein diagnose og ei legeerklæring. 

UiB har fleire gamle og verna bygg der ein ikkje like lett kan gjere endringar. Derfor er det lettare å tilretteleggje individuelt.

– Du må vere bevisst på kva hjelp du vil ha og treng, elles er tilrettelegging utfordrande. Det kan vere ganske vanskeleg å søkje om hjelp. 

Angeltveit treng eigentleg ein betre tilpassa pult og stol på lesesalen. Då ho ba Uib om det, blei ho vist til hjelpemiddelsentralen.  

– Det blei for mykje styr og eg ville ikkje vere meir til bry. Eg hadde allereie fått tilrettelagt transkriptør til masterintervjua mine, då det er svært smertefullt å skrive lenge. Eg tenkte eg berre skulle la den ligge. 

Ho fortel at dersom ein ser konkrete løysingar er folk ofte til hjelp, men det kan vere omfattande administrativt arbeid å faktisk få den hjelpa. 

– Du må vere frisk for å vere sjuk. Dersom du er veldig ressurssterk kan du få den hjelpa du treng, men det endrar ikkje noko på at det er svært utmattande, fortel Angeltveit. 

Universell utforming

Det har vore stor framgang på feltet dei siste ti åra, og alle nye offentlege bygg må vere universelt utforma.

I tilretteleggingslova står det at utdanningsinstitusjonar har ansvaret for å tilretteleggje undervisning for studentar med ei funksjonsnedsetting, og samstundes skal dette ikkje vere ein byrde for universitetet, undervisninga eller andre studentar. 

– Folk med ei funksjonsnedsetting har større behov og større gevinst av høgare utdanning enn befolkninga elles, men likevel kan mykje av tilrettelegginga opplevast som krevjande og utmattande, seier ho.

GEVINST. Forsking viser at gevinsten av høgare utdanning er dobbelt så stor for personar med ei funksjonsnedsetting. Foto: Peter Apolinario

Gevinsten av høgare utdanning er dobbelt så stor for personar med ei funksjonsnedsetting, ifylgje Barne- ungdoms- og familiedriektoratet (Bufir). Ein funksjonsfrisk person har 2,5 gonger større sjanse for å få jobb med høgare utdanning, mens ei funksjonsnedsett person har 4,5 gonger større sjanse.

Likevel står over 100.000 funksjonsnedsette ufrivillig utan arbeid. 

I masteroppgåva har Angeltveit nokre førebelse funn. Ho fortel om at mange opplever at det kan vere utfordrande å måtte overta det administrative ansvaret for eiga funksjonsnedsetting. 

Ein av dei få NHH-studentane i rullestol

Serenne Vikebø er 21 år og går andre året på økonomi og administrasjon på Norges Handelshøyskule (NHH). Ho har alltid gjort det godt på skulen. Når dei andre barna var ute og sprang, sat Serenne inne og las. Ved sida av studia har ho fleire verv og er aktiv i fleire organisasjonar. Ho er som alle andre studentar, sett bort i frå at ho sit i rullestol og treng assistanse i kvardagen.

– Drømmejobben min er innan leiing, administrasjon og økonomi. Eg er i enden på andreåret på NHH, så det er lenge til eg skal ut i arbeid, fortel ho. 

På NHH er det godt tilrettelagt for Vikebø. Bygget er moderne og ho kjem til overalt. Det einaste er at ho i førelesning ofte sit åleine, dersom ho ikkje har planlagt å sitje med nokon. 

– Dei fleste set seg på midten, mens eg berre kjem til med rullestolen anten på toppen eller på botnen av auditoriet.

Dei fleste nach- eller vorsspiel er i trange hyblar, gjerne høgt oppe utan heis. 

TILGJENGELEG. Serenne Vikebø kjem til overalt på campus på NHH, men synast det kan bli einsamt i førelesningar. Foto: Andrea Olsen

– I slike situasjonar kan eg ikkje delta.  

93 prosent av offentlege bygg er ikkje universelt utforma. Etter målplanen til regjeringa skal alle offentlege bygg vere universelt utforma innan 2025. 

– «Yeah right», det kjem aldri til å skje, seier Vikebø. 

Vikebø er ein av få funksjonsnedsette som tek høgare utdanning. Ho meiner at det er tragisk at så gjer nettopp det.

– Eg brukar utallige timar kvar veke på søkander, telefonsamtalar og klager. Då vert eg sett over frå ulike instansar «ørten» gonger før eg får svar. Det er som ein fulltidsjobb. 

Som andre studentar er Serenne opptatt av å byggje CV-en. Blant anna er ho nestleiar i organisasjonen «La barna spørre». Der reiser ho rundt på ulike skular og lar barn spørje om det dei vil. 

– Eg får mange ulike spørsmål. Born lurar på alt frå sexlivet mitt til om eg kan ha på meg pysjamas.

Styrer beinet med ein app
UTDANNING. Serenna Vikebø meinar det er dumt at mange funksjonsnedette studentar ikkje tar høgare utdanning. Foto: Andrea Olsen

Marte Heggertveit (22) studerer energiteknologi på Høgskulen på Vestlandet (HVL). Ho skriv for tida bacheloroppgåve. Marte har ein høgrefot som alle andre, men ein venstrefot som ho kan ta av og på. Protesen har Marte hatt sidan ho var lita. Venstrefoten hennar vart amputert i tidleg alder.

– Eg tenkjer eigentleg ikkje at eg er korkje funksjonshemma eller funksjonsnedsett, seier Heggertveit.

Protesen som Heggertveit brukar no har mykje tilhøyrande teknologi. Han har eigne innstillingar for både sykling og langrenn. Å ha protese har ikkje vore til særleg hinder for Heggertveit. Ho har vore på langslaget i parasymjing, og har til og med nådd Galdhøpiggen med hjelp frå protesen og eit par gåstavar.

– Eg har ikkje problem med å gå ned trapper, men å kome meg opp kan ta litt lengre tid, fortel Heggertveit.

Ho utdjupar vidare med å seie at ho ikkje har møtt på nokre særlege problem med tanke på utforminga av høgskulen. Bygningane er nye, opne og tilrettelagde.

– Ettersom alle bygga på høgskulen er såpass nye, er dei jo pålagde av lova til å vere utforma på ein meir universell måte. Eg trur det er eit større problem der bygga er verna eller freda.

HJELP. Marte Heggertveit har eigen app som kan brukast til ulike aktivitetar. Foto: Nikolai Hagevold Krohne

Heggertveit synest folk er flinke til å vise omsyn for at nokre ting kan ta litt lenger tid, eller at det kan vere litt trangt for henne i nokre auditorium, men ho har ikkje sett nytta av å melde frå til skulen om protesen.

– Protesen gjer jo ikkje at eg skriv saktare eller brukar lengre tid på å tenkje meg fram til ting, så eg synest ikkje det har vore relevant å sende inn søknad om tilrettelegging dei tre åra eg har gått her, fortel ho.

Med lange bukser kan det vere vanskeleg å i det heile teke leggje merke til at protesen ikkje er ein funksjonsfrisk venstrefot, men Heggertveit får ofte reaksjonar av born når ho går med shorts, men det har ho syntast har vore heilt greitt.

– Det er alltid hyggjeleg at folk spør om det dei lurer på om protesen. Då eg var lita var det til og med ei jente på symjinga som var misunneleg på fiskemotivet eg hadde på protesen min, og som fortalde mora si at ho også hadde lyst på protese, fortel Heggertveit med eit smil.

Høgt fokus på universell utforming

Kommunikasjonsdirektør ved NHH, Geir Mikalsen, skriv at dei det inneverande semesteret har 252 aktive studentar med tilrettelegging av eksamen på bakgrunn av nedsett funksjonsevne. Mikalsen meiner at dei har eit høgt fokus på universell utforming, men dei må tilstå at dei av historiske årsaker har eit forbetringspotensial på nokre område.

TID. Studenten fortel at ho brukar lengre tid på å til dømes gå opp trapper. Foto: Nikolai Hagevold Krohne

Ifylgje prorektor ved UiB, Pinar Heggernes, søkjer omkring 2500 studentar ved universitetet om tilrettelegging til eksamen. For nokre år tilbake vart det registrert fleire avvik under ei kartlegging, alt frå manglande heis til for høge speglar. I nybygga er universell utforming i fokus, medan UiB vedgår at det står vanskelegare til med dei 250 år gamle bygningane. 38 av bygga deira er freda, men UiB meiner at dei strever hardt for å nå målet om tilrettelegging i alle bygg.

Studvest har ikkje lukkast i å få eit tal på kor mange bergensstudentar som har fått tilrettelegging på eksamen, men på heile HVL har 1050 aktive studentar fått innvilga tilrettelegging ved minst éin eksamen. Ved HVL innvilgar dei tilrettelegging for heile studieløpet dersom tilstanden er kronisk. Studentane må dermed ikkje søkje kvart enkelt semester. 

Powered by Labrador CMS