Gorpcore tar over garderoben

– Eg skulle ynskje eg kunne gå sånn, men eg føler ikkje eg kan bruke pengar på det

GJENNOMFØRT. UiB-student Åsne Meltvik meiner stilen må vere veldig gjennomført for å sjå bra ut. FOTO: Tekla Vollen
Publisert Sist oppdatert

Den siste tida har det å bruke turklede som kvardagsmote blitt meir og meir vanleg å sjå nedover gatene. Gorpcore er ein ny trend av året.

For ein gongs skyld passar ein trend ypparleg med vêret på Vestlandet og også studentane i Bergen omfamnar trenden.

– Stilen handlar om at du ikkje skal sjå ut som at du prøver, men det gjer du jo, seier student Aurora Simonsen om trenden.

Inspirasjon frå friluftsmote

– Gorpcore er ein stil som hentar inspirasjon frå friluftsmote, og vert kjenneteikna av funksjonelle plagg som for eksempel tekniske jakker, tursko og parachute-bukser.

Det forklarar marknadskoordinator i gjenbruksappen Tise, Anna Fredriksen.

Ho fortel at dei i løpet av 2022, spesielt det siste halve året, har sett ei jamn auking i pris på varer som vert selde gjennom deira betalingsløysing. 

– Dette har truleg ein samanheng med sesongvariasjonar, seier Fredriksen. 

HAR BLITT MOTE. Anna Fredriksen i Tise fortel at allvêrsjakker alltid har blitt brukt, men no også reknast som mote. FOTO: Privat

Ho understrekar at plagg som allvêrsjakke og tursko har vorte brukt i lang tid. Skilnaden er at det som tidlegare vart brukt på tur, no vert rekna som mote.  

Nokon som er nøgd med at turklede har blitt trendy, er medlemma i NHHI Friluft.

Leiar Runar Hagesæter (25) understrekar at alle må få lov til å gå med dei kleda dei sjølv ynskjer. 

– Folk kjøper det jo kanskje for å passe litt meir inn, legg økonomiansvarleg Brage Sævdal (25) til. 

Han meiner det er vanleg å sjå folk som går med turklede i Bergen uavhengig om dei skal på tur eller ikkje.

– Ei jakke frå gore-tex er mitt go-to-plagg nesten året rundt, avslørar Hagesæter.

Håpar fleire vert aktive

Gutane har ikkje sjølv merka noko til ei prisauking på turklede, men ser at om mange berre kjøper kleda for mote, og ikkje for å bruke på tur, kan det drive prisane opp. 

– Det er ein lei effekt, og kan heve terskelen for å gå inn i friluftssegmentet. Men det et er ikkje noko me er irriterte for, seier Hagesæter. 

Sævdal understrekar at dei håpar denne trenden heller gjer at fleire vil bli litt meir aktive ute i friluft. 

PÅ SKULEN. Runar Hagesæter brukar ofte friluftsklede på skulen. FOTO: Tekla Vollen

– Kanskje me til og med får fleire medlemmar som følgje av denne trenden, seier ein håpefull Sævdal. 

Patagonia skil seg ut

Det er spesielt eit merke som skil seg ut på NHH, nemleg friluftsmerket Patagonia. 

– Patagonia har blitt kjempedyrt, berre på dei to siste åra, fortel Sævdal. 

Eit raskt søk i nettbutikken til merket viser at den bestseljande fleecen for herrar kostar 1.300 kroner.

Om det er på grunn av gorpcore er vanskeleg å seie. Men Sævdal meiner det er typisk at alle vil ha den eine fleecejakka frå Patagonia – sjølv om du kan få ei billegare ei frå andre merke.

Gutane er likevel einige om at dei ikkje føler på press på å gå med noko spesielt merke, men forstår om andre kan kjenne på det. 

Også Fredriksen frå Tise kan fortelje at Patagonia er eit av dei mest populære merka.

– Me ser ein aukande etterspurnad etter merke som legg vekt på kvalitet, og mange av merka ein ofte finn innanfor Gorpcore-stilen er svært populære, slik som Arc’teryx, Norrøna og Patagonia, seier ho. 

Uttrykket er ukjent blant studentane
FORNØGDE. NHHI Friluft er fornøgde med at turklede har blitt trendy. FOTO: Tekla Vollen

Trass i at mange har slengt seg på gorpcore-trenden, er det likevel eit omgrep ikkje mange har høyrt om før. 

Aurora Simonsen (23) og Åsne Meltvik (19) studerer samanliknande politikk på Universitetet i Bergen (UiB) og er blant dei som ikkje hadde høyrt dette uttrykket før. 

Sjølv er dei ikkje kledd i turklede på lesesalen i dag. 

– Åja, har denne stilen eit namn? spør jentene og ler. 

Dei er einige om at det er kult, men også ein svært dyr trend.

– Eg skulle ynskje eg kunne gå sånn, men eg føler ikkje eg kan bruke pengar på det, seier Meltvik. 

Simonsen meiner at det som før var ein enkel og jordnær stil no har blitt vanskeleg å gå med grunna prisen. 

– Det er vorte eit statussymbol, seier Simonsen.

Meltvik trur at stilen er blitt populær fordi ein vil prøve å gjere funksjonelle klede populære. Ho meiner at det ikkje var like kult å gå med slike klede før. 

– Denne stilen må vere 100 prosent gjennomført for at det skal sjå bra ut, meiner Meltvik

Simonsen samanliknar trenden med å late som om ein er noko ein eigentleg ikkje er. 

– Stilen handlar om at du ikkje skal sjå ut som at du prøver, men det gjer du jo.

Meltvik seier seg einig. Ho synast stilen ser veldig jordnær og enkel ut og er imponert over kor bra mange meistrar trenden. 

– Det ser skikkeleg bra ut! seier Meltvik. 

Powered by Labrador CMS