– Grønvaskinga kjøper me ikkje

Ei tre år gammal avtale mellom UiB og Equinor vart aktuell igjen då det vart påpeika at avtalen krev at universitetet omtalar samarbeidet positivt i media. Venstrealliansen er sterkt kritisk.

KRITISK. Påtroppande listeleiar for Venstrealliansen, Martin Lage Hådem (24), er sterkt kritisk til det som har kome fram om avtala.
Publisert Sist oppdatert

Akademia-avtala

  • Ifølgje avtala kan UiB motta opp til 70 millionar kr i løpet av fem år for å stimulera forsking og utdanning innan område som er strategisk viktige for både UiB og Equinor.
  • Totalt er det fire universitet og éin høgskule som har inngått ein slik avtale med Equinor. Med unntak av NTNU har samtlege av utdanningsinstitusjonane som har inngått avtale ein liknande formulering om positiv omtale i media.
  • Avtala vart signert desember 2018 og varar i fem år.
  • UiB hadde ei liknande Akademia-avtale med dåverande Statoil frå 2014. 

Kjelder: khrono.no og uib.no

Akademia-avtalen er ei avtale Equinor har inngått med fleire norske universitet, mellom anna Universitetet i Bergen (UiB), inneheld eit punkt som krev at utdanningsinstitusjonen skal «arbeide aktivt for å gi positiv omtale av arbeidet».

Saka har vorte omtala av Khrono fleire gonger

No reagerer påtroppande listeleiar for Venstrealliansen, Martin Lage Hådem (24), sterkt på den nye informasjonen om avtala.

– Eg vart sjokkert då eg leste det, seier han.

Avtala krev også at Equinor vert varsla om potensielle pressekonferansar og sakar i pressa som omhandlar samarbeidet. Dette vart påpeika i ein tweet frå Sustainabilty Lab ved Universitetet i Oslo.

Var ikkje klar over punktet om positiv omtale

Hådem er klar på kva han synest om formuleringa om positiv omtale.

– Det er djupt problematisk at det står ein slik klausul i ein avtale med universitetet. Det trur eg rektor er einig i, meiner han.

Rektor Margareth Hagen uttala at ho ikkje var klar over dette punktet i avtala då Khrono konfronterte ho med det. Det meiner Hådem er kritikkverdig.

– Dersom dette ikkje stemmer er det ei fråskriving av ansvar. Dersom det stemmer at ho ikkje var klar over dette er det óg kritikkverdig. Det er viktig at universitetet er bevisste på kva avtalar dei skriv under på og kva dei inneber.

– Oljeavtale

Venstrealliansen har vore imot avtala òg før punktet om positiv omtale vart kjend. Hådem fryktar avtala kan stogge UiB i å uttale seg kritisk til oljeindustrien.

– Heile avtala er bygd på feil grunnlag. Ho er utforma som ei oljeavtale som støttar opp under oljesektoren, og bidreg på ingen måte til god klimaforsking og set ein stoppar for UiB sitt løfte om å vere klimanøytrale innan 2030.

Hådem viser til ein resolusjon av Studentparlamentet ved UiB som uttalar at Akademia-avtala ikkje må inngåast dersom UiB ikkje kan garantere at avtala totalt sett bidreg til berekraftig utvikling.

– Det er mange studentar som ikkje ønsker denne avtala, seier han.

OLJEAVTALE. Hådem omtalar avtala som ei oljeavtale og meiner ho er i konflikt med UiB sitt mål om å vere klimanøytrale innan 2030.

Han er ikkje nøgd med å stryke formuleringa frå avtala.

– Det held ikkje. Sei ho opp. No må me få olja ut av akademia.

Skal endrast

Rektor Margareth Hagen bekreftar at ho leia arbeidet med avtala medan ho var prorektor.

– Ja, eg leia arbeidet med avtala si tematiske innretning, seier ho.

Fekk du lese avtala i si endelege form før ho vart signert?

– Det kan eg ikkje hugse. Eg kan vertfall ikkje hugse å ha sett dette punktet om positiv omtale.

Ho meiner det omtalte punktet ikkje har påverka arbeid som er støtta gjennom avtala, og bekreftar at det vil verte fjerna.

Hådem er kritisk til at du ikkje var klar over denne formuleringa, og meiner universitetet må vere bevisste på kva dei skriv under på. 

– Det stemmer at eg ikkje var klar over dette punktet i avtala. Eg er einig i at me som universitetsleiing burde ha oppdaga dette. Dette er eit læringspunkt for oss, og me vil i framtida sikre at det ikkje finst slike bindingspunkt som dette.

Skal bidra til omstilling
LÆRING. Hagen seier dei vil sikre at dei ikkje finst liknande punkt i framtidige avtalar. Arkivfoto: Andrea Olsen

Rektor Hagen er ikkje einig i at avtala set ein stoppar for UiB sitt mål om å vere klimanøytrale innan 2030, men meiner derimot at ho bidreg til omstilling.

– Gjennom UiB sine bidrag vil denne avtala hjelpe Equinor i arbeidet med ei kunnskapsbasert omstilling. Våre bidrag er teknologi, kompetanse og klimakunnskap som kan nyttas inn mot løysingar som havvind og karbonlagring.

Ho seier òg at dei tok høgde for resolusjonen i Studentparlamentet under arbeidet med avtala.

– Samarbeid som dette framskundar den grøne omstillinga.

Hagen vil ikkje seie opp avtala, og viser til at mesteparten av midlane allereie er delt ut. Ho legg til at ho er glad for at dette vart oppdaga, slik at dei fekk fjerna det punktet i avtala.

– Og dersom me skulle inngå ei ny avtale etter denne ville eg lagt ei sterkare føring mot grøn omstilling inn i den eventuelle avtala.

Må fortsette å vere kritiske

Leiar i Studentparlamentet ved UiB, Thomas Helland-Hansen, seier holdninga deira til Akademia-avtalen er den same i dag som uttrykt i resolusjonen frå 2018, men legg til at dei tykkjer det er veldig uheldig at avtala inneheld eit punkt om positiv omtale.

– Det burde ikkje gå inn i ei slik avtale at ein må omtale samarbeidet positivt.

Han seier dei er nøgde med at setninga skal fjernast.

Så det er tilstrekkeleg å fjerne det punktet?

– Tilstrekkeleg og tilstrekkeleg. Me må sjølvklart fortsette å vere kristiske til denne og framtidige avtalar og sikre at dei er berekraftige, så me kjem til å følge dei tett. Men at den setninga fjernast no er me nøgde med, seier han.

NØGD. Hansen er nøgd med at setninga vert fjerna frå avtala, og seier dei vil følgje avtala tett. Pressefoto: Henriette Frøysland Thorkildsen
Powered by Labrador CMS