Her er Høgskulen på Vestlandet blant landets verste

Studentane veit ikkje kor dei skal henvende seg dersom dei blir utsatte for seksuell trakassering. Leiinga skuldar på samanslåinga for to år sidan.

INGENTING: Therese Dyngeland og Rigmor Farestveit har ikkje høyrt noko om varslingssystem for seksuell trakassering på HVL.
Publisert Sist oppdatert

Studiebarometeret

  • Kartlegger kor fornøgde norske studentar er med utdanninga si.
  • For aller første gong inneheld spørjeundersøkinga spørsmål om varslingssystem for seksuell trakassering.
  • Undersøkinga blir sendt ut til alle studentar som er i tredje semesteret på både bachelor- og masternivå.
  • For 2018 svarte om lag 31 000 studentar på undersøkinga, og dette svarar til ein svarprosent på om lag 48 prosent.

Kilde: Nokut

I februar kom dei slåande tala om at meir enn 70 prosent av norske studentar ikkje veit kor dei skal henvende seg om dei blir seksuelt trakassert. Norsk studentorganisasjon (NSO) sendte då straks ut ei pressemelding der dei omtalte tala som «skremmende» og «katastrofalt».

Endå verre står det til hjå Høgskulen på Vestlandet (HVL): 81 prosent av studentane ved høgskulen veit ikkje kor dei skal henvende seg.

– Vi har aldri snakka om dette i det heile tatt, seier vernepleierstudent Rigmor Farestveit. På det eine året ho har gått på HVL har ho ikkje høyrt noko om dette frå skulen, fortel ho til Studvest.

NHH i topp, HVL i botn

 Dei fleste studentar i Bergen ser ut til å ha fått relativt god informasjon om kor dei skal henvende seg i ein slik situasjon. Øvst i byen tronar Norges Handelshøyskole (NHH), og på landsbasis er også NHH blant dei som kjem aller best ut.

Universitetet i Bergen (UiB) ligg litt lenger nede, men ligg også godt over dei fleste i Noreg.

I motsatt ende av skalaen ligg ein annan Bergensskule. På alle dei tre kategoriane i grafikken over ligg HVL nest nederst på lista av utdanningsstadane i Norge, kun «slått» av Fjellhaug Internasjonale Høgskule og Arkitektur og design-høskolen i Oslo på ulike område.

– Kritikkverdig

Læringsmiljø- og organisasjonsansvarlig ved Studenttinget på Vestlandet, Ingeborg Qatarina Fossdal Høimyr, seier at det ikkje er greit at studentane ikkje veit kor dei skal melde frå om seksuell trakassering.

– Vi har hatt eit varslingssystem som ikkje har vore optimalt, uttaler ho.

Ho fortel at det fins eit Sei ifrå-system på nettsida til HVL, og at Studenttinget prøver å kommunisere det ut til studentane.

– Korleis kommuniserer de dette ut til studentane?

– Det har vi ikkje begynt med enda. Men vi vil gjerne ha ein knapp inn på Canvas.

SEI IFRÅ: Slik ser knappen der ein kan varsle om blant anna trakassering ut. For å finne den må ein trykka seg inn på HVL.no, klikke på fana «For studentar» og bla heilt ned på sida. FOTO: Skjermdump

Høimyr fortel vidare at på grunn av fusjonen er det mykje som har måtta kome på plass, og at varslingssystemet for seksuell trakassering dessverre er noko av det som har tatt lengst tid.

På spørsmålet om det er kritikkverdig at det er så få studentar som veit kor dei skal melde frå, uttaler ho likevel:

– Eg vil seie at det er kritikkverdig fordi studentane ikkje veit kor dei skal melde frå. No har det gått to år sidan vi fusjonerte og dette er ein viktig sak som burde prioriterast.

– Er dette leiinga til HVL sitt ansvar?

– Det er eit maskineri der det er mange som er involvert, men alt som skjer her står leiinga til ansvar for.

Leiinga skuldar på fusjon

– Dette er tal som vi har tatt på høgaste alvor. Det stadfestar også noko vi var litt redde for, seier kvalitetskoordinator ved HVL, Lene Borgen Waage.

Ingeborg Qatarina Fossdal Høimyr meiner det er kritikkverdig at studentane ikkje veit kor dei skal melde i frå om seksuell trakassering. FOTO: Ragnhild Mulholland Ylvisaker/HVL.

Ho meiner forklaringa ligg i fusjonen der tre ulike høgskular i 2017 slo seg saman til å bli HVL.

– Informasjonsflyt når ein er i ein fusjon er ei utfordring. Hadde ein spurt dei tre nærregionane rett før fusjonen, så hadde ein nok fått ein mykje høgare prosentandel.

I løpet av vårsemesteret har leiinga planlagt ei kampanjeveke for Sei ifrå-systemet, i samarbeid med studentane. Målsettinga med denne veka er klar:

– Etter veka skal alle studentane ved HVL kjenne til Sei ifrå, som inkluderer læringsmiljø, undervisning, utdanningskvalitet, men også kritikkverdige forhold som seksuell trakassering.

–  Vi skal jobbe tett med fadderveka. Faddergruppa er ein fin måte å få ut informasjon på. Vi skal ha dialog med fadrane og sørge for at også dei nye studentane som kjem får informasjon.

– Dårleg infomasjon

Vernepleiestudentane Rigmor Farestveit og Therese Dyngeland kan enkelt konkludere med at dei aldri har fått noko informasjon om varslingssystemer ved skulen.

– Det burde stått noko på nettsida, eller hengt opp plakatar utanfor klasseromma eller på toalettet. Ein plass der alle går, seier Dyngeland.

– Det viktigaste er at det fins tilgjengeleg informasjon, uttaler Farestveit.

Grunnskolelærarstudentane Johanne Tjølsen og Sunniva Hoddevik er einig.

– Vi treng ikkje eit seminar om det, men vi treng at det er meir tilgjengeleg informasjon. Det har vore dårleg informasjon til no, seier Tjølsen, som går tredje året på HVL og aldri har høyrt noko om korleis ein varslar for seksuell trakassering.

Hoddevik er einig, og foreslår ei enkel løysing:

– Hadde det vore ein knapp på heimesida til HVL hadde det vore mykje meir tilgjengeleg og lett å finne.

VEIT IKKJE: Therese Dyngeland og Rigmor Farestveit rista berre forvirra på hovudet når Studvest spurte om dei visste kor dei skulle henvende seg ved seksuell trakassering.

Waage seier det er lett å vere etterpåklok, men at plakatar er planlagt, og at ein meir synleg knapp nettsidene er like rundt hjørnet.

– Det kjem til å skje, fastslår ho.

Powered by Labrador CMS