I Oslo må studentane no betale for psykolog

– Me må unngå at studentar som treng hjelp ikkje tar kontakt på grunn av ein trang økonomi, seier direktør i Sammen.

LAVTERSKEL. Sammen si psykiske helseteneste skal vere eit lavterskeltilbod. Arkivfoto: Toril Sunde Apelthun
Publisert Sist oppdatert

Like før jul bestemte Velferdstinget i Oslo og Akershus og styret i Studentsamskipnaden SiO at ein no skal innføre eit prøveprosjekt på å betale ein eigenandel til psykologtenesta. Dette gjeld for studentar i Oslo og omegn.

VARIERT: Hege Råkil fortel at det viktigaste er at studentane har gode, tilgjengelege og differansierte tilbod. Arkivfoto: Cecilie Bannow

I følgje Universitas må studentane betale ein eigenandel på 100 kroner per time. Dette vil gjelde dei tre første timane, ettersom det er ein makspris på 300 kroner i året. Dei opplysar også om at den første vurderingstimen vil vere gratis.

I Bergen er det per no gratis å nytte seg av Sammen sine psykologtenester for alle som har betalt semesteravgift. Direktør i Sammen Råd & Helse, Hege Råkil, skriv i ein mail til Studvest at det ikkje føreligg nokre planar om å innføre eigenandel i Bergen.

– Me har ikkje eigenandel fordi me har vurdert det som viktig at terskelen for å søke hjelp er låg. Samstundes legg me vekt på å ha eit variert tilbod innan psykisk helse, som treff studentane sine ulike behov best mogeleg.

– Uheldig

Leiar i Velferdstinget Vest, Anette Arneberg, er redd for at innføringa av eigenandelen kan vere uheldig for studentane på Østlandet.

– Poenget med at det er gratis er fordi det skal vere eit lavterskeltilbod. Med tanke på tala frå SHoT-undersøkinga synes eg det bør vere meir lavterskel enn å auke terskelen. Og eg trur at det å betale ein eigenandel vil auke terskelen.

Råkil i Sammen trur ikkje at ein eigenandel på det nivået som SiO har innført, vil hindre at studentar med behov for hjelp vel å ikkje ta kontakt.

SPENT. Anette Arneberg, leiar i Velferdstinget Vest, er spent på å sjå om innføring av eigenandel er til det betre eller det verre. Arkivfoto: Kristin Eidsheim

– Men prinsipielt, og ved større beløp, kan innføring av ein eigenandel gi ein risiko for at studentar som treng hjelp, blir hindra i å bruke tenestane.

Studentane sitt beste

På spørsmålet om denne eigenandelen er til studentane sitt beste, svarar leiar i Velferdstinget Oslo og Akershus, Gard Løken Frøvoll, følgjande til Universitas:

–⁠ Det handlar om at enkelte tilbod som har eigenandel fører til at ein får betre relasjon mellom behandlar og pasient. Viss ein betaler kan ein føle seg meir knyta til behandlinga, som kan auke behandlinga sin kvalitet.

Arneberg i Velferdstinget Vest håpar likevel at dette kan gi eit betre tilbod til dei studentane som vel å nytte seg av det.

– Det beste for studentane hadde vore dersom dette fører til at tilbodet blir betre, men det kan potensielt gå ut over dei studentane som har få konsultasjonar.

Powered by Labrador CMS