Ikkje nøgde med nynorsktilbodet på studiestadane

Det er ei lovpålagt rett å få eksamenstekstar ved høgare utdanningsinstitusjonar på eige skriftsspråk. Trass i dette, ropar fleire nynorskbrukarar om manglar på eksamensoppgåver på nynorsk.

ORDBØKER: Vert nynorsken undertrykt på studiestadane? FOTO: Truls Skram Lerø
Publisert Sist oppdatert

Utdrag frå eksamensoppgåve hausten 2020

  • Nynorsk: På ein restaurant viser det seg at matsetelen berre er på kinesisk, utan nokre bilete til, og ikkje nokre av oppvartarane kan engelsk. Me går i oppgåva ut frå at du og venen din ikkje kan kinesisk. De ynskjer å tinga to matrettar og to drykkar og set de føre å berre velja ut på måfå fire tilfeldige ting frå matsetelen.
    [Utheva ord er ikkje korrekt nynorsk. I tillegg reagerer studenten på ordet «matsetel», som ikkje er mykje i bruk].
  • Bokmål: På en restaurant viser det seg at menyen kun er på kinesisk, uten noen bilder til, og ingen av servitørene kan engelsk. Vi antar i oppgaven at du og din venn kan ikke kinesisk. Dere ønsker å bestille to matretter og to drikker og bestemmer dere å bare velge ut på måfå fire tilfeldige ting fra menyen.

Kilde: HVL

Paragraf 2 i Forskrifta om målform fortel at eksamenskandidaten skal få velje eksamenstekst på nynorsk eller bokmål etter ynskje. Difor vert hovudregelen at eksamensoppgåvene skal liggje føre i begge målformer. 

Maria Flatjord Gjelsvik (22) kjenner seg fortvila over kvaliteten på nynorsken som Høgskulen på Vestlandet (HVL) brukar ved eksamenstekstane sine. Ho er på sitt fjerde år på grunnskulelærarutdanninga 5.-10. klasse.  

Gjelsvik kan peike på fleire tilfelle der nynorskversjonen av eksamensoppgåva hennar ikkje har vore like god som på bokmål (sjå faktaboks).

– Det har vore fleire av dei som har vore skrive på så dårleg nynorsk at eg vurderte å lese på bokmål for å kunne forstå situasjonen som vart skildra. 

Føreslår evalueringsskjema

Gjelsvik meiner det blir urettferdig dersom ho må gjere seg nøydd til å lese eksamenstekstane på bokmål. Ho er trass alt godt kjent med retten ho har til å få oppgåva servert på nynorsk. 

Studenten har hatt nynorsk som hovudmål frå byrjinga og tviheld på målforma. Dette gjer ho til trass for at ho opplev at mesteparten av undervisning, tekstar frå pensum og dokument frå lærarar ofte kjem på bokmål.  

Gjelsvik ser føre seg at eit evalureringskjema i etterkant av eksamen kunne fungert som eit tiltak. Med dette tenkjer ho at studentane vil få moglegheit til å gje tilbakemeldingar kring eksamensforma, språket, nynorsken og formuleringar generelt på oppgåvetekstane. 

Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved HVL skriv i ein e-post til Studvest at reglementet kring målform er strengt, og at høgskulen har strenge rutinar for utforming av eksamensoppgåver. 

– Vi er lei for at studenten har hatt ei dårleg oppleving med nynorsk språk på eksamen og oppfordrar henne gjerne til å kontakte oss slik at vi får tak på våre forbetringspunkt. Så skal vi sjå på kva tiltak vi må setje i verk for å førebyggje liknande hendingar.

Kjent problematikk hjå Norsk målungdom

– Ein føler jo at språket blir nedprioritert. Når det handlar om noko så enkelt som å setje om ei oppgåve til nynorsk og dette blir brote år etter år, så kjenner ein jo seg nedprioritert, fortel Rasmus Tennø Loe (20).  

Loe er kjemistudent ved Universitetet i Bergen (UiB), samstundes som han sit i sentralstyret i Norsk Målungdom. Han har òg nynorsk som hovudmål. 

Kvart år høyrer Norsk målungdom frå ei rekkje studentar som anten ikkje har fått eksamensteksten sin på nynorsk eller som melder frå om dårlege formuleringar.

Organisasjonen har ein klageportal på nettsida kor studentar kan melde frå om manglar, og tilbyr å gjennomføre klageprosessen til utdanningsinstitusjonane. Vidare tek Norsk målungdom kontakt med gjeldande utdanningsinstitusjonar for å påpeike manglane.

MATNAT: Rasmus Tennø Loe er både kjemistudent og sentralstyre medlem i Norsk Målungdom. FOTO: Frøya Lofthus

I 2022 fekk dei inn 22 klagar frå heile landet, men fryktar høge mørketal.  

UiB tek situasjonen på alvor

Loe påpeiker korleis det ikkje nødvendigvis handlar om forståing av kva eksamensoppgåva ber deg om å gjere, men heller synleggjering av det språket som faktisk er sitt. 

Kjemistudenten har òg opplevd sjølv å ikkje få eksamensoppgåva si på nynorsk. Dette medførte til at han valde å nytte klageportalen til Norsk Målungdom. 

– Ein blir jo på ein måte berre oppgitt over at dei ikkje har gjort det dei er plikta til – noko som er så enkelt.

Pinar Heggernes, prorektor for utdanning ved UiB, skriv til Studvest at universitetet kan forsikra studenten om at dei tek situasjonen på alvor og at språkleg mangfald er ein viktig verdi for dei.

– Me vil gjera alt me kan for å sikra at både han og andre studentar får tilbod om eksamen på nynorsk i dette faget ved neste moglege høve. Me vil òg sjå nærare på rutinane våre for å unngå liknande feil i framtida.

Powered by Labrador CMS