Nyhet

Kan bli dyrare buss og fleire kontrollar frå neste år

Fylkesrådmannen i Hordaland foreslår høgare pris på studentbillett og nær dobbelt så mykje penger på billettkontrollar.

AUKAR. I dag kostar ein enkeltbillett på buss eller bybane 37 kroner. I budsjettforslaget for 2019 aukar prisen med éi krone. ARKIVFOTO: TORIL SUNDE APELTHUN.
Publisert Sist oppdatert

I dag må studentar ut med 485 kroner for eit månadskort. Fylkesrådmannen i Hordaland har no lagt fram budsjettforslaget for 2019. Der blir det foreslått å auke prisen til 500 kroner.

Også prisen for enkeltbillettar vil bli dyrare: 38 kroner mot dagens 37 kroner.

Fylkesdirektør for samferdsel, Håkon Rasmussen, fortel i ein tekstmelding til Studvest at fylkeskommunen har ein dryg milliard i inntekter frå kollektivtrafikk i året.

– Dersom ein ikkje indeksregulerer billettprisane så vil verdien bli redusert kvart år. Det er lite økonomisk berekraftig.

– Dårleg prioritering

I budsjettforslaget står det vidare at fylkeskommunen no vil bruke sju millionar kroner meir på å gjennomføre billettkontrollar. Pressekontakt Camilla Lundberg Berntzen fortel til BA at dagens budsjett for billettkontrollar er på åtte millionar kroner. Vert det nye budsjettforslaget realitet vil dei bruke nær dobbelt så mykje på kontrollar.

Dette vil resultere i fleire billettkontrollar for at brukarane skal måtte kjøpe billett. Fylkeskommunen reknar med å få høgare inntektsstraum i form av kjøpte billettar i løpet av 2019.

– Vi er avhengige av billettinntekter for å kunne gi eit godt tilbod, skriv Rasmussen.

Det vil imidlertidig ikkje bli fleire avgangar på bussrutene, ifølgje BA.

Leiar for Arbeidsutvalget ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Bjørn Olav Østeby, meiner at nesten doblinga av budsjettet til billettkontrollar er feil prioritering i forhold til det fylkeskommunen vil oppnå.

Bjørn Olav Østeby, leder av Studenttinget på Vestlandet. ARKIVFOTO: JULIE HELENE GÜNTHER.

– Viss prisane hadde vore rimelege så hadde vi ikkje trengt å bruke pengar på å ha kontrollar. Då hadde folk kjøpt billettane. Det er dårleg prioritering, meiner han.

Han trur satsing på større kapasitet, fleire avgangar og betre prisar heller er vegen å gå for Skyss.

– Viss fylkeskommunen meiner at fleire skal nytte kollektiv transport så må dei tilpasse seg brukarane. Veldig mange er studentar og det bør bli lagt til rette for dei.

Han meiner at fylkeskommunen burde halde seg på same nivå som vi har hatt tidlegare, og at det bør vere eit minimumskrav.

– Det blir fort veldig dyrt å betale 500 kroner i busskort når ein ikkje får meir enn 8000 kroner i studiestøtte, seier Østeby.

Mange studentar snik

Ei undersøking frå 2017, gjennomført av Sentio på oppdrag for blant anna Studvest, visar at fleire studentar snik på bussen. Sju prosent oppgir at dei alltid eller nesten alltid går på bussen eller bybanen utan å kjøpe billett.

Blant dei fleste av Bergens studiestader skilte BI seg ut med å snike dobbelt så mykje som gjennomsnittet av studentane. Den gong svarte 39 prosent av BI-studentane at dei alltid kjøpte billett på buss og bybane.

Sals- og marknadssjef i Skyss, Hanne Alver Krum, uttalte då at ho vart overraska over det høge talet på studentar som sneik på kollektivtrafikken. Men ein gjennomgang av deira gebyrer frå 2015 viste at nær 75 prosent av alle som vart tatt for sniking på bussen var under 30 år. 

– Vi må skjerpe oss

For mange av Bergens studentar er det nødvendig å ta buss i kvardagen. Nokre studiestader ligg utanfor sentrum, og studentane er difor avhengig av å kome seg rundt med kollektiv transport.

Østeby synest det er dumt med tanke på alle studentane som er avhengige av buss eller bybane.

– Eg synest det er synd om studentar blir hindra frå å delta i sosiale aktivitetar som følgje av prisane. Hordaland fylkeskommune må ta ansvar for at prisane ikkje skal auke.

Fylkesdirektør for samferdsel, Håkon Rasmussen, svarar at dersom billettprisane skal setjast vesentleg ned så må det kome ny og anna finansiering på plass.

– Faglitteratur viser at det heller er regulariteten og frekvensen på tilbodet som er viktigare enn prisen, seier Rasmussen.

Østeby derimot seier at ei auking på 15 kroner er dumt med tanke på at Hordaland allereie har nokre av dei høgaste kollektivprisane for studentar i landet. Han samanliknar Hordaland fylkeskommune (HFK) med Rogaland fylkeskommune (RFK) der ein periodebillett med busselskapet Kolumbus kostar 360 kroner for ein student.

– Eg er skuffa over at Hordaland er så mykje dårlegare enn Rogaland. Når vi ser ei så betydeleg ulikskap så må vi skjerpe oss og levere betre prisar, seier han.

Rasmussen forsvarer dette ved å dra fram det vesentleg betre tilbodet på den kollektive trafikken i Bergensområdet.

– Det kostar å drifte eit stort tilbod. Hadde vi auka produksjonen så ville det igjen gitt auka kostnadar, seier han.

Powered by Labrador CMS