Ein vellukka piknik i Bergen Kunsthall

Vald i nære relasjonar, eventyr, heksekunst, gjenbruk og eksperimentering med fontena i Lille Lungegårdsvannet. Hit bør alle ta turen for å oppleva samtidskunst i all sin prakt.

MASTERUTSTILLING. Selina Rosenborg formidlar vald i nære relasjonar i hennar installasjon på Masterutstillinga på Bergen Kunsthall.
MASTERUTSTILLING. Selina Rosenborg formidlar vald i nære relasjonar i hennar installasjon på Masterutstillinga på Bergen Kunsthall.
Publisert Sist oppdatert

Masterutstilling institutt for samtidskunst – KMD

Tittel: Picnic

Åpen: 8. april til 8. mai

Hvor: Bergen Kunsthall

Studentpris: 25 kroner

Kurator: Randi Grov Berger

Kunstnere: Sasha Azanova, Iris Bengtsson, Malin Arnedotter Bengtsson, Trude Berg, Charlotte Besuijen, Marte Dahl, Jason Dunne, Lars Morten Elstad Rehnlund, Matias Grøttum, Runa Halleraker, Eleni Ieremia, Simone Jarvis, Ji Jia, Siavash Kheirkhah, Håvard Kranstad, Fredrik Landevåg, Kari Ann Lending Kleiveland, Solveig Lien Granberg, Jara Marken, Oda Monslaup Ese, Sonja Ovaskainen, Hanna Pherson, Renate Prokopcika, Peppi Reenkola, Selina Rosenborg, Julie Schie Olsen, Al Spence.

Karakter: B

Bergen Kunsthall er vertskap for masterutstillinga til Kunstakademiet – institutt for samtidskunst ved Fakultet for kunst, musikk og design på Universitet i Bergen (UiB).

Utstillinga viser avgangsklassen sine masterprosjekt i overgangen frå kunststudent til kunstnar. Denne overgangen går igjen i temaet for utstillinga, som er Picnic.

Picnic markerer overgangen frå vinter til vår. Med våren kjem mildare vêr og vi trekk oss ut for å nyte den blomstrande naturen i godt selskap. Gjerne i form av ein piknik.

27 kunststudentar frå elleve land kjempar om merksemda vår i ei storslått utstilling. Utstillinga har eit stort mangfald av uttrykksmåtar med måleri, romlege installasjonar, skulptur, lydverk, fotografi og fleire performancer for å nemne nokon.

Eksperimentering med merksemda vår
PERFORMANCE. Det er fleire performancer med i årets utstilling. Her er kulissene til ei av dei.
PERFORMANCE. Det er fleire performancer med i årets utstilling. Her er kulissene til ei av dei.

Nokre av installasjonane frå utstillinga er utanfor Kunsthallen.

Ji Jia sin installasjon Trigger er lokalisert ute i fontena i Lille Lungegårdsvann. I tidsrommet 19.april til 8.mai vil fontena vere av om dagen og på om natta.

Dette er motsett av slik den er normalt. Den slår seg på klokka ni om kvelden og av halv fem om natta. Dette er ei spanande installasjon som nettopp kan trigge.

Installasjonar som tek i bruk allereie eksisterande strukturar på denne måten er spanande. Eg er nysgjerrig på kor mange som kjem til å leggje merke til forandringen og då er oppmerksom på omgjevnadene sine.

Eg hadde kanskje ikkje lagt merkje til det om eg ikkje hadde visst om det.

Vald i heimen

Selina Rosenborg formidla vald i nære relasjonar gjennom The Talk. Dette gjer ho på ein treffande uhyggeleg og tydeleg måte.

Verket består av to dyr, tilsynelatande ei kanin og ein dinosaur. På kroppane deira er det skreve sitat som «if you don’t leave him now don’t call for help later» og «this was the last time I promise».

Det gjer meg grøsningar.

TREFFANDE. Selina Rosenborg si framstilling av vald i heimen er treffande uhyggjeleg.
TREFFANDE. Selina Rosenborg si framstilling av vald i heimen er treffande uhyggjeleg.

Gjennom verket invitera Rosenborg til samtale om eit vanskeleg tema som det er viktig å setje lys på.

Heksekunst og magi

Det siste året har det vakse fram ei beveging på Sosiale Medier som er opptekne av folklore og heksekunster. Dette speglar seg også i utstillinga.

Malin Arnedotter Bengtsson si konstruksjon fangar blikket. Den grøne og gule sirkelen, Månen, heng på veggen og fylgjer med på oss.

Hennar interesse for heksekunst, magi og folklore kjem til uttrykk gjennom digitale programmeringar.

Månen trollbinder. Eg kunne fulgt med på den i timesvis.

Gjenbruk

Gjenbruk har vore stadig meir populært dei siste åra. Vi handlar meir brukt og det er generelt eit auka fokus på temaet. Dette visar seg også i kunsten.

MÅNEN. Malin Arnedotter Bengtsson si interesse for heksekunst, magi og folklore kjem til uttrykk gjennom verket hennar.
MÅNEN. Malin Arnedotter Bengtsson si interesse for heksekunst, magi og folklore kjem til uttrykk gjennom verket hennar.

Sonja Ovaskainen har brukt gjenbrukstekstil i Merenkehto (The cradle of the ocean).

Gjennom skulpturen manifestera ho helbredelse.

Ho ynskjer å oppnå ei interaksjon mellom publikum og skapningen og invitera oss til å setje oss ned og bli kjend med skapningen hennar.

Også kan vi få feste ein bit med hår på hovudet.

Skapningen og den øvrige installasjonen hennar opplevast som ein fristad der ein kan kvitte seg med som dreg ein ned.

Overveldande

Utstillinga er stor med heile 27 individuelle kunstnarar. Dette gjer at det er mange inntrykk å ta inn på ei og same tid.

Med piknik som tema observera eg at fleire av kunstnarane har henta mange element frå dei vårlege omgjevnadene våre. Dette kjem til uttrykk gjennom fargar, organiske former og figurar, og innspel frå naturen.

HELBREDELSE. Sonja Ovaskainen invitera oss til å bli kjend med skapningen og ynskjer at vi skal feste eit hår på hovudet hennar.
HELBREDELSE. Sonja Ovaskainen invitera oss til å bli kjend med skapningen og ynskjer at vi skal feste eit hår på hovudet hennar.

Temaet er til tider vanskeleg å oppfatte, noko som gjer at utstillinga kan til tider verke usamanhengande og vanskeleg å forstå. Med så mange forskjellige uttrykk har eg lett for å kjenne meg overvelda.

Slike utstillingar krev gjerne at eg besøkjer den fleire gonger slik at eg kan ta opp i meg alle inntrykka. Det gjer eg gjerne. Mange av verka er så vakre at eg kunne sett på dei lenge.

Dette er morgondagens kunstnarar som visar seg frå si beste side. Dette er samtidskunst i all sin prakt, men mangelen på ein tydeleg raud tråd trekkjer ned.

Utstillinga vurderast derfor til karakter B.

A: Kandidaten viser uvanleg stor evne til orginalitet og/eller gjennomføring.
B: Ei sterk innlevering. Manglar det lille ekstra.
C: Følgjer stort sett normane for ei komplett oppbygging. Kandidaten køyrer «safe».
D: Legger seg under gjennomsnittet, og problema trer sterkare fram.
E: Kandidaten har med det minimale for å få ståkarakter.
F: Stryk.

ORGANISK. Inspirasjon frå naturen kjem til uttrykk gjennom organiske former.
ORGANISK. Inspirasjon frå naturen kjem til uttrykk gjennom organiske former.
Powered by Labrador CMS