Kva gjer Studenttinget på HVL for deg som student?

Snart opnar Studentvalet på Høgskulen på Vestlandet. Finn ut kva Studenttinget har gjort og ønsker å gjere for deg som HVL-student.

GJENNOMSLAG. Arbeidsutvalet til Studenttinget på Vestlandet har fått til fleire gjennomslag sidan førre val. Frå venstre: Henrik Waage Tjore, Bettina Henriette Strand Vik og Anna Emilie Hagen.
Publisert Sist oppdatert

Mellom 4. og 11. november blir Studentvalet avhalde på Høgskulen på Vestlandet (HVL). Fram til 26. oktober kan alle studentar ved høgskulen stille som kandidat til val som tillitsvalt i Studenttinget på Vestlandet (STVL), og som instituttillitsvalte. Desse vil representere studentane si stemme i møte med høgskuleleiinga.

Studvest har snakka med dei tre medlemma i arbeidsutvalet til Studenttinget, som høyrer til på campus Bergen, for å høyre kva dei har fått gjennomslag for i den siste perioden og kva dei vil arbeide med vidare.

Sjå liste over gjennomslaga til STVL nedst i saka.

Fokus på digital undervisning

Arbeidet som tillitsvalt i år har vore prega av nedstenginga og overgongen til digital undervisning som følge av koronapandemien.

Fag- og forskningspolitisk ansvarleg i arbeidsutvalet Anna Emilie Hagen har hatt hovudansvar for å ha kontakt med leiinga under denne omstillinga.

– Forelesarane har fått opplæring i blant anna Zoom, men me får tilbakemeldingar om at det ikkje sitt like bra hos alle. I tillegg eksisterer det fleire digitale verktøy ein kan nytte i læringa for å auke kvaliteten.

DIGITALISERING. Fag- og forskingspolitisk ansvarleg i AU ved HVL Anna Emilie Hagen meiner digital undervisning vil vere nyttig framover – også når pandemien er over.

Vidare meiner Hagen at denne kompetansen ikkje berre vil vere nyttig under korona, men også vidare framover.

– Ein ser no at ein ikkje treng å sitte tre timar i ei forelesing for å lære noko. Det finnast andre måtar å organisere læring på.

Studentstyrt undervisning

Eit gjennomslag Studenttinget er fornøyd med sidan førre val er nye retningslinjer for obligatorisk undervisning. Slik skal undervisninga bli meir studentstyrt.

Leiar for AU Henrik Waage Tjore fortel at dei merka at enkelte forelesarar gjorde undervisninga obligatorisk då dei var redd studentane ikkje skulle møte til undervisninga.

Dei nye retningslinjene legg krav til at undervisninga skal innehalde element eller aktivitetar som studenten ikkje kan tileigne seg på eige hand, til dømes ved å lese pensum.

– Problemet er undervisninga dersom studentane ikkje møter opp. All forsking tyder på at læring skjer best gjennom undervisning der studenten tek aktiv del.

Stadig fleire møter med rektoratet

Studenttinget på Vestlandet er i januar fire år, og leiar Waage Tjore meiner den politiske innverknaden deira opp mot rektoratet har auka med åra.

– Me har fått langt fleire kontaktpunkt. Tidlegare møtte me rektoratet nokre få gonger i semesteret, men no har me møter kvar veke. Studentane får stemma si høyrt i alle forum ved høgskulen.

SAMLA. I bygget Kronstad 2 har studentane no berre eit rådgivningskontor å forhalde seg til. Slik var det ikkje tidlegare, og var ei sak Studenttinget fekk gjennom under planleggingsprosessen.

Waage Tjore føler absolutt at desse møta har betydning.

– Dei inviterer ikkje studentane berre for å invitere dei, men noterer seg faktisk kva me seier og tek innspel.

Fryktar færre kandidatar

Alle studentar ved HVL Bergen kan stille som kandidat til Studenttinget.

I fjor stilte 20 kandidatar til valet ved HVL Bergen, men Waage Tjore spår at det vil vere vanskelegare å rekruttere nye kandidatar i år.

– På grunn av korona har me ikkje fått gjennomført Gira-turen, som er vår største rekrutteringsarena kor ein blant anna blir kjent med Studenttinget, men me skal nok få til eit godt Studentting uansett.

Kvar kandidat styrer sin eigen valkamp. Når kandidatane har meldt seg opp til val skal dei svare på nokre spørsmål som blir nytta i ein valgomat. Slik kan veljarane finne ut kven av kandidatane dei er mest einige med.

Ønsker eksamensfri 18. mai

Eksamensfri 18. mai blei lova av styret ved Universitetet i Bergen (UiB) i 2018. Dette ønsker også Studenttinget på HVL å få vedtaksfesta.

– Mange studenter bur i sentrum der det pleier vere mykje bråk og støy 17. mai. Det skaper både eit dårleg arbeidsforhold og ein får dårleg opplading før eksamen, seier Waage Tjore.

Som eit tilleggsmoment trur Waage Tjore det er viktig at studentane har moglegheita til å vere med på feiringa.

STUDENTSTEMMEN. Leiar for arbeidsutvalet ved HVL Henrik Waage Tjore meiner Studenttinget har ei sterk stemme i møte med rektoratet.

Waage Tjore fortel at leiinga ved høgskulen for så vidt også ønsker å innføre eksamensfri 18. mai ved HVL, men at det er vanskeleg å organisera.

Gjennomslag sida førre val:
  • Korttilgang på alle campus til HVL for HVL-studentane uavhengig av kva campus ein er student ved.
  • Miljøstipend til HVL-studentar som ønsker å reise på utveksling via Erasmus.
  • Nye retningslinjer for obligatorisk undervisning som sett krav til at undervisninga inneheld informasjon eller aktivitetar, som studenten ikkje kan lese seg til sjølv, for å kvalifisere seg som obligatorisk.
  • Auka kapasiteten til studentdemokratiet og studentorganisasjonar på Studenthuset.
  • Kome med innspel rundt kva type digital undervisning høgskulen burde tilby under – og etter – koronapandemien.
  • Kom med innspel under planlegginga av det nye Kronstad 2-bygget, og fekk blant anna samla studenrådgivninga på ein stad.
Powered by Labrador CMS