Men ved eitt av fakulteta var det ingen kandidatar som stilte til val. Dermed er det fortsatt to ledige seter i Studenttinget på Vestlandet.

VAL. Her er dei nye faste representantane til Studenttinget på Vestlandet ved campus Bergen. Øvst frå venstre: Frida Husøy (FOTO: Privat), Benedicte Adelheid Jelstad (FOTO: Privat), Sebastian Wilhelmsen (FOTO: Privat), Vilde Amalie Myrvågnes Mork (FOTO: Privat), Magnus Røyset Stensbye (FOTO: Anders Landøy/BTS Foto), Noel-Sophie Schneider (FOTO: Privat), Lovise Vedvik (FOTO: Privat) og Helene Borgen Melve (FOTO: Privat).


Annonse
OSB Annonse

Studentvalet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) frå 4. til 11. november er over, og stemmene er talt opp.

Fra 1. januar 2021 vil det nye Studenttinget og dei instituttillitsvalde tre inn som representantar for studentane ved høgskulen.

Det er leiar for Studenttinget Henrik Waage Tjore veldig glad for.

For oversikt over nye representanter og tillitsvalte, sjå nederst i saka.

Ei noko amputert valveke

Tjore meiner studentpolitikken har vore viktig for å ivareta studentane si interesse, særleg under pandemien, og at det difor er viktig å ha kandidatar som kan vidareføre dette arbeidet.

Men sjølv om valet er gjennomført, har koronapandemien skapa fleire hinder for studentpolitikarane under kampanjen.

– Det har vore eit noko amputert val. Campus blei så og sei stengd ned to dagar inn i valveka, så det har vore vanskelegare å nå ut og engasjere studentane på grunn av pandemien, fortel Tjore.

SVÆRT NØGD. Tross mykje problemer med valveka for Studentvalet ved HVL knytt til koronapandemien, er leiar for Studenttinget og Arbeidsutvalet ved HVL veldig glad for at dei klarte å gjennomføre det. ARKIVFOTO: Jeffery Meijer.

Kampanjen blei flytta over på digitale plattformar, der innlegg og videoar blei delt for å skape merksemd rundt valet.

I tillegg til ei redusert valveke, blei Giraturen, der studentpolitikarar og tillitsvalte ved HVL sett av ei helg til å bli betre kjent og få opplæring i studentpolitikken, også avlyst på grunn av korona.

Helgeturen pleier å vere ein sentral arena for rekruttering av nye kandidatar til studentvalet.

To av ti plasser ledige

Til saman er det 20 faste representantar i Studenttinget. Ti av desse kjem frå region midt, altså Bergen, medan dei resterande ti plassane er fordelt likt mellom campusa i region nord, Førde og Sogndal, og region sør, Stord og Haugesund.

Men ettersom ingen studentar frå Fakultetet for økonomi og samfunssvitenskap (FØS) i Bergen stilte til val, er berre åtte av ti plasser fastsett etter valet.

– Me vil arbeide med å finne økonomi- og samfunnsstudentar som ønsker å ta desse plassane framover. I mellomtida vil to vararepresentantar få stille opp på møta i deira stad, seier Tjore.

Valoppslutninga halvert

I fjor stemte om lag 10 prosent av studentane ved Studentvalet ved HVL. I år er valoppslutninga på 5,3 prosent, altså ei halvering sida i fjor.

– Eg meiner ikkje at resultatet frå 2020 er representativt for studentengasjementet ved HVL, og forventar langt høgare oppslutning neste år, kommenterer Tjore.

Likevel er optimismen til stades hjå leiaren.

– No er eg berre glad for at me fekk gjennomført valet, slik at me har fått på plass representantar til både Studenttinget og instituttillitsvalte til Campusrådet på plass.

Første Studenttingsmøte skal bli halde i løpet av januar, eller tidleg februar.

På dette møtet skal representantane bli einige om eit nytt handlingsprogram, der dei bestem kva saker dei skal arbeide for det kommande året.

Her er dei nye representantane i Studenttinget frå Bergen:

Faste representantar

  • Helene Borgen Melve (FLKI)
  • Frida Husøy (FLKI) – ny representant i år
  • Vilde Amalie Myrvågnes Mork (FHS)
  • Noel-Sophie Schneider (FLKI)
  • Magnus Røyset Stensbye (FIN)
  • Lovise Vedvik (FHS)
  • Sebastian Wilhelmsen (FIN)
  • Benedicte Adelheid Jelstad (FLKI) – ny representant i år
  • Ledig plass (FØS)
  • Ledig plass (FØS)

Vararepresentantar

  1. Camilla Børhaug (FLKI)
  2. Thord Kvittingen (FIN) – ny representant i år
  3. Margrethe Lindberg (FHS) – ny representant i år
  4. Maria Rebnord (FHS) – ny representant i år
  5. Randa Bashar Kalaji (FIN)
Og dei instituttillitsvalte campus Bergen:
  • Hedda Vik Askeland valgt (Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag)
  • Camilla Børhaug (FLKI valgkrets D: Barnehagelærer og tilstøtende)
  • Thomas Søreid (Institutt for byggfag)
  • Camilla Lunde Colleuille (FLKI Valgkrest A: Grunnskolelærer og tilstøtende)
  • Magnus Korsnes Paulsen (Institutt for maskin- og marinfag)
  • Noel-Sophie Schneider (FLKI Valgkrest E: Tegnspråk og tolking)
  • Elise Aastorp (Institutt for økonomi og administrasjon)
  • Eshraq Hasan Amal Jwabra (FLKI Valgkrest C: Kreative fag)
  • Petter Hafskjær Dammen (FLKI Valgkrest B: Idrett og folkehelse)
  • Ingrid Østebø Olsen (FLKI Valgkrest B: Idrett og folkehelse)
  • Vegard Valen Lindtveit (Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag)
  • Patrick Rindarøy (Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag)

Kommentarer

kommentarer