Nyhet

– Lite demokratisk at det blir gjort slik

Studvest erfarer at fleire av kandidatane til Arbeidsutvalet vart bestemt før det i det heile tatt gjekk an å stille til val. Nyvalt leiar Sandra Amalie Lid Krumsvik tar avstand frå dette.

MEDLEM. Tori Heitmann Jørgensen har dette året vore AU-medlem. ARKIVFOTO: Silje Dahle
Publisert Sist oppdatert

Studvest presiserer: Etter publisering har Studvest blitt gjort oppmerksom på at Sosialdemokratisk liste ikkje kjenner seg igjen i utsegna i saka. Saka er no oppdatert med svar frå lista.

På måndag vart det valt inn eit nytt Arbeidsutval (AU) til Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UIB). No bekreftar fleire at det var avtalt på førehand.

Tori Heitmann Jørgensen har eitt år bak seg som AU-medlem, og valde å stille til gjenval no i år. Ho er tidlegare kandidat for Venstrealliansen (VA), som vann studentvalet i år og fekk fem mandatar i parlamentet. Jørgensen fekk ikkje nok stemmer til å sitje i AU eitt år til.

– Min opprinnelege plan var å stille som leiar, men eg fekk ganske tydeleg beskjed frå ein del andre som sat i parlamentet at nokon allereie har gått for ein allianse der Sandra Amalie Lid Krumsvik skulle vere leiar. Det vart laga bakgrunnsavtalar før folk i det heile tatt fekk stilt til val, meiner ho.

Blå liste bekreftar

I eit intervju gjort i forkant av AU-valet uttalte både Sosialdemokratisk liste (Sosdem) og Blå liste at dei hadde blitt einige om kven dei skulle stemme på som leiar og nestleiar.

Sosdem og Blå liste vart dei to nest største listene etter VA i studentvalet, med fire mandatar i Studentparlamentet kvar.

No bekreftar listeleiar i Blå liste, Håvard Rørtveit, at dei i forkant også hadde kome til einigheit om kven dei skulle stemme inn som AU-medlem. I tillegg gjekk dei saman med Liberal liste og Realistlista, som skulle sikre dei eit fleirtal. Det har Blå liste, Realistlista og Liberal liste bekrefta overfor Studvest.

– Me hadde eit mål om å få ei AU-samansetjing som me veit kan samarbeide godt og som er flinke, så då hadde me eit ynskje om Kristoffer Eik og Petter Steensnæs Morland som AU-medlem, i tillegg til Sandra Amalie Lid Krumsvik som leiar og Martine Jordana Baarholm som nestleiar, seier Rørtveit.

– Var dykk enige om kva de skulle stemme før det gjekk an å stille til val?

ENIGHET. Listeleiar Håvard Rørtveit bekreftar at dei gjekk saman med Sosialdemokratisk liste, Realistlista og Liberal liste om kven dei skulle stemme inn i AU.

– Ja, det var me. Me hadde aldri ein sikkerhet om at det skulle bli slik, og i teorien hadde me ikkje moglegheit for å sikre oss fire personar inn i AU, men me bestemte oss for dei fire kandidatane som våre lister kom til å støtte, før kandidatskjema kom ut. 

Dette kjenner listeleiar i Sosdem, Hanne Kjerstad Andresen, seg ikkje igjen i.

– Eg kan bekrefte at det har vore ein avtale om kven me vil ha som leiar og nestleiar i AU. Når det kjem til dei andre AU-medlemma har ikkje Sosdem hatt nokon avtale med dei andre listene. Eg kjenner meg ikkje igjen i det Håvard seier i at det har vore ein avtale om heile samansetjinga av AU, seier Andresen.

– Me har hatt ein intervjuprosess i Sosdem kor me har intervjua alle dei fire som stilte til val som AU-medlem. Av dei intervjua synes me utan tvil at det er Petter og Kristoffer som er best eigna. Me i Sosdem blei einige om dette, intervjua satt til grunn, uavhengig av andre lister.

Resultatet etter valet vart leiar Sandra Amalie Lid Krumsvik, nestleiar Martine Jordana Baarholm og AU-medlem Petter Steensnæs Morland og Kristoffer Eik. Dette meiner Jørgensen er problematisk.

– Det som er mest kritikkverdig er at ein i dette valet ikkje går etter kompetanse. Ingen hadde fått stilt til val før dei hadde bestemt kven dei ville ha i AU. Eg ser på det som problematisk og lite demokratisk at det blir gjort slik. Eg tenkjer på dei 15 prosentane som stemte ved studentvalet, kor dei fleste stemte for VA. Så det er veldig spesielt at VA ikkje er representert i AU.

Rørtveit i Blå liste meiner at ein ikkje automatisk er sikra ein plass i AU sjølv om ein har fått størst oppslutning i valget.

– No må ein jo sjå det i eit større perspektiv, og den demokratiske prosessen skjer når studentane stemmer på den lista dei har tillit til. Det er ingen valkomité i Studentparlamentet så det er opp til listene sjølv å finne eit AU som dei kan jobbe saman med. Eg ser ikkje at dette er eit demokratisk problem. Demokratiet har jo gitt oss listene, mandatane i Studentparlamentet og tilliten til å finne eit AU.

AU-leiar: – Alle fortener å bli vurdert

Avtroppande leiar i AU, Andreas Trohjell, meiner at alle kandidatane som stiller til val skal bli vurdert likt.

– Eg kan ikkje stå for vala som dei nyvalte i parlamentet og listeleiarane tar. Eg håpar at når ein stiller til val så får ein den respekta ein fortener og blir vurdert som ein reell kandidat. Den respekta meiner eg dei som stiller til val fortener. 

– Kva tenkjer du om at dei som skal bli stemt inn i AU blir bestemt før det går an å stille til val?

AVTROPPANDE. Noverande leiar i AU, Andreas Trohjell, trer no av som leiar, og gir stafettpinnen vidare til Sandra Amalie Lid Krumsvik.

– Eg forventar at alle som skal ta det valet, om kven som skal sitje her på fulltid og jobbe for studentane sitt beste, tar alle kandidatar seriøst. Så skal dei få lov til å velje den dei meiner er den beste kandidaten, seier Trohjell, og fortset:

– Men det kan dei ikkje gjere før dei har sett alle kandidatane som stiller, meiner eg. Eg meiner at alle kandidatane skal bli gitt ein rettferdig sjanse.

Nyvalt leiar: – Eg tar avstand frå dette

Påtroppande AU-leiar Sandra Amalie Lid Krumsvik fortel at ho heile tida visste at ho skulle stille til val, men at ho ikkje dreiv aktiv valkamp.

– Eg visste at eg ville stille før det gjekk an å stille til val. I den tida har eg svart på spørsmål frå representantane. Det var deira val til sjuande og sist, og eg kjenner meg ikkje igjen i den framstillinga om at det har vore ein avtale. Eg tek avstand frå den, og eg har ikkje sjølv vore involvert i noko slikt. 

– Visste du om enigheten?

– Det er klart at eg var tilgjengeleg for spørsmål. Det som er naturleg å spørje om er kva for kandidatar ein ser at ein kan samarbeide godt med, eller om ein kan gå god for ei viss samansetning av kandidatar. Dette er noko eg har svart på, som eg meiner er viktig, men samstundes var eg påpasseleg med å seie at eg ikkje ville leggje føringar på kven representantane skulle velje. 

ORGANISASJONSKULTUR. Nyvalt AU-leiar Sandra Amalie Lid Krumsvik har eit meir internt fokus som leiar. ARKIVFOTO: Nora Elvestad

No fortel ho at ho vil jobbe vidare for å forbetre organisasjonskulturen i Studentparlamentet.

– Eg tar absolutt kritikken på alvor og vil ta dette opp vidare i parlamentet. Det tydar på at me treng ein gjennomgong av desse spørsmåla, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS