Magasin

Den folkekjære SV-bibliotekaren sitt siste arbeidsår er kome

Pål Hermod Bakka har vore fast inventar på SV-biblioteket så lengje den grå teglsteinsbygninga har funnest. No er det snart hans tur til å tre av.

GODT KJEND. Berre ved å sjå på hylla, veit fyrstebibliotekar Pål Hermod Bakka nesten utan unntak kva han vil finne der.
Publisert Sist oppdatert

Innst på biblioteket i Fosswinckels gate finn me kontoret til fyrstebibliotekar Pål Hermod Bakka. Det går nok ikkje an å vere meir kjend i desse lokala enn det han er. Kontoret er litt for stort for Bakkas smak, men han har like fullt gjort det til sitt. Bokhyllene bak han er fulle av bøker. For det meste ser ein titlar som European politics og Nations and nationalism. Bakka går rett på sak.

– Då eg byrja å arbeide ved universitetet hadde dei ikkje det same forholdet til studentane. Eg ynskjer jo å vere til nytte når eg er her, anten det er som terapi eller som hjelp til masteroppgåver, utbroderer han.

Bakka er så absolutt ikkje ein fåmælt mann. Det veit nok dei fleste SV-studentane som kjem innom. Kontoret hans er vendt inn mot bakgarden. Der inne finn me ein pult, eit kjøleskap, nokre PC-skjermar men ikkje stort meir. På kjøleskåpet hengjer det eit bilete, tilsynelatande av kona. Bakka sit med tvinna fingrar og snakkar ivrig om korleis sjølve bibliotektenesta er strukturert, og om korleis tidene har endra seg sidan han byrja i jobben.

– Mange studentar i dag veit til dømes ikkje at det opphavlege universitetsbiblioteket her i Bergen er det dei fleste studentane i dag kjenner som biblioteket for humaniora. Ingen av dei andre universitetsbiblioteka var her då eg studerte.

Ei svunnen tid
FULL AGENDA. – I starten av semesteret er det så mange studentar som tør å lure på ting. Dei tek tak i meg, bankar på døra eller berre går inn, seier bibliotekaren.

Vidare fortel han med glede om korleis studiekvardagen har endra seg sidan då han skreiv masteroppgåva si i samanliknande politikk i Bergen. Dei var 12 studentar på kullet på bachelorstudiet. Det same kullet er i dag på omkring 100-150 studentar. Det har med andre ord vore ei veldig auking i berre sjølve talet på studentane. Trass det låge studenttalet vendte aldri Bakka seg til nokre bibliotekarar for råd eller rettleiing under si eiga studietid. Han meiner sjølv at han knapt visste at det var ei mogelegheit ein hadde som student på den tida.

– Eg leste ikkje særleg mykje meir enn eg trong, og då vart det jo til at eg ikkje var så altfor mykje på biblioteket, legg han til.

Grunnen til at Bakka i det heile teke endte opp i jobben er som fylgje av ein smal jobbsøknad og ein stram arbeidsmarknad. I ettertid kan han likevel ikkje sjå føre seg ein betre jobb. Han synest difor det vert rart å forlate biblioteket etter dette året er omme. Det er fleire ting han verkeleg kjem til å sakne.

DIGITALISERING. I eit 39 år langt arbeidsliv har mykje forandra seg på biblioteket.

– Studentkontakten er det desidert beste med jobben, som når studentar kjem bort til meg i eksamensperioden. Terapi er jo også ein utruleg viktig del av jobben min. Nokre studentar treng å høyre at dei er flinke, medan andre har meir vitskaplege spørsmål. Begge delar er minst like viktige, fortel Bakka.

Les også: Hvorfor snakke med fem på gata når du kan snakke med sju på Kronstad?

Erfarne biblioteksråd

Eit viktig råd Pål Hermod Bakka har til studentar er å lære å nytte den kritiske evna si. For SV-studentar er det maks to til tre prosent av forsking som er interessant. Omkring 97 prosent er støy frå blant anna naturvitskaplege forskingsområde, hevdar han.

– Det er også viktig å få ei oversikt over kva ein faktisk har behov for. Eg hadde aldri vorte ferdig med masteroppgåva mi om eg hadde visst kor mange bøker som er her, seier han.

Mannen bak barten og dei tjukke brillene har også nokre radikale meiningar som det ikkje nødvendigvis er så mange andre i akademia som har.

– Eg skal vel eigentleg ikkje seie dette så høgt, men hadde det vore opp til meg hadde det vore døgnopne bibliotek. Andre er redde for at studentane ikkje hadde oppført seg om dei kunne ha sete her til langt utpå natta. Eg trur derimot det kunne ha vore gøy med eit nachspiel, plassert slik at overvakingskameraa ikkje såg dei, humrar Bakka.

Vidare ut i biblioteket viser Bakka oss bøker som ein kanskje ikke hadde trudd at fanst på eit universitetsbibliotek i 2022. Det er ikkje lett å forstå sjølv kva som står på permen, men Bakka forsikrar oss om at den ungarske boka er ei gamal, nazisitisk bok.

HYLLEKJEND. I desse bibliotekshyllene er det nok Bakka som er aller mest kjend.

Les også: Nå kan studenter søke om strømstipendet

Den essensielle studentkontakten

Når han blir spurd om kva for ei tid på året som er favorittida hans som bibliotekar er han bestemt på at den tida er no.

– I starten av semesteret er det så mange studentar som tør å lure på ting. Dei tek tak i meg, bankar på døra eller berre går inn. Det er studentkontakten som eg verkeleg brenn for. Det har jo sjølvsagt vore litt annleis dei siste åra då på grunn av den pålagte husarresten, fortel han.

Bakka er med andre ord ikkje heilt nøgd med korleis studiestarten har vore for mange av dei nye bergensstudentane.

– Universitetet bør fokusere meir og verkeleg prioritere lægregradsstudentane, og i alle fall bachelorstudentane. Eg meiner at det største problemet eit universitet kan ha er undervisarar som ikkje likar studentar. Universitetet i Bergen er eit middelmåtid forskingsuniversitet, og då bør dei i det minste prioritere undervisinga og studentane. Grunnen til at dei på universitetet forskar er jo for å optimalisere undervisinga.

Noko anna som uroar Bakka er amerikaniseringa og anglifiseringa av norsk akademia.

– Då eg studerte samanliknande politikk, hadde eg mogelegheit til å dra nytte av artiklar og bøker på fleire språk enn det dei fleste norske studentar har i dag. Det er tankar som det vert vanskeleg å omsetje nøyaktig til engelsk frå til dømes tysk. Akademia misser noko når nesten all tilgjengeleg faglitteratur kjem på engelsk.

Plutseleg ringer kona på kjøleskåpet og seier at det er på tide å kome og hente henne. Bakka er for så vidt samd. Han tek på seg noko som kan likne ein hatt frå gamle westernfilmar, og ein lang frakk.

– Etter eit langt liv i Bergen så skjønar ein at paraply ikkje er vegen å gå lenger. Paraply er som eit felles bergensk gode. Set ein ifrå seg paraplyen sin så kan kven som helst ta han. Det er ingen som eig ein paraply.

Utan paraply, i vanleg, bergensk pistreregn forsvinn Bdakka nedover bakken. I morgon er han attende på kontoret, nett som det har gått føre seg dei siste 39 åra.

Les også: 170 millioner i koronastøtte til studentene

Les også: Eivind (24) mener praksis ikke gir realistiske opplevelser

Powered by Labrador CMS