Den store landeplaga

Syndromet får koronaviruset til å verke som ei mild forkjøling.

FOTO: Julie Günther
Publisert Sist oppdatert

APROPOS

Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

«Ra-ta-ta-ta!» Lyden vekkjer meg frå mine søtaste draumar. Medan eg gnir søvnen ut av auga går tankane raskt. Bur eg verkeleg i eit så belasta område? Eller har kanskje krigen som skal utrydde menneskeheita endeleg kome?

Håpet om at vi skal bli sett fri frå vår miserable eksistens blir dessverre fort knust. Lyden kjem frå kjøkenet, og det er berre nok ein gong roomien som har blitt gripen av tvangen til å etterlikne Herman Flesvig i «Førstegangstjenesten».

I likskap med så alt, alt, alt for mange lid han av «siter film og tv i tide og (først og fremst) utide-syndromet». Syndromet brer seg over stadig større delar av befolkninga, og kan i verste fall vere dødeleg. Ikkje fordi syndromet i seg sjølv tek livet av deg, men fordi eg kanskje kan kome til å gjere det.

Den verste påverknaden verkar å kome frå filmar eller seriar der karakterane har spesielle aksentar. Og nei, du blir ikkje Arthur Shelby frå «Peaky Blinders» berre fordi du tek på deg ein sixpence og gjer eit halvhjerta forsøk på Birmingham-aksent anno 1920-talet. Du er framleis ein skjeggete dust frå Eidsvoll.

Norske filmar og seriar verkar òg å ha ei skremmande sterk effekt på dei som lid av dette syndromet. Den allereie nemnde «Førstegangstjenesten» har i den siste tida slått over landet med slik øydeleggjande kraft at det får koronaviruset til å verke som ei mild forkjøling.

Før dette var det sjølvsagt «Parterapi» som var hovudkjelda til psykologisk terror i så alt for mange sosiale settingar. Eg får framleis nervøse rykkingar av berre tanken på «Fyyy faaaen, Alex» eller «Berre sju år». «Parterapi» slutta dessutan å vere gøy etter to episodar, men det får vente til ein annan gong.

Eller, det kan det faktisk ikkje. For heilt seriøst: Kva faen er greia med Parterapi? Karakterane i den serien har ein. jævla. punchline. på. kvar. Om du framleis ler av desse etter over 30 episodar er du om lag på linje eit spedbarn som synest det er like gøy kvar gong nokon gøymer ansiktet bak henda.

Denne teksten har ingen punchline, men det er i alle fall betre enn ein føreseieleg ein.

Powered by Labrador CMS