Nesten halvparten droppa obligatorisk NHH-frukost i fadderveka

Men NHH klarte ikkje å følgja opp dei som ikkje deltok.

FRUKOST. NHH-studentane Christian Arstein (til venstre), Jørgen Backer og Jørgen Høiden deltok ikkje på alle frukostane. Dei synest likevel det var eit bra tiltak og håper NHH fortset med det til neste år.
Publisert Sist oppdatert

I år vart det fleire endringar i velkomstveka til Noregs handelshøgskule (NHH) – leiinga ville innføre nye obligatoriske aktivitetar for å tilby eit betre fagleg og sosialt miljø ved første møte med skulen.

Eit av desse tiltaka var «NHH-frukosten» som vart omtalt i media. Denne blei lagt opp obligatorisk og skulen opna dørene klokka 10 kvar morgon.

Etter frukosten vart det case-grupper med oppgåveløysing eller kahoot-quiz der studentane måtte registrere seg på ei nettside. Det var slik skulen fekk med seg kven som var til stades, og kven som ikkje var der.

Var ikkje på alle frukostane

Sjølv om frukosten skulle vere obligatorisk, visar ein rapport frå velkomstveka at mange valte å ikkje kome.

Tysdagen var 20 prosent av studentane ikkje til stades under frukosten. Neste dag var det 31 prosent som ikkje møtte opp. Og torsdagen var 40 prosent av studentane andre stader enn i frukostsalen til NHH.

NHH-studentane Christian Arstein, Jørgen Høiden og Jørgen Backer var berre med på tre av frukostane i løpet av veka.

– Innhaldet på første frukost var kjempebra, sjølv om det var lange køar. Den neste dagen var det ganske dårleg utval, og difor droppa eg neste dag, fortel Arstein.

Vart kjend med mange nye

Dei andre seier seg einige i det, men seier at sjølv om dei ikkje var på frukosten alle dagane var dei på dei obligatoriske seminara etterpå.

– Når me må stå ein time i frukostkø ein dag så har ein ikkje lyst til å gjere det same neste dag. Dei sa det var obligatorisk, men me vart ikkje informert over kva for sanksjonar vi kunne få.

Sjølv om mange ikkje møtte opp, synest dei tre studentane likevel at det var eit bra tiltak av skulen.

– I fadderveka er det ikkje mange som orkar å handle inn matvarer, så det er flott å kunne kome tidleg på skulen til gratis frukost, fortel Høiden.

I tillegg fortel Backer at dei synest NHH bør fortsetje med frukosten til seinare år, fordi dei vart kjend med mange nye studentar og det var eit sosialt tiltak.

Kunne ikkje registrere alle

Tidlegare i haust kommenterte leiinga til BA at dei ville følgje opp studentar som ikkje kom på frukosten, og at dersom nokre ikkje møtte fram opptil fleire gonger ville dei kontakte dei det gjaldt.

Viserektor ved NHH, Linda Nøstbakken, fortel at dei kontakta ein del studentar i etterkant, men at det gjaldt dei som ikkje hadde møtt fram på mykje av det obligatoriske opplegget generelt, og ikkje dei som spesifikt ikkje møtte opp til frukosten.

– På frukosten klarte me ikkje å følgja opp. Det var så mange at vi ikkje kunne registrere kven som var der og ikkje. Likevel følgde me opp dei me synest ikkje møtte fram for mykje på alt i løpet av veka, fortel ho.

Dette gjorde dei for å forsikre seg om at dei gjeldande studentane enda hadde lyst på studieplassen sin.

– Me synest det viser litt kor interesserte studentane er i studieplassen sin. Når det er obligatorisk oppmøte, forventar med sjølvsagt at studentane møter opp, fortel Nøstbakken.

Svoltne studentar

Nøstbakken fortel at frukosten var eit heilt nytt konsept i år, og at ideen kom relativt seint, slik at det vart lite tid til å planleggje det nøye.

– Me ville skapa ein møteplass for dei nye studentane slik at dei kunne møta kvarandre og dei tilsette ved skulen. Sidan ideèn kom litt seint måtte me berre hoppa i det, men me synest det gjekk veldig bra, gitt føresetnad.

Ho fortel at det mellom anna på tysdagen, som var den første frukosten, kom kolossalt mange nøyaktig på slaget klokka ti, og at det skapte ein del køar og venting.

Viserektor Linda Nøstbakken fortel om dei nye tiltaka NHH innførte i velkomstveka. Foto: Eivind Senneset, NHH

– Me hadde ikkje forventa at så mange skulle komme på ein gong, og at dei var såpass svoltne, ler ho, og fortel at det er forståeleg at studentane kunne vere så svoltne etter ei lang natt med mykje aktivitet.

Likevel var det ei bratt læringskurve for leiinga og dei som hadde ansvaret for frukosten, og dei lærte mykje allereie den første dagen.

– Me informerte alle om at dei heller kunne dele seg opp til neste dag og forlate kantina så snart dei var ferdige, og då vart køane redusert mykje. Det var nesten berre den første dagen at det var skikkeleg stor pågang.

Utanom frukosten har NHH fått mykje positiv omtale i rapporten frå velkomstveka. 95 prosent av studentane fekk eit godt eller svært godt førsteinntrykk av NHH.

Powered by Labrador CMS