Nyhet

– Eg har aldri fått bot, og eg trur heller ikkje at eg kjem til å få det med det fyrste

I fleire år har Skyss rulla ut kampanjer mot dei velkjende snylteagurkane. Studvest har difor tatt ein prat med ein snylteagurk som har spart gode pengar.

SNIK. Studenten "Guro" har ingen planar om å slutte å snike på bybanen.
Publisert Sist oppdatert

Studenten «Guro» har nemleg, med få unntak, ikkje betalt ei einaste krone til kollektivselskapet Skyss sidan ho gjekk i 3. klasse.

– Eg ser ikkje på det å snylte på kollektivtilbodet på nokon annan måte enn å køyre litt for fort. Hadde det vore eit så alvorleg lovbrot, så hadde dei gjort det vanskelegare å snike.

Får du ikkje dårleg samvit?

– Eigentleg ikkje. Eg har gjort det i såpass mange år, at det berre har blitt ein del av kvardagen som eg ikkje tenkjer så mykje på, svarer bergensstudenten.

– Det eg held på med er jo ekstremt sjølvmotseiande. Eg er utruleg takksam for tillitssamfunnet me har i Noreg, men samstundes har eg jo brote den tilliten gjennom fleire år.

Ettersom ein kan bli straffa med bøter ved å ikkje betale for billett, har Studvest valgt å anonymisere studenten og gitt ho eit falskt namn.

Store summar å spare

Det er ein svimlande sum «Guro» har rekna seg fram til at ho har spart på dei 12 åra ho har teke kollektivtransport.

– Eg har spart omkring 50.000 kronar

Då har ho gjort eit overslag på kjøp av månedskort dei siste tolv åra og trekt frå nokre sommarferiar.

Er denne strategien noko du anbefaler til andre studentar?

– Det er vanskeleg å seie. Eg trur dei fleste er litt for redde, men eg har blitt herda og tenkjer ikkje så mykje over det lenger.

– Det heile starta med at fylkeskommunen fann ut at eg budde for nærme skulen, og at dei ikkje lenger kom til å sponse dei daglege bybaneturane mine, fortel «Guro».

BOT. I løpet av dei 12 åra “Guro” har brukt kollektivtransporten i Bergen har ho ikkje fått ei einaste bot.

I den situasjonen ville nok dei fleste starta å gå eller sykle, men ho valde heller å fortsetje å ta bybanen, berre no utan billett. Det har ho fortsett med heilt sidan då.

Studenten innrømmer at ho har blitt ferska før, men at ho derimot aldri har fått bot.

– Eg har aldri fått bot, og eg trur heller ikkje at eg kjem til å få det med det fyrste.

Unge snik mest

Svein Book Dalsgård, leiar for kundeopplevingar i Skyss, er derimot ikkje like begeistra for strategivalet til «Guro».

– Snik gjev Skyss reduserte inntekter. Det tyder at det vert mindre pengar til kollektivtilbodet, og det går utover tilbodet, gjennom færre avgangar eller høgare pris. Den som snik snyltar på andre, og risikerer også å snylta vekk sitt eige tilbod.

Merkar de at det er fleire unge eller studentar som ikkje har billett?

– Snikarar finst i alle aldersgrupper og kategoriar, men ei haldningsundersøking gjennomført i fjor synte at det er noko større aksept for sniking blant dei under 30 år. Samstundes meiner fleirtalet i alle aldersgrupper at dei som ikkje betaler snyltar på andre. Det er også i aldersgruppa 18-29 at det var flest som faktisk hadde reist utan gyldig billett ein eller fleire gongar i løpet av det siste året, svarer Dalsgård.

Skyss skriv vidare i ein e-post til Studvest at bruttokostnadane for drift av kollektivtrafikken i 2021 var på 4,1 milliardar kroner, medan billettinntektene var på 816,4 millionar kroner. 

Med andre ord blir berre i underkant av 20 prosent av kollektivtilbodet dekt av billlettinntektene.

PRISAR. Svein Book Dalsgård, leiar for kundeopplevingar i Skyss, fortel at dei i aldergruppa 18 til 29 år er dei som snikar mest.

Dalsgård opplysar at dei ikkje har nokon konkrete tal på kor mykje dei pengar dei tapar på snikare.

Bergen fylgjer ikkje Oslo

Ifylgje NRK skal det no i snitt bli 20 prosent billegare å kjøpe enkeltbillett hos Ruter, kollektivtransportselskapet i Oslo.

Dalgård fortel at Bergen og Skyss ikkje er der enno.

– I Oslo skjer dette på bakgrunn av eit politisk initiativ, seier han.

Likevel kjem Skyss til å fylgje med på utviklinga i hovudstadsområdet.

– Me vil følgje med på kva erfaringar både Ruter og andre som satsar på slikt no gjer seg, legg Dalgård til.

Trass i at «Guro» i snitt tek kollektivt ein gong per dag, hadde ho ikkje begynt å betale sjølv om prisane skulle gått ned.

– Eg har blitt så vand til å snike. Det er ikkje noko eg tenkjer over lenger. Hadde prisane gått ned, hadde eg nok fortsett som eg allereie gjer.

Studvest retter: I en tidligere versjon av denne saken stod det at studenten gikk i 5. klasse da hun begynte å ta ta kollekitv. Det riktige er 3. klasse. Rettelsen ble gjort 11. oktober 14:30.

LES OGSÅ:

Powered by Labrador CMS