Studentane skulle arbeide med born i Kina – blei sende til USA

Praksisopphald på eit anna kontinent, ein eigenandel på over 10.000 kroner meir enn venta og forvirrande fakturaar. – Me kjenner oss lurt, seier Martine Gundersen.

SKUFFA: Studentane Andrine Isolde Bakke (24) og Martine Gundersen (21) er ikkje nøgde etter praksisopphaldet i Minnesota.
SKUFFA: Studentane Andrine Isolde Bakke (24) og Martine Gundersen (21) er ikkje nøgde etter praksisopphaldet i Minnesota.
Publisert Sist oppdatert

Martine Gundersen (21) og Andrine Isolde Bakke (24) studerer begge til å bli barnehagelærarar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). I november 2021 fekk dei beskjeden dei hadde gledd seg til. Dei skulle til Kina i praksis i oktober og november 2022.

Kvart år arrangerer HVL utveksling til Kina i faget «Kulturforståelse og komparativ pedagogikk». Praksisopphaldet er på ein månad og ein føresetnad for å bestå faget og dermed også resten av studiet.

I førekant av turen til Kina fekk Gundersen og Bakke høyre fleire årsaker til kvifor studentane dreg nettopp dit. Ei av dei var at studentane skulle lære seg å samhandle med born utan å bruke munnleg språk.

Pensum førebudde på Kina

– Det gir jo meining. I dag er det jo mange born som begynner i norske barnehagar som ikkje kan norsk når dei startar, fortel Bakke.

– Me skulle lære oss å bruke kroppsspråk, og korleis det er å arbeide med born som me ikkje kan snakke med grunna ulike språk, legg Gundersen til.

Mykje av pensumet i faget handlar også om kva dei kan forvente seg når dei kjem til Kina, bekreftar dei komande barnehagelærarane.

IKKJE NØGDE: Dei to studentane er ikkje nøgde med HVLs val av Minnesota som praksisopphald.
IKKJE NØGDE: Dei to studentane er ikkje nøgde med HVLs val av Minnesota som praksisopphald.

Det kom difor som eit sjokk då studentane 9. juni 2022 fekk beskjed om ei endring i reiseplanen. Kina var ikkje lenger eit mogeleg reisemål grunna koronarestriksjonar, og studentane skulle difor heller utføre det obligatoriske praksisopphaldet sitt ved Bemidji State University i Minnesota, USA.

– Det blei jo så absolutt ikkje det same. Borna i Minnesota snakkar engelsk, og me snakkar engelsk. Eg skjønner ikkje kvifor dei ikkje kunne ha valt eit ikkje-engelskspråkleg land når faget blant anna handlar om kommunikasjon utan språk, seier Bakke.

Vanskeleg økonomisk situasjon

Likevel er det ikkje det faglege utbytet dei to studentane stussar mest over.

– Det er det økonomiske aspektet ved turen som bekymrar meg mest. Kommunikasjonen med skulen har vore skikkeleg dårleg, og me har motteke alt frå utsette betalingsfristar til inkassovarsel, utdjupar Bakke.

Studentane blei informerte om at oppmeldinga til den obligatoriske praksisperioden var bindande, og at prisen ville komme på 5.000 kroner, med atterhald om mogeleg prisauke.

Etter opphaldet i Minnesota mottok dei likevel ein faktura på totalt 39.503 kroner, kor eigenandelan var på 16.732 kroner.

Det er over 10.000 kroner meir enn summen dei blei lova at det ville koste på førehand.

– Me har forsøkt å kontakte både økonomiansvarleg og emneansvarleg ved HVL, men me får ingen konkrete svar, seier Gundersen.

– Eg trur veldig få av studentane betalte regninga då ho kom, men då me mottok eit inkassovarsel for den uteståande fakturaen, endte mange, inkludert eg, opp med å betale dei nesten 17.000 kronene, fortel Bakke.

DYRT: Bakke og Gundersen meiner fakturaen for praksisopphaldet på ein månad er for dyr.
DYRT: Bakke og Gundersen meiner fakturaen for praksisopphaldet på ein månad er for dyr.

Sjølv om fleire av studentane då endte opp med å betale fakturaen, utsette HVL plutseleg betalingsfristen til 1. mai 2023.

– Me kjenner oss lurt

– Som studentar kjenner me oss lurt. Det heile verkar utruleg uprofesjonelt frå HVL si side, meiner Gundersen.

Studentane meiner opphaldet ikkje var slik dei hadde sett føre seg.

– I tillegg til dei uføresette kostnadene ved praksisopphaldet, gjekk me også glipp av pengar frå tapt arbeidskraft og den unødvendige leiga me betalte den månaden. Alt dette samlar seg jo opp til å bli ein ganske stor sum pengar for eit opphald som ikkje hadde vore nødvendig, hevdar Bakke.

– Eg har ikkje råd til å betale ein uventa faktura på 17.000 kroner, fortel Gundersen.

Vil fortsetje å dra til Minnesota

Torunn Herfindal er assisterande instituttleiar ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved HVL. Ho har ansvar for barnehagelærarutdanninga.

– Då det viste seg at det ikkje var mogeleg å sende studentar på utveksling til Kina, måtte me finne eit godt alternativ med eit universitet som me allereie hadde avtale med og som var mogeleg å få til på kort varsel, forklarer Herfindal i ein e-post til Studvest.

Ho poengterer at Bemidji State University blei valt fordi HVL hadde gode erfaringar med universitetet frå før.

– Fagleg leiar blei med studentane i starten, for å kvalitetssikre opplegget, i tillegg til faglærar. Minnesota er eit område med mykje urbefolkning, og det var viktig for oss å få eit program der dette var ein fagleg del, legg ho til.

Herfindal meiner at studentane har sagt at dei er godt nøgde med læringsutbyttet frå opphaldet og emnet som heilskap.

– Me har heile tida orientert studentane om at me kanskje måtte finne eit alternativ til Kina. Nokre valde då også å takke nei til alternativet i Minnesota. Me har òg hatt god dialog med dei som reiste medan dei var der. Det var ein faglærer til stades under heile opphaldet.

UTGIFTER: Martine Gundersen viser fram budsjettet for opphaldet.
UTGIFTER: Martine Gundersen viser fram budsjettet for opphaldet.

Instituttet meiner dei har gjort alt dei kan for å halde kostnaden nede for studentane, men at det i etterkant viste seg at Lånekassa ville dekke mindre enn tidlegare. Høgskulen endte difor opp med å gje kvar student 1200 USD i ekstra støtte.

– Me forstår at enkelte likevel kan ha vanskar med å betale eigenandelen, og me har vore veldig imøtekommande med å utvide fristane for betaling og tilbudt studentane å dele opp innbetalingane slik det passar kvar enkelt best, fortel Herfinndal.

– Har de ved HVL lært noko frå dette opphaldet som de vil ta med dykk til neste studentkull?

– Ja, me ser allereie no at me ikkje kan planlegge for at det blir mogeleg å reise til Kina til hausten. Difor ønsker me å tilby opphald ved Bemidji State University då også, og er tidlegare ute med informasjon og planlegging.

Powered by Labrador CMS