Organisering av praksis på lektorstutdanninga i historie og religion får botnscore

Organiseringa av praksisen får 1 av 5 på Studiebarometeret.

OPPGITT: – Ein blir litt oppgitt, seier Hanne Drotningsvik, student og fagutvalsleiar.
Publisert Sist oppdatert

Studiebarometeret

  • Årleg spørjeundersøking der landets studentar får høve til å svara på kor fornøgde dei er med ulike delar av studiet sitt på ein skala i frå 1 til 5.
  • Undersøkinga er den største av sitt slag, og blir gjennomført av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen – NOKUT.
  • 18 studentar frå lektorstudiumet i historie og religion svarte.

Då studentar frå lektorstudiet i historie og religion svarte på kor fornøgde dei var med «hvordan høyskolen/universitetet organiserte praksisopplæringen», landa snittet på éin av fem.

Til samanlikning får lektorstudiet i matematikk og naturvitskap 2,8 av 5 på same spørsmålet, medan snittet for alle fag- og yrkesfaglærarutdanningar er på 2,9 av 5.

Hanne Drotningsvik, student og leiar i fagutvalet for lektorstudiet i historie og religion på Universitetet i Bergen (UiB), er ikkje overraska over tala.

 Dei som har svart på dette er det første kullet som starta på lektorstudiet i historie og religion. Me har jo snakka med kvarandre undervegs, og det har vore ein viss konsensus. Nokre har vore veldig fornøgde, men dei aller fleste opplever at praksisen og me som har praksis ikkje blir prioriterte.

– Uorganisert
SLAKT: Dette er dommen studentane gav praksisen. Skjermdump: Studiebarometeret.

Drotningsvik kan fortelja om eit opplegg som ikkje har gått på skinner.

 Dette semesteret har me opplevd mykje dårleg planlegging frå administrasjonen si side. Det var eit par obligatoriske seminar kor førelesar ikkje møtte opp, rett før praksisen. I tillegg fekk me ikkje informasjon om oppgåvene me skulle ha under praksis før klokka fem på ein fredag, når praksisen skulle begynna måndagen etter.

Ho peiker også på at dette er eit studie universitetet har valt å reklamera mykje for.

 Praksisen er ein veldig viktig del av lektorstudiet. Då blir det veldig dumt når praksisen er så uorganisert. Ein ting er at me fekk dårleg informasjon før praksis, men når me kom ut i praksis var det folk som vart sendt til ulike skular som ikkje visste at dei skulle ha studentar i praksis. Ein blir litt oppgitt.

PPU-trykk

Julie Alver Tønsaker er leiar av det administrative studiearbeidet på Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, som lektorstudiet i historie og religion sorterer inn under. Ho seier at administrasjonen har bitt seg merke i tala.

 Det var dårleg. Det såg me med ein gang.

Ho påpeiker at det er mange omsyn som må takast frå administrasjonen si side.

 Det er ekstremt vanskeleg å organisera praksis fordi det er så mange ting som skal takast høgde for. For det første skal ein vera i praksis på riktig trinn, og i riktig fag – eit fag som er relevant for det ein studerer. Så skal ein i tillegg ha undervisning her på universitetet.

Tønsaker viser til eit uvanleg stort trykk på det sjølvstendige PPU-programmet i år som ein av grunnane til at praksisen ikkje har fungert optimalt i år.

 I tillegg til at me har mange på det integrerte programmet, vart det tatt opp veldig mange på PPU i fjor. Det er ei rekke uheldige faktorar som har slått til samtidig som har gjort at nokre studentar dessverre fekk ei negativ praksisoppleving.

Administrasjonen tar grep

DÅRLEG: Julie Alver Tønsaker, studieadministrativ leiar ved institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, vedgår at tala er for låge.

Tønsaker understrekar at det er snakk om eit studieprogram som ikkje har vore tilbode før.

Dette studiet er heilt nytt, og kullet som var spurt no var derfor også det første kullet på programmet. Det er også ein del av forklaringa. Det første kullet på eit studieprogram er – dessverre – oftare utsett for oppstartsvanskar.

Ho seier vidare at administrasjonen har iverksett konkrete tiltak for å bota på problematikken.

Eitt grep me har tatt til neste år, er at me no organiserer praksisen uavhengig av timeplanen på emnet som studenten tar. Det betyr at dei studentane som skal i praksis får tildelt praksistider, går ut til desse, og så løyser me undervisningskollisjonane som oppstår ved å dublera eller ta opp forelesningar, slik at praksiskabalen kan leggast uavhengig av undervisninga.

Drotningsvik håpar på ei betring, men held ikkje pusten.

Eg har jo lyst til å vera optimistisk, og eg håpar at vårt vesle fagutval gjer ein forskjell. Men det er vanskeleg når ein høyrer frå folk som har tatt lektorutdanning før at dei sleit med det same. Eg trur det ikkje før eg får sjå det.

Powered by Labrador CMS