18 000 har signert opprop mot ny stipendregel

Regjeringa vil kutte stipendet til dei som ikkje fullfører utdanninga. No møter dei stor motstand frå alle kantar.

MINDRE STØTTE: Regjeringa reknar med å spare rett over 256 millionar kroner på endringa i stipendordninga.
Publisert Sist oppdatert

Regjeringa sitt forslag:

  • Endre den noverande ordninga, der 40 prosent av studielånet blir omgjort til stipend ved godkjente studiepoeng.
  • Regjeringen vil heller gi 25 prosent stipend ved godkjente poeng, mens dei siste 15 prosentane ikkje vil bli omgjort før ein har bestått ein grad.
  • Det eventuelle vedtaket vil i hovudsak gå ut over studentar som tek årsstudium, bytter grad, eller nyttar seg av poststudie-retten sin.

Regjeringa sitt forslag i statsbudsjettet for 2019 om å endre stipendordninga, har skapt motreaksjonar frå fleire studentar. Forslaget går ut på at ein får omgjort 25 prosent av lånet til stipend ved beståtte enkeltemne, medan dei resterande 15 prosent ikkje vil bli omgjort før ein har bestått ei grad.

Åtte av Noregs største studentorganisasjonar har no gått saman i eit opprop mot forslaget. Så langt har 17 966 personar skrive under.

I ei pressemelding uttrykk Unge Funksjonshemmede, Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet, Unio-studentane, Elevorganisasjonen, NSF Student, ANSA, NITO Studentene og Norsk studentorganisasjon (NSO) misnøye med forslaget. Dei meiner Regjeringa fråskriv seg ansvar, då dei meiner at forslaget legg alt ansvar for fråfall på studentane sjølv.

– Feil tiltak

Blant dei som støtter opp om oppropet er Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (SP-UiB), som er et av medlemslagene i NSO. Leiar for (SP-UiB), Nikolai Klæboe, meiner regjeringa har valt feil tiltak for å auke talet på fullførte grader.

STRESSMOMENT: Leiar for SP-UiB; Nikolai Klæboe, meiner Regjeringas forslag vil gjere utdanning om til eit stressmoment for studentar som er usikre på kva dei vil studere.

– Andre tiltak, som å betre integreringa av nye studentar gjennom heile studieløpet, auke den faglege kvaliteten, og auka studiestøtte, meiner eg vil motivere studentane meir enn å straffe dei som ombestemmer seg, er usikre eller slit på andre måtar.

– Regjeringa har gått inn for å trappe opp studiestøtta. Kvifor kan dei ikkje krevje at studentar fullfører utdanninga dei har valt å starte? 

– Arbeidet som student svarar til ein fulltidsjobb, og studentar er dermed forventa å leve på støtta på rett under 117 000 i år. Det fører til at nokre vel å arbeide deltid i tillegg til studia, som førar til mindre arbeid med studia, som igjen kan føre til dårlege resultat og umotiverte studentar.

– Det er ikkje at regjeringa ønsker fleire fullførte grader som er problemet med forslaget, men måten dei vil løyse det på er feil, meiner Klæboe.

Møter motstand

Sosialistisk ungdom, senterungdommen, AUF, grøne studentar, Rød Ungdom og KrFU støtter også opp om oppropet, og både Sosialistisk Venstreparti (SV) og Arbeidarpartiet (Ap) fortel til Studvest at dei stiller seg mot forslaget.

Stortingsrepresentant for SV, Mona Fagerås, fortel at dei aldri har støtta forslaget til regjeringa.

– Me meiner det undergrev prinsippet om lik rett til utdanning for alle, og forsterkar forskjellane mellom dei som har foreldre som kan bidra med økonomisk støtte og ikkje.

GÅR MOT: Stortingsrepresentant for SV, Mona Fagerås, fortel at dei stiller seg mot forslaget til regjeringa. PRESSEFOTO/STORTINGET.

Fagerås meiner at ein ikkje skal forvente at ungdom veit kva dei vil bli, og at det er lov å ombestemme seg.

– Eg vil mykje heller at ein student som ville bli sjukepleiar, men som oppdaga at det ikkje var riktig, startar på ei anna utdanning, i staden for å få umotiverte sjukepleiarar ut i arbeid, seier Fagerås.

Sakner grundigare gjennomgang

Ho meiner dessutan at det er positivt at yrkesutøvarar har ein breiare kompetanse med seg, som eit resultat av omval i studieløpet.

– Ein politibetjent som først studerte sosiologi eller barnevern kan bidra til høgare kvalitet i yrket sitt.

Stortingsrepresentant for Senterpartiet (Sp), Marit Knutsdatter Strand, skriv i ein e-post til Studvest at Sp stiller seg skeptiske til den økonomiske sanksjonen regjeringa har valt som tiltak for å auke talet på fullførte grader.

– Senterpartiet ønsker å gå i dialog med dei andre partia for å be om ei betre utgreiing, slik at me er sikre på at dette ikkje fungerer mot si hensikt.

Skolane er også imot forslaget

Også fleire universitet og høyskoler stiller seg kritisk til forslaget om mindre stipend til dei som ikkje fullfører graden.

–⁠ Vi meiner at det treffer dårleg gitt at hensikta er å få folk til å fullføre ein grad, at det straffer studentane og ikkje noko godt incitament for meir livsvarig læring og tverrfaglighet, seier Mari Sundli Tveit, som leder universitets- og høgskolerådet (UHR), til Universitas.

MISTER LEGITIMITET: Stortingsrepresentant for Sp, Marit Strand, meiner forslaget ikkje vil fylle opp kompetansemålet Regjeringa har gått inn for. PRESSEFOTO/Ragne B. Lysaker.

UHR er ein interesseorganisasjon for norske utdanningsinstitusjonar, og inkluderer blant anna UiB, HVL og NHH.

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, ser ikkje heilt korleis forslaget til regjeringa skal ha ein effekt viss poenget er å gje insentiver til å fullføre ein grad på normert tid.

NEGATIV: Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, trur ikkje den nye ordninga vil føre til at fleire fullfører. ARKIVFOTO: Nora Elvestad Reinsnes

– Studentar veit allereie at det er økonomisk lønsamt å fullføre på normert tid, og fleire økonomiske insentiv vil ikkje forandre på det, meiner Olsen. 

Også rektor ved HVL, Berit Rokne, fortel at dei støttar Universitets- og høgskulerådet (UHR) sitt notat til komitehøyringa på Stortinget.

Prorektor for utdanning ved Noregs handelshøgskole (NHH), Linda Nøstebakken, er imidlertid positiv til insentivet sjølv om ho gjerne skulle sett at den samla støtta til studentane ikkje blei redusert.

– Den nye stipendordninga stiller ikkje krav om fullføring på normert tid, og kan derfor sørge for at også dei som av ulike grunnar hamnar på etterskott har noko å strekkje seg etter. 

Vil ikkje svare

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Rebekka Borsch (V), skriv i ein e-post til Studvest at formålet med forslaget er å stimulere til at fleire studentar avlegg grada dei har byrja på.

Borsch trekk fram at ein ikkje treng å fullføre grada på normert tid, men at ein ikkje vil få omgjort lån til stipend for fullførte studiepoeng som ikkje inngår i grada.

POSITIV: Prorektor for utdanning ved NHH, Linda Nøstebakken, seier ho stiller seg positiv til insentivet. PRESSEFOTO/NHH.

Dei har likevel foreslått unntak for studentar som har fått foreldrestipend, oppfyll vilkåra for sjukestipend, har blitt forsinka på grunn av nedsett funksjonsemne og manglande tilretteleiing ved lærestaden, har hatt tillitsverv eller fått fritak på grunn av praksis i studentdrive rettshjelpstiltak.

Ho vil ikkje kommentere kva regjeringa tenkjer om den massive motstanden forslaget har møtt.

Fordi regjeringa, om dei får støtte frå KrF, har fleirtal i Stortinget, kan forslaget gå gjennom sjølv om dei andre partia er imot. Det er førebels ingen svar å få frå KrF om dei kjem til å støtte den nye stipendordninga.

Politisk seniorrådgjevar i KrF, Geir Arne Servan, seier til Studvest at partiet må vente på eventuelle forhandlingar med regjeringa før dei kommenterer eit standpunkt til forslaget.

– KrF forstår reaksjonane dette forslaget skaper, men det er regjeringa sitt forslag, og det er dei som må ta ansvar for desse endringane, seier Servan.

NOKRE UNNTAK: Statssekretær, Rebekka Borsch, fortel at den nye stipendordninga vil vike for nokre studentar. PRESSEFOTO/Marte Garmann.
Powered by Labrador CMS