Meiner ny stipend-regel vil skape meir prestasjonspress

Regjeringa meiner forslaget vil auke motivasjonen til å fullføre utdanningen, medan studentar trur det vil gje mindre engasjerte studentar.

KRITISKE: UiB-studentane, Arne Ørboe (f.v.), Jennie Pedersen og Therese Eide, er kritiske til Regjeringa sitt forslag om ny stipendordning.
Publisert Sist oppdatert

– Eg føler meg litt pressa til å starte på ei bachelorgrad til hausten, fortel Kristoffer Klock, som for tida tek eit årsstudium i Administrasjons- og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB).

Frå og med hausten 2019 ønsker Regjeringa nemleg å endre den noverande ordninga som gjer 40 prosent av lånet om til stipend om ein består på eksamen, slik dei varsla om allereie i fjor.

Forslaget kjem i statsbudsjettet for 2019, som Regjeringa presenterte førre måndag, og som Stortinget skal vurdere i løpet av året.

Mister 15 prosent av stipendet
MINDRE STIPEND: Statssekretær Rebekka Borsch fortel at dei studentane som tek emne utan å innlemme dei i ei grad, vil miste 15 prosent omgjering av lån til stipend. PRESSEFOTO: Marte Garmann.

Statssekretær Rebekka Borsch skriv i ein e-post til Studvest at med den nye ordninga vil ein få omgjort 25 prosent av lånet til stipend ved beståtte enkeltemne, medan dei resterande 15 prosent ikkje vil bli omgjort om emna ikkje inngår i ei grad. Unntaket er praktisk pedagogisk utdanning, og sju vidareutdanningar innan sjukepleie.

Det betyr at studentar som tek eit årsstudium utan å bruke emna i ein grad, eller som bytter studie etter å ha stått på eksamen i nokre emne, ikkje vil få full omgjering til stipend for emna utanfor grada.

Revurderer årsstudium

Årsstudiumstudenten Klock, fortel at han ikkje er sikker på kva han vil studere vidare, men at han veit at han ikkje vil byggje vidare på studiet han tek no.

Derfor er han lite fornøgd med det nye forslaget til Regjeringa, då planen hans eigentleg er å ta eit nytt årsstudium til hausten igjen.

– Eg vil vere sikker på at det studiet eg tek ei grad i, er noko eg verkeleg interesserer meg for, seier Klock.

Skal fullførast på normert tid

Ein avlagt grad vil med det nye forslaget gje rett til 40 prosent omgjeringslån, uavhengig av kva vegar studenten har valt å gå for å oppnå grada. 

– Om studenten kan innlemme studiepoeng frå eit studieprogram, inn i det nye studieprogrammet, vil studenten få fullt stipend for studiepoenga sine. Men det vil ikkje bli gitt stipend til lenger tid enn grada er normert til, skriv statssekretær Borsch. 

Normert tid for til dømes ei bachelorgrad er tre, og i nokre tilfelle fire, år.

Auka prestasjonspress

Lektorstudentane i nordisk ved Universitetet i Bergen, Therese Eide og Arne Ørboe, meiner den nye ordninga vil auke det eksisterande presset dei meiner blir lagt på unge i dag.

– Det legg opp til at ein allereie på første forsøk etter vidaregåande skule skal vite kva ein vil gjere med livet sitt, seier Ørboe.

Medstudent Eide støttar han, og legg til at det er eit tiltak som vil ramme studentar som slit med økonomien eller motivasjonen.

KLASSESKILJER: Bachelorstudent i nordisk, Jennie Pedersen (til venstre) meiner at mindre omgjeringsstipend til studentar som bytter studie, vil føre til auka press på å fullføre studiar ein ikkje interesserer seg for. – Dette vil føre til eit auka fokus på prestisje. Til høgre er lektorstudent Therese Eide.

– Å studere noko det viser seg at ein ikkje interesserer seg for likevel, berre for å sikre økonomien, trur eg vil skape umotiverte studentar, fortel Eide.

Meint å auke motivasjonen

I ei pressemelding seier forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, at endringa blir gjort for å motivere fleire studentar til å fullføre grada si. 

– Å bli ferdig med utdanninga er viktig både for personleg økonomi og for samfunnet. Det uroar meg at så mange er innom høgare utdanning utan å ta ein grad, seier Nybø i ei pressemelding. 

Lektorstudent Eide meiner at studentar frå ressurssvake familiar kan føle seg pressa til å studere noko dei ikkje interesserer seg for, då dei kanskje har større behov for å få dei siste 15 prosentane av lånet omgjort til stipend.

– Om ein finn ut at ein har valt feil studium, vil det vere lettare for studentar med ressurssterke foreldre å bytte studium, då dei kanskje ikkje er like avhengige av å få fullt stipend.

Dette meiner ho vil skape klasseforskjellar i høgare utdanning, der studentar med ressurssterke foreldre, både med tanke på utdanningsløp og økonomi, vil dominere.

– Det er eigentleg dei svakast stilte studentane ein burde arbeide for å få inn i høgare utdanning, seier Eide.

AUKA MOTIVASJON: Forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, seier den nye stipendordninga skal motivere studentar til å fullføre grada si. ARKIVFOTO: Tore Thiesen.
Powered by Labrador CMS