Kultur

– På eit tidspunkt må vi sjå på kvarandre og tenkje «det er ingen som kjem for å redde oss»

Bo Milli (22), eller Emilie Østebø som ho eigentleg heiter, legg ikkje skjul på at ho er stressa av klimakrisa. No slepp ho sang som handlar om akkurat det.

SJØLVSIKKERHEIT. Bo Milli meinar hennar nye låt har ein eigen sjølvsikkerheit over seg.
Publisert Sist oppdatert

Studvest møtar ein spent Østebø på kafé noen dagar før låtslipp for å ta ein prat om låta – og Østebø sine bekymringar om klima. 

Ho fortel at låta blei til på videregående og at ho er glad for å få den ferdig.

– Den skil seg ut frå dei andre songane eg har gitt ut fordi den har ein eigen sjølvsikkerheit som eg synst er kul og strever etter. 

Reaksjonar på aktivismen

Bodskapen til låta handlar om kva slags ansvar ho har som enkeltperson i klimakrisa, som er komplisert, utdyp Østebø og legg til: 

– Eg veit enda ikkje heilt om eg har funnet svar på det spørsmålet.  

Refrenget til sangen utrykkjer ansvarskjensla og håplausheita hand i hand. Den ansvarsfråskriving ho kan flykte inn i og som andre brukar for å unnskylde seg frå sine eigne handlingar. 

FOTO: Truls Skram Lerø

– Når eg pratar om klimaet blir det fort litt sånn «Aah men kapitalismen.. Aah men éin prosenten..». Det er alltid ein eller anna unnskyldning å ha for seg sjølv. 

Organiseringa og aktivismen ho tidlegare har gjort i «stopp oljeletingen» har fått reaksjonar frå foreldra. Dei skjønner ikkje kvifor det er akkurat ho som skal ta ansvar for alle

– Dei seier at eg må ta vare på meg sjølv og huske at verda ikkje berre er på mine skuldre. Eg er visst og ein «bra person» sjølv om eg ikkje ofra alt for ein endring.

Men Østebø innrømmer i at det er noko sannheit i det foreldra seier.

FOTO: Truls Skram Lerø

– Det kjennest veldig latterleg og naivt å tenkje at ein kan endre noko. Samtidig så er det jo ein veldig feig måte å forhalda seg til det på. Låta handlar altså om ein utforsking av kva slags ansvar eg har og ikkje har som enkeltperson. 

Alle har eit ansvar

– Kva tenkjer du om at andre er så skeptiske til at du engasjerer deg i klimasaken?

Østebø tenkjer reaksjonane ho får frå andre rundt seg er ein prosjektering av ting dei treng å fortelje seg sjølv. 

– Då folk seier «det er ikkje ditt ansvar», så seier dei jo like mykje «det er ikkje mitt ansvar». Det er greitt nok på eit ein til ein plan, men nokon må gjere noko. 

Ho skulle ønskje at regjeringa og meir vaksne folk tok ansvar.

– På eit eller anna tidspunkt må vi sjå på kvarandre og tenkje at «det er ingen som kjem for å redde oss». Derfor må det vere oss unge som gjer noko. 

Bo Milli prøvar å ikkje kalle seg ein klimaaktivist. Ho meina ho berre er ein person som har lyst til å ha mat på bordet heile livet og ikkje har lyst til å sjå millionar av menneske på flukt.

Det ho vil folk skal få ut av å høyre musikken hennar er alvoret i situasjonen oss som samfunn lev i.

FOTO: Truls Skram Lerø

– Eg håpar alle stiller seg sjølv spørsmålet «Kva bør eg gjere gitt klimakrisa?»

Inspirert av studiet

Bo Milli kombinerar artistkarrieren med studiar i sosiologi ved Universitetet i Bergen (UiB) mens ho er artist. Ho meinar det er ein fordel å gjere begge deler. 

– Eg har i teorien studert og i praksis dreve med musikk. Det er deilig å kunne fokusere på noko anna og lese på biblioteket. 

Ho tar med seg sosiologien som fag inn i musikkskrivinga. 

– Det er fint å lese om andre enn seg sjølv som uttrykkjer seg. Ikkje minst kan dei mykje meir enn meg, som gjer det mogleg å lære nye perspektiv om kvifor menneske gjer som dei gjer. Dette synst eg og er interessant å utforske i mine eigne tekstar.

Draumen  er likevel å leve av musikken.

– Eg er ikkje ein veldig langttenkande person når det kjem til meg sjølv, men dersom moglegheita dukker opp, tar eg den. 

Powered by Labrador CMS