Meninger

Sammen sviktar studentane si tannhelse

Det er lett å velje vekk noko ein ikkje har råd til.

ILLUSTRASJON: TANJA SILVESTRINI
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Underteikna er ein av mange som utsette å gå til tannlege i fleire år grunna frykta for prisen. Dette var sjølvsagt korkje betre eller billegare i lengda, og smellen kom då eg fekk tannproblem i fjor. Etter ein tur på tannlegevakta til 800 kroner, og seinare ei undersøking hos Sammen Tannlege på over 700 kroner, kom prisoverslaget for den nødvendige behandlinga på 6600 kroner.

Etter ein har fylt 20 år blir tannlegen vesentleg dyrare. Dyrt nok til at berre ei undersøking kan setje eit djupt spor i utbetalinga studentar får frå Lånekassen kvar månad. Vidare behandling kan bli så dyrt at ein ikkje har råd utan jobb eller støtte heimanfrå.

Eg tek sjølvkritikk for å ha utsett tannlegebesøket, og for å ikkje ha behandla tennene mine godt nok. Men når berre undersøkinga kostar nær ein tidel av den månadlege inntekta til ein student utan jobb, er det ikkje rart at eg, og mange av mine medstudentar, vel å utsetje den. Tannhelse kjem ikkje under nokon stønadsordning, og ein får ingenting refundert av Sammen med mindre det gjeld skadar etter ei ulukke. Sammen Tannlege er ikkje eingong billegast, og dei krev betaling på staden. Den billegaste undersøkinga kostar ifølge hvakostertannlegen.no 590 kroner hos Bergen Tannklinikk AS, som òg har studentprisar på fleire av sine behandlingar.

Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (Sit), gjekk i 2017 frå å dekkje helseutgifter, tannhelse inkludert, til berre å dekkje tannhelseutgifter. Sammen, på si side, har no valt å gå frå ein helserefusjonsordning som dekkja utgifter til lege og fysioterapeut til å dekkje utgifter til psykolog. Desse tjenestane kjem alle under frikortordninga, i motsetnad til tannhelse, der heile rekninga må betalast av pasienten. Difor hadde det vore betre om Sammen hadde satsa på ei refusjonsordning for tannhelse så lenge dei ikkje har moglegheit til å gi stønad til alle formar for helseutgifter.

Refusjonsordninga til Sit inneber både tannbehandlingar og stønad på inntil 250 kr for ei ordinær tannhelsesjekk. Dette er eit godt insentiv for at studentar i første omgang faktisk går til tannlegen. Eg meiner at Sammen burde ha gått inn for å støtte, om ikkje alt av tannbehandlingar, så i det minste refusjon for undersøking. Det vil gi studentar eit insentiv til å faktisk sjekke si eiga tannhelse. Dei burde òg gi støtte til fjerning av visdomstenner og liknande. Mange har problem med visdomstenner som ikkje er grunna dårleg tannhygiene, og der løysinga er å få tennene trekt. Det kan bli ufatteleg dyrt for ein student. Om ein treng både undersøking og komplisert trekking, kan prislappen på behandlinga fort komme på 2000 kroner hjå Sammen. Dette er altså ein fjerdedel av pengane studentar får utbetalt i månaden.

Denne veka kan du lese at studentar nedprioriterer tannlege grunna pris. Direktør for Sammen Råd og Helse uttalar at ein må gå til tannlegen jamleg, sidan kostnadane kan auke om ein utset besøket. Det kan eg sjølv skrive under på. Men prisen handlar òg om kontekst. Ein tusenlapp for ein student kan kjennast dyrare enn eit mangedobla beløp når ein har full jobb og god løn. Det handlar om kva ein har råd til der og då. Om ein ikkje har pengar å setje av til tannhelse, er det forståeleg at ein utset det til ei tid der ein reknar med å ha betre råd, sjølv om beløpet blir høgare i mellomtida.

Eg trur at mange studentar rett og slett ikkje ser eit anna val enn å la vere å gå til tannlegen, framfor å få behandling dei ikkje har råd til. Om Sammen Råd og Helse vil at studentar skal besøke tannlegen jamleg, må dei òg leggje til rette for at det blir mogleg. Det er det ikkje for alle i dag.

Powered by Labrador CMS