Kultur

Slik går det for studenthusa i Oslo og Trondheim

Medan kurva peiker bratt nedover for studenthuset i Bergen, kan studenthusa i Oslo og Trondheim melde om «all-time-high» studentaktivitet og stabil økonomi.

ULIKE BESØKSTAL.Studenthusa i Bergen, Trondheim og Oslo har hatt svært ulike besøkstal dette semesteret. FOTO (f.v.): Studvest / Studentersamfundet / Kjetil Ree.
Publisert Sist oppdatert

Studvest har tidligare skrevet om korleis Kvarteret går ein million kroner i underskot og har rundt 200 færre frivillige enn før pandemien.

Til Studvest sa leiar Sara Mørland at ho hadde høge forventingar til opninga av samfunnet igjen, med og at studentene ville «strøyme til med frivillige og gjester, der alle var klare for å leve livet slik ein gjorde før».

Slik gjekk det altså ikkje.

– Det at ein endeleg får lov til å gjere ting, betyr ikkje nødvendigvis at ein har lyst til å gjere det, sa Mørland om dei låge besøkstala.

Studenthusa Oslo og Trondheim opplev derimot rekordhøge besøkstal etter pandemien.

«All time high» studentaktivitet

Leiar i Det Norske Studentersamfund og Chateau Neuf i Oslo, Andre Titland, fortel om låge forventningar til året som har vore.

– Vi starta opp på null, for Oslo var stengt ned grunna pandemi fram til februar i år.

Nå satsar huset på normal drift og omsetnad, slik han var før pandemien. Titland viser til tal frå proff.no som viser at dei i 2019 hadde driftsinntekter på 17,7 millionar kroner og eit resultat før skatt på 449 000 kroner. I 2021 hadde dei derimot inntekter på 11,8 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 396 000 kroner.

Sjølv om omsetnaden har vore lågare i pandemiåra, fortel Titland likevel om ein ting som har skote til vêrs etter pandemien: 

– Studentaktiviteten er all time high! Det er masse frivilligheit.

Titland har ein teori om at dei fleste studentar i dag har deltidsjobb, som gjer at dei ikkje er så interessert i å jobbe frivillig for det dei kan få betalt for ein annan plass. 

Titland kan avsløre at det ikkje blir store endringar for neste år utover frivilligheitsarbeid.

– Det er ei rolle som er i utvikling som vi må prøve å følgje. Vi må finne oss i at ting er i endring, og det er oppgåva vår å følgje denne utviklinga.

Rekordhøge besøkstal

Leiar av Samfundet i Trondheim, Una Onsrud, fortel om ein oppstart prega av pandemi, der studenthuset i Trondheim heller ikkje fekk opne før i midten av februar. Likevel har det gått bra, ifølge Onsrud. 

– No er vi på budsjett som at vi hadde hatt opent heile året. Vi ligg faktisk litt foran. 

Om økonomien for 2022 fortel Onsrud at dei styrer mot ei omsetnad på 54 millionar kronar, og eit resultat som går mot null. I 2021 viser tal frå proff.no at dei hadde 33,7 millionar kroner i driftsinntekter og 4,257 millionar kroner i resultat før skatt.

Onsrud understrekar at tala er litt urettferdige fordi dei fører inntekta for UKA, og dei står for store summar i tala deira. UKA i Trondheim arrangerast annakvart år, og består av ei rekke konsertar og arrangement i oktober månad. 

I Bergen arrangerast Uken annakvart år, men arrangementet er ikkje knytt til Kvarteret.

Leiaren fortel om eit mål huset hadde om å få opp tala på medlemmar og besøkjande. Og det målet ser dei ut til å lykkast med.

– Vi har hatt rekordhøge besøkstal, og har teke igjen trenden frå før pandemien. Haustsemesteret har vore spesielt bra. 

Onsrud fortel at det framleis er «veldig populært» å vere frivillig på Samfundet, sjølv etter pandemien, og at det er stor pågang på opptaka.

– Det er kjent i heile byen at for å få ei god studietid må ein engasjere seg i studentfrivilligheita, og da er Samfundet staden å vere. 

Powered by Labrador CMS