Regjeringa har foreslått 500 nye studieplassar til norske fagskular. Leiar for Organisasjonen for Norske Fagskolestudenter, Henning Skau, påpeiker at dei tidlegare lova det dobbelte.

BEHOV. Leiar i Organisasjonen for Norske Fagskulestudentar, Henning Skau, meiner regjeringa si nye satsing ikkje står i stil til studentane og næringslivet sine behov.


I forslaget til statsbudsjett for 2023 vert det foreslått å løyve 20 millionar kroner til 500 nye studieplassar på fagskulane i Noreg. 

Kor mange av dei 500 studieplassane som vert tildelt Vestlandet er ikkje sikkert.

Ifølgje forslaget til statsbudsjett vil dei verte fordelt gjennom at fylkeskommunane søker til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Ønskar 1000 plassar

Leiar i Organisasjonen for Norske Fagskulestudentar, Henning Skau, kallar forslaget både positivt og negativt. 

Han seier det er bra at regjeringa vel å satse på høgare yrkesfagleg utdanning, men påpeiker at dei la til grunn ei opptrappingsplan på 1000 nye plassar årleg i fem år i Hurdalsplattforma.

– Det kom ingen i fjor, og 500 i år, så me heng bakpå med 1500 plassar no. Det er positivt at dei satsar, men det står ikkje i stil til veksten av studentar, det økonomiske etterslepet i fagskulane eller til behovet frå næringslivet.

Kva ønskjer du frå regjeringa framover?

– Eg ønskjer at den vedtatte opptrappingsplanen blir iverksatt fullt ut, først og fremst med å auke til minst 1000 nye plassar no i år og at dei sørger for å ta igjen etterslepet på dei neste statsbudsjetta. 

Signal

I vår melde NHO om eit rekordhøgt og stadig aukande behov for fagskulekompetanse. 

Då peikte rektor ved Fagskulen Vestland, Torbjørn Mjelstad, på nettopp løyving av midlar til nye studieplassar for fagskulane som ein føresetnad for å snu trenden.

Er 500 studieplassar nok til å snu dette?

– Nei, det er det nok ikkje. Så det er viktig at desse midla vert retta inn der behovet for kompetanse og rekruttering er størst, som til dømes industri, bygg og anlegg og helse.

OPTIMIST. Torbjørn Mjelstad er optimist på fagskulane sine vegne, men understreker at dei har behov for å utvide. ARKIVFOTO: Iben Jorde

Likevel ser rektoren positivt på forslaget, og meiner det er eit godt signal for framtida til fagskulane.

– Det er eit signal om at dette er noko regjeringa ønskjer å satse på. Me veit at det er eit stramt budsjett og at andre ting må prioriterast no, så 500 nye studieplassar er ei byrjing. Så får me sjå om det blir ei vidare opptrapping i dei neste budsjetta. For det er ikkje tvil om at fagskulane har stort behov for å utvide. 

Er du optimistisk?

– Ja, eg er veldig optimistisk. Me er på rett veg no.

Svar frå Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet er forelagt kritikken frå Organisasjon for Norske Fagskolestudenter om at opptrappingsplanen frå Hurdalsplattformen ikkje er fulgt i 2022 og 2023.

TILSVAR. Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel svarar på kritikken frå ONF. Foto: Ilja C. Hendel

Slik svarar statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel:

– I eit stramt budsjett er eg veldig nøgd med at vi har fått på plass ei prioritering av fagskuleplassar. Dette ein solid satsing i ein viktig sektor, som har opplevd ein stor vekst dei siste åra. Det er løyvd middel til totalt 2 100 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning i 2020 og 2021. Dette er den største kapasitetsauka nokon gong og det er rekordmange fagskulestudentar.  Regjeringa vil at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, og foreslår derfor midlar til 500 nye toårige studieplassar til fagskulane.

Kommentarer

kommentarer