Debatt

Studentersamfunnet burde aldri invitert Lurås til debatt

Lesarinnlegg: Det framstår som at ein tenker «hei, Lurås og Resett er jo ei interessant motstemme på ytterkanten, her kan det vere kjekt å invitere til debatt». Gløymd er hatytringane mot Jirde Ali og andre minoritetsrøyster.

IKKJE RART. I dag er mange fortvila over at det å «ta debatten» ikkje bidrog til at det vart mindre rasisme i Noreg. Det er likevel ikkje så rart om vi ser på kva fagmiljøa seier om dette, skriv innsendar.
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Vinteren 2018: Den unge poeten og samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali vert utsett for ei omfattande kampanje av rasistiske hatytringar og truslar. Dette etter at den milliardærfinansierte nettbloggen Resett publiserte ei anonym tekst der ho vart omtalt som «spissen på det somaliske og særdeles aktivt fødende, tunge spydet som er kastet inn i Noreg». Det antydar at ho er representant for det ytre høgre trur er ein muslimsk invasjon av Noreg. Det er ein rasistisk konspirasjonsteori, som fagfolk har påpeikt.

Bakgrunnen for dette var at den unge aktivisten hadde vore litt halvfrekk med ei norsk elitepolitikar som på den tida var statsråd. Dette vart fylgt av ei massiv storm av hatytringar og direkte truslar mot Jirde Ali, av eit slikt omfang at til og med Statsminister Erna Solberg gjekk ut og tok avstand frå det. Det heile førte til at Jirde Ali av omsyn til eigen helse trakk seg som hovudtalar på 8. mars-markeringa i Bergen. Heilt på tampen snudde ho og stilte opp likevel, men har i tida etterpå haldt ei relativt lav profil.

Seinsommaren 2018: Studentersamfunnet i Bergen inviterer mellom andre Resett-redaktør Helge Lurås til å delta i ei debatt om presseskikk, tru det eller ei. Her skal ein altså ta opp korleis ein skal skape ein mangfaldig debatt utan å opne for ekstremisme, og så inviterer Samfunnet Helge Lurås, mannen som lar tekstar som den overnemnde publiserast på den glorifiserte bloggen sin, og som då Jirde Ali sende melding for å ta opp hatytringane mot ho, svarte med å seie at såpass fekk ho tole.

Studentersamfunnets arrangement får det til å virke som om det som hendte i vinter aldri fann stad. Det framstår som at ein tenker «hei, Lurås og Resett er jo ei interessant motstemme på ytterkanten, her kan det vere kjekt å invitere til debatt». Gløymd er hatytringane mot Jirde Ali og andre minoritetsrøyster, og gløymd er dei rasistiske konspirasjonsteoriane publisert på Resett.

Så kan det jo tenkast at dei vil utfordre Lurås, kanskje jamvel gje han ein real skyljebøtte for den rolla han og bloggen hans speler i norsk offentlegheit. Kan hende dei tenker at om ein legg til rette for ein rasjonell debatt, vil ein kan hende overvinne rasismen i samfunnet, slik vi alle var einige om å gjere etter 22/7.

Her ligg vår store feiltaking sidan den gong: Det at vi skulle nedkjempe rasisme med rasjonelle argument. Realiteten er at medan folk flest har eit rasjonelt potensial, så er menneske i hovudsak emosjonelle vesen som styrar på instinkt. I dag er mange fortvila over at det å «ta debatten» ikkje bidrog til at det vart mindre rasisme i Noreg. Det er likevel ikkje så rart om vi ser på kva fagmiljøa seier om dette.

Klaus Theweleit beskriv i Male Fantasies korleis fascismens målgruppe er menneske som på grunn av traume i oppveksten slit med å skilje mellom fantasi og røynda, og liten evne til å sjå gjennom ytre høgres retorikk. Theodor Adorno synte allereie i 1951 korleis fascistisk agitasjon handlar om emosjonelle appellar. I tillegg har ei nyleg studie frå Universitetet i Warszawa synt at jo meir hatytringar ein slepp til i samfunnet, desto meir fordommar vert det, fordi vi vert vand med hatet. Vi vert desensitiverte og avstumpa, medan hatytringane over tid vert ein del av det normale, og er i større grad med på å forme korleis vi tenker og handlar. Dette gjeld sjølv om det vert debatt med motstemmer. Det at vedkommande er invitert opp på scena er noko som gjev legitimitet til alt hen seier, uansett kor uhyrleg ytringane er under overflata, og motargumenta frå dei andre bekreftar berre konspirasjonsteoriane.

Derfor meiner eg at Studentersamfunnet i Bergen ikkje burde ha invitert Lurås til dette eller noko anna arrangement. Eg skal ikkje seie noko om kva Samfunnet lyt gjere med sitt arrangement slik det står no, men eg vil invitere Samfunnet til å reflektere over funna frå Universitetet i Warszawa og sjå om det ikkje er på tide å endre praksis.

Powered by Labrador CMS