– Å ha sex med seg sjølv er alltid eit godt alternativ

Talet på positive klamydiaprøvar gjekk opp i juli, sjølv i pandemien. Medisinstudentenes Seksualopplysning trur det kan vere fleire grunnar til det.

FÆRRE PRØVAR. Haukeland universitetssjukehus mottok færre prøvar i perioden mars-august 2020 enn i same periode dei siste tre åra. ARKIVFOTO: Aurora Berg.
Publisert Sist oppdatert

Fakta: Klamydia og gonoré

  • Klamydia og gonoré er to seksuelt overførbare infeksjonar som er forårsaka av høvevis bakteriane Chlamydia trachomatis og Neisseria gonorrhoeae.
  • Klamydia-bakterien kan smitte til skjede, penis (urinrøyr), og endetarmsponing, medan gonoré-bakterien også kan smitte til hals.
  • Smitteoverføringa skjer ved direkte kontakt mellom ein smitta og ein frisk person sine slimhinner ved samleie (vaginalt, analt og/eller oralsex).
  • Indirekte smitte kan oppstå via fingrane ved berøring av kjønnsorganer eller via sexleiketøy.
  • Kondom beskytter mot smitte.
  • Ubehandla infeksjoner av klamydia eller gonoré kan føre til nedsatt evne til å få barn.
  • MSO vil minne alle om at regelen for når ein skal teste seg er to veker etter sex (utan kondom) med ny partner.

Kjelde: Sex og samfunn sine nettsider. https://www.sexogsamfunn.no/sykdommer/seksuelt-overforbare-infeksjoner/klamydia/ og https://www.sexogsamfunn.no/sykdommer/seksuelt-overforbare-infeksjoner/gonore/.

Det vart registrert fleire positive prøvar på klamydia og gonoré i sommar.

Mikrobiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus fekk i perioden mars til august inn færre prøvar Chlamydia trachomatis (klamydia) og Neisseria gonorrhoeae (gonoré), men talet på positive prøvar gjekk likevel opp i juli. Det samanlikna med same periode i dei tre siste åra.

Antalet registrerte prøvar har også gått opp.

– Mest sannsynleg grunna korona

Chlamydia trachomatis er bakterien som fører til den seksuelt overførbare infeksjonen klamydia. Bakterien Neisseria gonorrhoeae fører til den seksuelt overførbare infeksjonen gonoré.

Medisinstudentenes Seksualopplysning (MSO) i Bergen meiner nedgangen i det totale talet på prøvar mest sannsynleg har ei samanheng med korona og dei omfattande smitteverntiltaka som blei iverksett som følgje av pandemien.

– No som utelivet har vore begrensa har nok også færre hatt like hyppig skifte av sexpartnar, og difor færre grunnar til å teste seg for desse kjønnssjukdommane.

Dei legg til at nokre også kan ha unngått å gå til helsestasjonen eller legen for å teste seg i frykt for å bli smitta av koronaviruset.

Avdelingsleiar ved Helsestasjon for Ungdom (HFU) i Bergen kommune, Therese Due, peiker også på koronautbrotet som ei forklaring på kvifor det har kome inn færre prøvar for klamydia og gonoré på Haukeland i år.

SEKSUALOPPLYSNING. MSO i Bergen er drive av frivillige legestudentar ved Universitetet i Bergen, med støtte frå Helsedirektoratet. Dei driv med seksualundervisning og oppsøkjande seksualopplysning på skular og institusjonar over heile Vestlandet. FOTO: MSO Bergen.

I tillegg til den openberre forklaringa med tanke på smitteverntiltak, spekulerer Due i om det at fleire studentar reiste heim då store delar av studiekvardagen blei digitalisert, kan ha bidrege til at fleire testa seg andre stader enn i Bergen.

Skal, skal ikkje?

På ein pressekonferanse 11. august fekk helse- og omsorgsminister Bent Høie eit spørsmål om kor forelska ein måtte vere for å bryte einmetersregelen. Til dette svarte han: 

«Viss dei er så forelska at dei tenkjer at dette er den eine som eg skal satse på gjennom heile pandemien, så er det heilt greitt å droppe einmetersregelen. Men viss dei har ein liten tvil, og tenkjer at ‘eg er berre forelska i denne personen i kveld og i morgon forelskar eg meg i ein annan’, så burde ein nok halde einmetersregelen.»

Men kor opptekne er unge til å halde einmetersregelen når det kjem til sporadisk «forelskelse», eller seksuell tiltrekning?

Meiner medstudentar har mindre tilfeldig sex

Organisasjon- og administrasjonsstudenten August Rolfsen ved Norges Handelshøyskole (NHH) har inntrykk av at medstudentane hans har hatt mindre tilfeldig sex under koronapandemien.

– Det er ikkje sikkert at det er på grunn av at folk har høyrt rådet til Bent Høie, men meir berre på grunn av situasjonen i seg sjølv. I tillegg har ein færre moglegheiter til å møte folk. 

Auke i juli

Sjølv om det totalt har kome inn færre prøvar i perioden mars til august 2020 samanlikna med mars til august dei tre førre åra, tok Haukeland i mot fleire prøvar i juli 2020 enn juli 2017, juli 2018 og juli 2019.

Avdelingsleiar Due ved HfU kan tenkje seg at dette kan ha ein samanheng med lempinga av smitteverntiltaka i ein periode i sommar.

– Det kan ha medført meir tilfeldig sex og større behov for testing, men me har inga fasit.

FÆRRE MOGLEHLEITER. Organisasjon og administrasjon-student August Rolfsen ved NHH trur medstudentane hans har mindre tilfeldig sex, og legg vekt på at moglegheitane for å møte folk er redusert.

– Samtidig som det blei lempa på smittevern kunne ein ikkje gjennomføre dei store utanlandsreisene. Når færre folk er bortreist på ferie er det fleire som er heime, som derfor har moglegheita til å oppsøke helsestasjonane for testing.

Når det gjeld den generelle pågangen på Engen helsestasjon har den alltid vore stor, også etter at korona blei eit aktuelt tema, ifølge Due.

Medlemma i MSO spekulerer i om det kan ha samanheng med at folk utsette testinga til dei var ferdig med alt studiearbeidet, eller om det kan henge saman med «våryren» som resulterer i meir seksuell aktivitet enn ellers i året.

Kvalitet over kvantitet

NHH-studenten Rolfsen syntes det er rart at klamydia-tala har gått opp i juli månad.

– Det verkar rart. Men kanskje folk har vore på meir intime festar, og difor vore meir intime med kvarandre.

MSO-medlemma råder Bergens studentar til å finne alternative måtar å tilfredstille sine seksuelle behov.

– Korona er ingen kjønnssjukdom, men det kan absolutt smitte under sex då det er vanskeleg å halde ein meters avstand. Utan å kome med råd slik som til dømes Canada har gjort, er smitterisikoen høg. Å ha sex med seg sjølv er alltid eit godt alternativ.

– Kva råd har dykk til studentar når det kjem til sex med andre personar enn sine nærkontakter?

– Som vår kjære Bent Høie sa så handlar det om kvalitet framfor kvantitet! Er det ein person du er så forelska i at du kjem til møte hen fleire gonger, eller ein du berre er forelska i i kveld? Det er lov til å ligge, men ikkje ligge rundt!

BESKYTTER IKKJE: – Korona er ingen kjønnssjukdom, men det kan absolutt smitte under sex då det er vanskeleg å halde ein meters avstand, forklarer MSO.
Powered by Labrador CMS