Dette er ikkje løysinga på studenters psykiske problem

Dei økonomiske rammene rundt vår psykiske helse blir sjeldan tematisert i debatten om psykisk helse, meinar innsendaren.

Hovedbilde: Silje Reitan Fridén
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Debattregler:

  • Vil du få din mening på trykk i Studvest? Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  • Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte og redigere innlegg.
  • Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, fremstår som reklame eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg selv.

Det er ingen hemmelegheit at studentar slit psykisk, ei heller at det finst ei samanheng mellom psykiske plagar og prestasjonspress. Det er heller ikkje utan grunn at «generasjon prestasjon» har blitt eit klisjéuttrykk dei siste par åra. Likevel er det noko som manglar i debatten om psykisk helse. Då eg las Studvest-intervjuet med Vivian Woodfin, datert 11. september, måtte eg svare.

Debatten om psykisk helse blant studentar er prega av sneversyn og fokus på enkeltindivid. At studentar slit psykisk blir ofte redusert til sosiale medium, prestasjonsangst og perfeksjonisme, og det er dette også Woodfin set fokus på. Dei økonomiske rammene rundt vår psykiske helse blir derimot ikkje tematisert. Dei siste tjue åra har dei økonomiske forskjellane i Noreg auka - uansett kven som har styrt - og studentar er blant taparane.

Overalt er vi omgitt av nyliberal ideologi som fremmer individualisme og konkurranse. Vi blir fortalt at økonomiske forskjellar ikkje er til å unngå - som ved ein naturlov. Den nye Saman-koppen, med sine vennlege kommentarar, passar godt inn i dette biletet. Å trykkje motivasjonsmeldingar på koppane er mykje billigare enn å tilsetje fleire studentpsykologar. I staden for tiltak som monnar, blir vi presentert med individuelle tiltak - vi må «gi litt meir faen». Greit nok.

Norske studentar er fattige og overarbeidde. Vi jobbar i snitt tolv timar i veka ved sida av studiane - meir enn studentane i våre nordiske naboland. Heiltidsstudenten høyrer med andre ord til fortida, dette fordi studielånet ikkje dekkjer alle utgiftene. Bustadsprisene i Bergen og Oslo har auka kvart år mellom 2015 og 2018, og husleige er kanskje den største enkeltutgifta for dei fleste studentar. Eg kjenner medstudentar som jamne mellomrom må ringe til foreldra sine for å spørje om pengar. Ei slik situasjon kan skape ei kjensle av å ikkje strekkje til, avmakt og skam - som i tur tærer på den psykiske helsa.

Det hjelper heller ikkje at det som møter oss etter studietida er eit stadig meir utrygt arbeidsliv. Deltid har blitt vanlegare, og fleire og fleire unge arbeider via bemanningsbyrå. Høge formelle krav til mange jobbar gjer at konkurransen om jobbane blir større. Er det rart det oppstår prestasjonspress?

Eg skal ikkje klandre Woodfin for å ikkje kritisere kapitalismen og nyliberalismen. Det er ikkje psykologane sitt ansvar å endre samfunnet. Nettopp derfor må psykisk helse bli eit kollektivt ansvar. Skal vi få bukt med dei psykiske helseplagene hos studentar, unge og andre treng vi eit menneskeleg samfunn, kor alle tar ansvar for alle og psykisk helse blir behandla på ein heilskapleg måte. Eit samfunn kor vi set folks behov framfor profitt, og planlegg økonomien etter interessane til fleirtalet. Eg vel å kalle det sosialisme.

Powered by Labrador CMS