Debatt

Eit budsjett på ville vegar

Problemet er ikkje å kutte BSTV, men problemet er måten ein kuttar på.

ARKIVFOTO: Håkon Benjaminsen
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Debattregler

  • Vil du få din mening på trykk i Studvest? Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  • Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte og redigere innlegg.
  • Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, fremstår som reklame eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg selv.

Kvar haust skal rundt 30 studentpolitikarar valde gjennom dei lokale studentdemokratia forvalte studieavgifta vår gjennom Bergen Studentvelforening. Den skal gå til organisasjonar som gjer ein viktig jobb for oss studentar i Bergen. Dei skal fordele pengar frå ein pott av studieavgifta, som i år er på 5.715.000,- kroner. Difor har dei sett ned ein komité som skal innstille på kor mykje kvar søkarorganisasjon får. Denne komiteen består av ulike studentar i Bergen frå dei ulike institusjonane.

I tillegg har ein vald at berre større organisasjonar skal få tildelt pengar direkte frå Studentvelforeninga, og har eit eige organ kalt Kulturstyret som deler ut til mindre organisasjonar. Kulturstyret får desse midla delt ut av Bergen Studentvelforening saman med dei større organisasjonane.

I 2016 vart Studentradioen i Bergen kutta med nesten 300.000,- frå året før. Sidan det har ein prøvd å sikre forutsigbarheit for organisasjonane som søker. Ein ønskte at organisasjonane skulle vite at dei kunne drifte sin organisasjon utan å vere redd for at ein plutseleg skulle få store budsjettkutt. Det er ingen tvil om at dei som sit i både budsjettkomiteen og i studentvelforeininga ønskjer å skape mest mogleg aktivitet for desse pengane.

Innstillinga frå budsjettkomiteen kom derfor som eit sjokk, når ein har flytta 300.000,- frå media, Studentersamfunnet og Jussformidlinga i forskjell til fjorårets budsjett over til idretten, sjølv om ein har fått 100.000,- meir inn i budsjettet i år. Dette forslaget går i størst grad utover Bergen Student-TV som er sette til 0,-. Problemet er ikkje å kutte BSTV, men problemet er måten ein kuttar på. For det første kuttar ein dei heilt, og det gjer at dei frivillige plutseleg ikkje veit om dei har ein organisasjon. For det andre, ved å ikkje gje pengar til Kulturstyret, ber ein dei velje mellom Bergen Student-TV og deira 60 studentorganisasjonar.

Budsjettkomiteen skriv i forklaringa til mange av kutta at det er trongt om pengane, og at dei har gjort små kutt for å få det til å gå opp. Likevel klarer dei å finne 400.000,- til idretten, sjølv om søknadene inneheld støtte til reise til Student EM som VT Vest tidlegare har vist lita støtte til, sidan dette er midlar som ikkje går til å bygge ein studentidrett for alle, men for nokon få.

Den tradisjonen me har hatt med å vere forutsigbare er viktig for alle studentane som vel å bruka si tid i dei ulike frivillige studentorganisasjonane i Bergen. Skal me ta vare på alle i den tida me er inne i no, så må me sikre at alle uansett interesse har ein stad å gå, og då er ikkje å trua budsjettet til nesten 60 studentorganisasjonar vegen å gå. Me skal støtte idretten, og eg er ein av dei første som skulle gitt meir til idrettsorganisasjonene i Bergen, men det må ikkje gå på bekostning av alle dei andre studentorganisasjonane i Bergen!

Morten Stene er tidlegare Læringsmiljø- og Velferdsansvarleg ved Studentparlamentet UiB og har vore delegasjonsleiar i budsjettprosessen i fjor. Stene er ikkje lenger knytt til organisasjonen.

Han er frivillig i Studentersamfunnet, som også søkjer midlar frå Bergen Studentvelforening.

LES OGSÅ:

Powered by Labrador CMS