– Gjer at me kjenner oss nedprioriterte

Studentane reagerer på at rommet dei les i ble booka av tilsette i tjukkaste eksamenstida. No vil det ikkje vere mogleg å booke området fram til 15. desember, i fylgje seksjonsleiar.

HIVD UT. Marie Gjøsund Kleppen og Kristine Helgheim måtte gå fra lesesalen midt i eksamenslesinga. FOTO: Aurora Aga Åsheim
Publisert Sist oppdatert

– Det var heilt stappfullt inne på rommet, og plutseleg blir me hivd ut fordi ei gruppe tilsette skal ha noko opplegg der, seier Marie Gjøsund Kleppen (21).

Hun og venninna Kristine Helgheim (22) tar begge ein bachelorgrad i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen (UiB).

Dei pleier å lese på Ulrike Pihls hus, kjent som U.Pihl, og har blitt glade i huset så lenge det har vore ope.

Studenthuset opna nyleg etter å ha blitt pussa opp i nærmare to år.

Trass mangel på leseplassar opplevde dei å måtte forlate leseplassen måndag førre veke fordi dei tilsette hadde booka området. Dagen etter var dei ikkje på lesesalen, fordi det var stengd da dei var der.

Rommet dei var i er eit ope areal med skjermar og tavler, kor fleire studentar les til eksamen i desse dagar.

MISNØGDE. Marie Gjøsund Kleppen og Kristine Helgheim er misnøgde med at dei blei nedprioriterte på lesesalen. FOTO: Aurora Aga Åsheim

– Eg kjente at eg blei veldig irritert. Det er jo ingen ledige leseplassar klokka tolv midt i eksamensperioden. Heime vil eg heller ikkje lese, for i leilegheita mi er det 14 grader, legg Helgheim til. 

For å vere sikra leseplass må studentane vere på plass tidleg, fortel dei.

– Viss du er her etter kvart over åtte er det ikkje ofte mange plassar att midt i eksamenstida, seier Kleppen.

Hadde vore noko anna i august

Studentane reagerer på at dei tilsette ikkje kan nytte eigne møterom for slike samlingar.

– Det hadde vore noko anna om det hadde vore august, og lesesalane ikkje var fulle. Men eg synest ikkje noko om at dei kan reservere ein heil lesesal på denne tida av semesteret, når me studentar ikkje har moglegheit til å gjere det same, meiner Helgheim.

– Det gjer at me som studentar kjenner oss nedprioriterte, utdjuper Kleppen.

Kleppen meiner at det ikkje er aktuelt for ho å lese så veldig mange andre stader i byen.

– Eg kjenner meg ikkje heilt velkomen på dei andre fakulteta, og i alle fall ikkje jussen. Då blir det jo til at me SV-studentar må kjempe om plassane på SV-biblioteket og no endeleg på U. Pihl, også.

Eit utprøvingssemester

Studiesjef ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet, Hilde Marie Rognås, bekreftar at rommet blei booka av ein gruppe bestående av tilsette frå SV-fakultetet frå klokka ti til tolv på måndag.

– Grunnen til at nettopp dette rommet var booka, var at det skulle bli gjennomført arbeid i grupper med bruk av skjerm og tavle, seier ho.

Ho legg til at dei ynskjer at kapasiteten og utstyret i rommet skal bli utnytta best mogleg.

– Samstundes har ikkje vi anledning til å kontrollere kor mange som brukar romma når dei er booka av tilsette eller studentar.

Rognås poengterer at dette er det fyrste semesteret etter at U.Pihl er ope igjen.

– Dette er med andre ord eit utprøvingssemester, der vi gjer oss mange erfaringar om korleis vi skal bruke huset på best mogleg måte, seier ho.

Dei har frå førre veke stengt av for nye bookingar fram til 15. desember, og at dei ser på moglegheita for å også stenge i neste eksamensperiode, for å sjå om det blir best mogleg plass til eksamensførebuingar.

OPE. Et nyoppussa Ulrike Pihls hus opna offiselt tidlegare i haust, etter å ha vore stengt i nesten to år. ARKIVFOTO: Pedro Rendon

– Fleire av bookingane er studentar som reserverer rom til kollokviegrupper og eksamensførebuingar, men det er også fleire møte, seminar og liknande i regi av tilsette frå SV-fakultetet andre fakultet og UiB sentralt.

Informerte på ein grei måte

Tysdag blei rommet booka av ei gruppe tilsette frå fleire fakultet, institutt og avdeling i ein time og 45 minutt. Det bekreftar Jon Eikhaug, seksjonsleiar for strategi og verksemdstøtte.

Da var dei ikkje studentane på lesesalen, fordi dei fekk beskjed om at det var stengt tysdag.

– Det er leit å høyre at studentane reagerte på at rommet blei brukt av oss, seier han.

Eikhaug fortel at dei brukte «etablert praksis» ved UiB, der rom kan bli booka av administrasjonen etter at undervisning er lagt inn.

– Det var altså ein forholdsvis kort periode rommet ikkje var tilgjengeleg for studentane.

Han peiker på at rommet har mange flatskjermar som dei trong til arrangementet, og at alternativet hadde vore å betale for eit konferansehotell.

– Vi håpar vi får til eit godt samspel framover, seier seksjonsleiaren.

Studvest presiserer: I en tidligere versjon av denne saken var det ikke oppgitt tydelig hvilken dag studentene måtte forlate lesesalen. Det er nå tydeliggjort at studentene måtte forlate lesesalen på mandag, og ikke på tirsdag.

Powered by Labrador CMS