Hardt ut mot regjeringa: – Hyklersk

Rundt 80 frammøtte trossa regnet onsdag kveld for å demonstrere mot regjeringa sitt forslag om å innføre studieavgift for internasjonale studentar. – Dette handlar sjølvsagt ikkje om diskriminering, eller rasisme, svarer Kunnskapsdepartementet.

MISFORNØYD. Leiar av Studenttinget på Vestlandet, Jelle Sebastian Bruin, er ein av initiativtakerane bak demonstrasjonen.
Publisert Sist oppdatert

Regjeringen foreslår i statsbudsjettet for 2023 å innføre studieavgift for studentar utenfor EU og Sveits i statsbudsjettet for neste år.

Dette skapte reaksjonar frå blant anna frå NSO og fleire studentpolitikare, som meiner at det rokkar ved gratisprinsippet i norsk utdanning.

I regjeringsplattformen for dagens regjeringen bestående av Arbeiderpartiet og Senterpartiet, Hurdalsplattformen, står det at «høgare utdanning i Noreg skal vere gratis, òg for internasjonale studentar.»

Eit titals apellantar tok til ordet på Torgallmeningen i Bergen sentrum for å kritisere regjeringa og det nye forslaget.

DEMONSTRASJON. Fleire av demonstrantane onsdag kveld la vekt på mangfald i akademia, og at utdanning skal vere gratis for alle.

Nathan Dubma kjem frå Zimbabwe og er i innspurten av masteren sin ved Universitetet i Bergen (UiB). Han kritiserer regjeringa for å diskriminere mot internasjonale studentar som kjem frå land utanfor Europa. 

– Eg kan forstå at dei vil ta betalt for internasjonale studentar som kjem til Noreg for å studere. Men eg forstår ikkje kvifor ein kan gi gratis utdanning til EU-borgarar og ikkje til alle andre internasjonale studentar. Det meiner eg er ekskluderande og rasistisk, seier han. 

EUROPA: Nathan Dubma stiller seg kritisk til det nye forslaget fordi det berre råker studentar utanfor Europa.

Han er stiller seg uforståelig til argumentasjonen frå regjeringa og meiner grunnlaget er tynt.  

– Eg trur at dersom politikken faktisk var for å spare pengar så ville dette gjelde for alle internajsonale studentar og ikkje berre dei utanfor EØS og Sveits.

Dumba meiner dette sett Noreg i nytt lys som internasjonal aktør. 

– Noreg fremjer seg som ein internasjonal pådrivar for demokrati i andre delar av verda, men no avgrensar dei det akademiske spelerommet, legg han til. 

Sjå kva politisk rådgjevar i Kunnskapsdepartementet, Signe Bjotveit, svarer nederst i saka.

– Dobbeltmoralske

Demonstrasjonen var initiert av Studentparlamentet ved UiB og Studenttinget på Vestlandet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). 

Oscar Dos Santos Kvalsvik er medlem av Arbeidsutvalet i Studentparlamentet, og meiner regjeringa er prinsipplause.

PROTEST: Det var nærare 100 personer som møtte opp under demonstrasjonen.

– Vi meiner det er motbydelig at regjeringa bryt løfta dei gjekk til val på, og er dobbeltmoralske når dei sjølve har kritisert tidlegare regjeringer for å bryte gratisprinsippet, fortel han. 

I følgje regjeringa er kjernen i gratisprinsippet at utdanningsinstitusjonar ikkje kan ta betaling dersom studietilbodet er fullfinansiert av staten.

– Noreg har til no tilbydd gratis utdanning til alle studenter uavhengig om dei er fødd i Laksevåg, Oslo eller i Rio de Janeiro. Dette har Arbeiderpartiet vore ein stor pådrivar for, derfor meiner eg det er uforklarlig at dei no foreslår å gå vekk i frå det. 

Kvalsvik er kritisk til korleis dette kjem til å påverke utdanningsmangfaldet i Noreg. 

UT MOT REGJERINGA. Oscar Dos Santos Kvalsvik meiner regjeringa bryt løfta dei gjekk til val på.

– Utdanningstilbodet blir fattigare, studentdemokratiet blir fattigare og Noreg blir fattigare av den kunnskapen som vi mister. Det vil påverke måten studentar snakkar med kvarandre på, spesielt i ein kvardag der vi ser det er nødvendig med eit breiare mangfald på campus, seier han. 

– Kan du forstå utdanningsminister Ola Borten Moe sitt argumentet om at norske studentar betalar studieavgift når dei studerer i utlandet?

– Ja, norske studentar må betale i andre land, men dei får også støtte frå Lånekassen for å betale dei skulepengane, samt stipend og lån. Det får ikkje dei internasjonale studentane som kjem til Noreg, hverken av Lånekassen eller av tilsvarande organ i eige heimland. 

– Regjeringa er hyklersk

Jelle Sebastian Bruin er leiar av Studenttinget på Vestlandet (STVL) og meiner forslaget vil stenge ute ressurssvake studentar som vil ta utdanning i Noreg. 

– Dette vil råke ein liten del av dei internasjonale studentane, men ei veldig utsatt gruppe. Regjeringa velger å stenge ute dei som ikkje har ressursar til å ta utdanning, og som kjem til Noreg for å få utdanning av høg kvalitet. Det er forderdeleg at regjeringa meiner at utdanning kun er for dei ressurssterke, fortel Bruin. 

Bruin skildrar det som ei enkel løysing på ei vanskeleg problemstilling. 

– Regjeringen seier dei skal spare penger, men i det store og heile er det ikkje snakk om så mykje penger. I Hurdalsplattformen lova dei å verne om gratisprinsippet og den plattformen er premisset for å kunne danne regjering. Regjeringa er hyklersk, legg han til. 

RESSURS. Jelle Sebastian Bruin meiner at regjeringa stenger ute ressurssvake studentar frå høgare utdanning.

Har du noko du vil seie til Forsknings- og høgere utdanningsministeren?

– Nei, eg trur ikkje han bryr seg uansett, avslutter han.

Handler ikkje om diskriminering

Signe Bjotveit (Sp) er politisk rådgjevar for forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe. Ho svarar på kritikken i ein e-post til Studvest.

– Dette handlar sjølvsagt ikkje om diskriminering, eller rasisme. Noreg er forplikta etter EØS-avtalen til ikkje å diskriminere borgarar frå andre land i EØS-området. Studentar frå land innanfor EØS-området skal behandlast på lik linje med norske studentar. Sidan vi ikkje har studieavgifter for norske studentar, kan vi heller ikkje kreve studieavgift frå desse studentane, skriv ho.

Gratisprinsippet står fortsatt fjellstøtt i norsk høgare utdanning, skriv Bjotveit.

– Norske studentar og dei som har rettar til trygd frå Lånekassa, får sjølvsagt gratis utdanning. Her gjer vi det same som omtrent alle land rundt oss. Noreg har vore ein av få europeiske land som har hatt gratis utdanning for studentar utanfor EØS og Sveits.

– For å kunne ta ein full grad i Noreg er det eit krav at studentane skal ha over 120.000 kroner ståande for underholdelseskrav. Det er dessutan dyrt å leve i Noreg. Det er dermed rimeleg å anta at det allereie i dag ikkje er dei minst ressurssterke som kjem til Noreg for å studere.

Dei meiner at forslaget vil frigjere studiekapasitet tilsvarandre 2600 toårige plassar, til ein verdi av 225 millionar kroner i 2023, og 900 millioner kroner fullt opptrappa i 2025.

– Innføringa av studieavgift er derfor eit viktig bidrag for å halde oppe den samla kapasiteten i høgare utdanning for studentar frå Noreg og andre EØS-land. Det vil også gje institusjonane moglegheit til alternative inntektskjelder, anna enn frå staten, legg Bjotveit til.

PRINSIPP. Signe Bjotveit, politisk rådgjevar for Ola Borten Moe, seier at gratisprinsippet fortsatt står fjellstøtt i norsk høgare utdanning. PRESSEFOTO: Ilja C. Hendel

Ho presiserar at dei ikkje stenger ute internasjonale studentar.

– Studentar utanfor EU/EØS og Sveits som kjem som utvekslingsstudentar til Noreg på avtalar mellom norske og utanlandske institusjonar slepp studieavgift. På den måten held vi oppe moglegheita for studentar frå alle land i verda til å komme til Noreg for å studere utan betaling.

Powered by Labrador CMS