Internasjonal og einsam

Bergen sine internasjonale studentar har vore gjennom utryggleik, redsle, oppseiingar og permitteringar. Mange må reise heim og avbryte utdanninga. Her er deira historie.

ARKIVFOTO: Daniella Daae
Publisert Sist oppdatert

Det er berre dagar før Erna Solberg sin pressekonferanse. 

Nyhenda kjem om at koronaviruset spreier seg i land etter land. Norske studentar byrjar å tenkje på kva som kan skje når viruset kjem hit. Permitteringar. Heimreiser. Nokre vil få dagpengar, mange vil stå på bar bakke.

Mange av Noregs internasjonale studentar kjenn det knyte seg i magen. For dei som ikkje er EØS-borgarar, har stipend og lån frå Lånekassen aldri vore eit alternativ. Mange er heilt avhengige av løna deira, og permitteringar ligg i horisonten. Men som alle andre studentar, har dei ikkje krav på dagpengar. 

Shifat Rahman er ein internasjonal student i Bergen, og har mykje kontakt med dei andre internasjonale studentane i byen. Redsla i miljøet har allereie spreidd seg i dagane før. Dei fekk nemleg høyre ting som ikkje alle andre fekk høyre. 

– Dei kinesiske studentane i Bergen fekk informasjon heimefrå om kor raskt viruset spreidde seg, og dei byrja å oppføre seg annleis. Det fekk eit par alarmar til å gå. 

– Men vi var fortsatt ikkje sikre. Og plutseleg kom viruset til Noreg. Då blei vi redde. 

For dei internasjonale studentane var faren for ein kjedereaksjon høgst til stades. 

– Dei fleste internasjonale studentane bur på Fantoft. Vi tenkte at om viruset kom til Fantoft, ville alle bli smitta. 

– Så fekk mange av studentane informasjon frå sine universitet i heimlandet om at dei kunne reise heim og likevel få godkjend utdanninga si. Det stressa oss også – slike ting skjer berre når eit land er i krig.

GSA. Shifat Rahman er også listeleiar for Generell Studentallianse, og har difor god kjennskap til dei internasjonale studentane ved UiB. ARKIVFOTO: Daniella Daae

Nokon valde å bli verande i Bergen, men for mange var det eit enkelt val å vende snuta i retning heimstaden. For mange andre var det imidlertid ikkje uproblematisk å reise.

– Nokre av dei internasjonale studentane hadde familiemedlem som var smitta. Desse studentane fekk eit vanskeleg dilemma: Skulle dei bli i Bergen heilt åleine, eller skulle dei reise heim, og risikere å bli smitta av familiemedlemma? 

12. mars

Erna Solberg annonserer dei strengaste tiltaka ein har hatt i Noreg i fredstid. Eit annleis Noreg er blitt eit faktum. 

– Då Erna Solberg annonserte restriksjonane, skjønte vi at det verkeleg var alvorleg. Vi visste ikkje kva som kom til å skje med oss.

Som alle andre var redsla stor blant dei internasjonale studentane. 

– Kombinasjonen av stress og redsel er grusom. I slike tilfelle søkjer ein saman i grupper, men det var jo det siste ein skulle gjere no. Så vi var heilt aleine. 

Ei anna utfordring for dei internasjonale studentane var informasjonsflyt. Nyhende på norsk var ikkje til hjelp for mange av dei. 

– Mange av dei internasjonale studentane pratar jo ikkje norsk, så mange sleit med å forstå nyhenda.

– Folk fekk ikkje informasjonen dei trong for å forholde seg til situasjonen. Då universiteta stengde, arrangerte mange av dei internasjonale studentane festar heime hos seg sjølve, som ikkje var i tråd med reglane som kom frå myndigheitene. Dei visste jo ikkje at det ikkje var lov.

Redsla for kva som kom til å skje for dei som vart permittert byrja å bli verkeleg for dei internasjonale studentane.  

– Dei som var avhengige av løn for å overleve, visste ikkje kva som kom til å skje med dei. Dei fleste internasjonale studentane som jobbar, er tilsett i servicenæringa, som fekk ei ekstrem belastning som fylgje av krisa. Det resulterte i at dei fleste internasjonale studentane vart permitterte.

– Vi trudde vi skulle få dagpengar om vi blei permittert, fordi vi betalar like mykje i skatt som alle andre. Men så gjekk det opp for oss at ingen studentar kan få dagpengar, inkludert oss. 

– Korleis skulle ein overleve utan løn? 

8. april

Universitetet i Bergen (UiB) innfører eit koronakrisefond for internasjonale studentar. 

Ein kan søkje om 10.000 kroner frå fondet om ein tar ein to-årig engelskspråkleg master. Regjeringa har ikkje gitt noko signal om at internasjonale studentar skal få økonomisk assistanse frå nasjonalt hald.

Dei internasjonale studentane er framleis i ei mellomstilling: Om dei ikkje er frå EØS-området har dei ikkje krav på støtte frå Lånekassen, men så lenge dei er studentar i Noreg kan dei ikkje søkje om dagpengar om dei er permittert. 

Krisefondet er ei naudline for dei internasjonale studentane ved UiB. 10.000 kroner er ikkje nok til å overleve fram til samfunnet normaliserer seg, men det er betre enn ingenting, meiner Shifat. 

– Det var eit ljos i mørket. I det minste har vi nok til å betale leige eit par månadar.

Framtida er framleis usikker for Bergen sine internasjonale studentar. 

– På kort sikt er krisetiltaka nok til å klare seg. Om eg samanliknar vår situasjon med andre land, er det utruleg godt. I Australia fekk dei internasjonale studentane beskjed om å pakke saman og reise om dei ikkje kunne forsørgje seg sjølv. 

– Vi blei ikkje etterlatte til oss sjølve. Det set eg stor pris på. 

Men Shifat trur krisa kjem til å gjere eit varig inntrykk på Bergen si internasjonale studentmasse. 

– Det blir færre internasjonale studentar i Bergen. Mange som kjem her for å studere, blir her fordi moglegheitene for vidare studier og arbeid er så gode. Men slik som situasjonen er her nå, er det for usikkert. 

– Det er enklare å reise heim.

Powered by Labrador CMS