Masterstudentar får ikkje fast leseplass på HVL

Høgskulen meiner ordninga deira er føreseieleg, medan studentane er bekymra dei må skrive oppgåva si i kantina.

MASTER. Birger Buland (til venstre), Erik Ekrem og Tina Foss er frustrerte over at dei ikkje får fast leseplass på nye K2.
Publisert Sist oppdatert

Tidlegare i år opna Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt nye bygg Kronstad 2 (K2), som inneheld arbeidsplassar til både studentar og tilsette ved høgskulen, samt auditorium og klasserom.

På K2 har høgskulen innført ein «clean desk policy» som gjer at korkje tilsette eller studentar har faste arbeidsplassar i bygget. Masterstudentane Erik Ekrem, Tina Foss og Birger Buland reagerer på at dei ikkje får faste leseplassar.

– Eg skjønar ikkje at høgskulen ikkje legg betre til rette for sine eigne masterstudentar. Me skal jo faktisk forske i regi av og i høgskulen sitt namn, seier Erik Ekrem som i haust skal byrje på masteroppgåva si i samfunnsfagdidaktikk ved HVL.  

K2 har to lesesalar øyremerkt til masterstudentar, men det er berre mogleg å reservere ein plass fire dagar kvar fjortande dag. 

OPPGITT. Erik Ekrem tykkjer at det ikkje går an å kome på skulen og håpe å finne ein plass som er ledig.

– Me er jo fulltidsstudentar som tar ei mastergrad, så fire dagar på to veker er ikkje nok, meiner Ekrem.

Då høgskulen leigde lokale i Møllendalsveien seier masterstudentane at dei hadde tilbod om å reservere fast leseplass. Dette tilbodet misser dei med overflyttinga til K2.  

Uaktuelt å skrive master i kantina

Tina Foss seier at studentane hadde gleda seg til å få betre boltreplass i det nye bygget. 

– Det er veldig kjipt for oss som har hatt dårleg plass heile tida. Motivasjonen har vore å koma bort i det nye bygget, men så misser me plutseleg ei moglegheit som var der før, meiner ho.

Birger Buland understrekar og at kampen om leseplassar ikkje er eit nytt problem.

– Dei fleste i klassen har gått på høgskulen sidan 2014, me har lese på pianorom eller i kantina. Me kan ikkje skrive på masteroppgåva i kantina, det er heilt uaktuelt, seier han.

Masterstudentane seier dei ikkje er kresne og fortel at dei gjerne kan sitje i eit av dei gamle bygga, så lenge dei har ein fast plass å jobba med oppgåva si. 

MASTERSAL. To av dei nye salene er øyremerkt masterstudentane, men grunna korona er det ikkje mogleg å nytta alle plassane.

– Me har ikkje lyst til å virke som utskjemde studentar som nettopp har fått ein ny flott skule, men det hjelp ikkje når fasilitetane ikkje held mål, seier Buland. 

Fleire leseplassar enn før

Kristian Sjøli, som er organisasjonskonsulent ved HVL, fortel at det ligg ei tanke bak ordninga med masterlesesalar i nye K2. 

– Det er fleire plassar no enn før. Litt av poenget er at alle skal få ein plass uansett om dei skal innom to timar eller ein heil dag, seier han. 

Gjennom denne ordninga skal dei prøve å sjå om fleire studentar kan dra nytte av lesesalplassane. Sjøli seier at dekningsgrada er spesielt viktig no når ein ikkje kan nytta alle pultane grunna koronaviruset. 

– Me skal sjå korleis dette fungerer og evaluere ordninga mot slutten av semesteret.

Sjøli seier at det gjer det føreseieleg for studentane at dei kan reservera plass fire dagar kvar fjortande dag på nettet. 

Demotiverande for studentane

Masterstudentane er bekymra for at mangelen på fast arbeidsplass skal gå ut over oppgåva deira. 

– Me har jo sjølvsagt ansvaret sjølve, men det er demotiverande å måtta koma på skulen kvar dag utan å vite om ein får plass eller ikkje, seier Foss. 

Studentane understrekar at faste masterleseplassar er vanleg hjå andre høgskular og universitet.

Ekrem fortel at det handlar mykje om trivsel og motivasjon, og at det er viktig med faste rammer og eit godt arbeidsmiljø. 

– Det blir berre å møta opp og håpa på å finne ein plass. Det er ikkje eit føreseieleg, trygt og sosialt arbeidsmiljø, meiner han. 

Høgskulen svarar

I ein e-post til Studvest skriv prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik, at høgskulen har nok studentarbeidsplassar på campus.

– Det nye bygget inneheld sju større lesesalar, og to av dei er føreheldt masterstudentar.

Dei forstår at overgangen til nytt bygg er krevjande for nokre av studentane, men den felles regelen for studentar og tilsette i det nye bygget er at ingen har faste plassar.

Høgskulen presiserer at det gamle lesesalreglementet opna for at masterstudenter kunne søkje fast leseplass inntil to semestre. Dette reglementet blei endra i samråd med Studenttinget.

Powered by Labrador CMS