Trekte seg i protest frå Studentersamfunnet sin kjønnsdebatt

Reagerer på invitasjon av kontroversiell samfunnsdebattant.

TREKTE SEG. Karoline Skarstein reagerer på at Studentersamfunnet har invitert Tonje Gjevjon til kjønnsdebatten. – Ho er ein hetsar, seier Skarstein.
Publisert Sist oppdatert

Torsdag vert debatten «2, 3 eller 7 kjønn?», som mellom anna skal handle om kjønnsidentitet og juridisk kjønn, arrangert på Kvarteret.

Karoline Skarstein skulle eigentleg delta i debatten, men valde å trekkje seg då Studentersamfunnet også inviterte Tonje Gjevjon. Gjevjon er spaltist i Dagbladet, og har fleire gongar uttala seg kritisk i debatten om kjønnsidentitet.

Skarstein fortel at deltakarlista ikkje var ferdig då ho sa ja til å vere med på debatten. Ho seier også at ho opplevde forholda rundt debatten som uklare, mellom anna når det gjaldt om ho fekk lov til å konfrontere Gjevjon med tidlegare utsegn.

– Etter kvart sa eg at når det var så uklart, og dei eigentleg ikkje veit kva dei driv med, hadde ikkje eg lyst til å delta, seier ho.

Meiner Samfunnet følgjer eit standardoppsett

I tillegg reagerer Skarstein på at Samfunnet var opptekne av å få ein annan transperson med i debatten etter ho trekte seg. Ho meiner dette tyder på at Samfunnet følgjer eit standardoppsett når dei set saman debattpanel.

– Treng ein ikkje ueinigheiter i ein debatt?

– Sjølvsagt gjer ein det, men det er det som er litt av problemet no. No sit ein med ein debatt der alle er einige utanom Gjevjon. Til dømes er det mange ting eg er ueinig med FRI om. Dei har ikkje brydd seg om å finne folk som er ueinige, men merkelappane på dei som er med.

– Viktig med sivilisert diskusjon

Skarstein legg til at det finnast fleire skeptiske røyster i kjønnsdebatten, men at det er viktig å diskutere temaet på ein sivilisert måte. Det meiner ho Gjevjon ikkje gjer.

SKULLE VORE HER. Karoline Skarstein skulle eigentleg delta i debatten om kjønnsidentitet og juridisk kjønn på Kvarteret torsdag.

– Her inviterer Samfunnet ein person som mellom anna seier at eg er farleg, og at ein bør beskytte barn mot meg. Så forventar dei at eg skal sitte overfor ho å behandle ho som ein heilt vanleg debattant. Ho er ikkje det, ho er ein hetsar, seier Skarstein.

Ho er også kritisk til måten Gjevjon argumenterer på i debattar.

– Ho har ein måte å vri på småting i det som finnast av kunnskap, og misbruke det. Det kan vere vanskeleg å slå ned på med mindre du kan det feltet ho misbrukar ganske godt, og det kan ikkje folk flest.

– Det minst farlege er å ta debatten

Tonje Gjevjon kjenner seg ikkje igjen i Skarstein sine påstandar om at ho hetsar meiningsmotstandarar og misbrukar forsking i debattar. Studvest presiserer at det er Gjevjon sjølv som omtalar Karoline Skarstein som «han».

– Det vil alltid vere sånn at ein vektlegg forsking forskjellig. Om det er noko Skarstein er ueinig i hadde det vore betre om han stilte til debatt. Det minst farlege ein kan gjere er å ta debatten, seier ho.

– Synest du transpersonar er farlege?

KJØNNSIDENTITET. Tonje Gjevjon meiner kjønnsidentitet ikkje kan trumfe fødselskjønn. FOTO: Privat.

– Nei, ein kan ikkje snakke om store grupper menneske på den måten. Det er ei slutning han får stå for sjølv.

– Ikkje lenger ein seriøs debatt

Skarstein seier at ho ikkje er redd for at utsegnene til Gjevjon kan verte ståande uimotsagde i debatten. Ho reagerer likevel på at det er for få fagfolk i debattpanelet.

– Synest du det i heile tatt er greitt å invitere nokon som er skeptiske til fleire kjønn og kjønnsskifte?

– Sjølvsagt, og det finnast garantert fagpersonar på UiB som er skeptiske. Spørsmålet er kva argumentasjon du har for påstandane dine, og om du klarer å belegge dei.

– Kommunikasjonen kan ha vore dårleg

Debattleiar Thora Bjørke Sandberg i Studentersamfunnet synest det er trist at Skarstein valde å trekkje seg frå debatten. Ho seier også at noko av kommunikasjonen mellom komitéen og Skarstein kan ha vore dårleg.

– Eg valde difor å ringe til Skarstein dagen etter ho trekte seg, for å oppklare misforståingane, mellom anna at ho skulle få moglegheita til å svare på dei tidlegare utsegnene til Gjevjon.

– Kva tenkjer du om at Gjevjon kan vere såpass krass i utsegnene sine?

– Vi inviterer debattantar uansett om dei uttalar seg krast eller ikkje.

– Har ikkje eit standardoppsett

Ifølgje Sandberg har dei heller ikkje noko standardoppsett på korleis dei set saman eit debattpanel.

– Studentersamfunnet får fleire nye medlemmar kvart semester. Vi prøvar å lære dei nye opp i korleis debattpanel kan setjast saman, men vi har ikkje nokon mal for korleis det skal gjerast. I tillegg oppmodar vi medlemmane til å vere kreative, seier ho.

Vidare seier Sandberg at Studentersamfunnet er opptekne av at debattane dei arrangerer skal vere seriøse.

– Vi inviterer ikkje til debatt for å lage show. Samtidig er vi opptekne av å trekkje fram skiljeliner i samfunnet, og sette fokus på ting studentar synest er interessant.

– Riktig at det blir diskusjonar

Sandberg fortel også at det til denne debatten er invitert ein jurist som kan ha ei meir fagleg tilnærming til debatten, men at det viktigaste for Studentersamfunnet har vore at debattantane har ei personleg tilknyting til temaet.

Tonje Gjevjon er ikkje den første debattanten Samfunnet har invitert som har skapt reaksjonar. Tidlegare har mellom anna Hans Lysglimt Johansen og Helge Lurås ført til diskusjon i studentmiljøet.

– Kva tenkjer du om at det igjen er kontroversar rundt nokon de har invitert til debatt?

– Det er veldig i tida å diskutere slike ting, og ein ser det fleire stader. Då er det riktig at det også blir slike diskusjonar i studentmiljøet i Bergen.

Studvest presiserer at Karoline Skarstein tidlegare har jobba som journalist i Studvest. 

Powered by Labrador CMS