Viktigheita av å kunne begge skriftspråk

Når sjølv ikkje eksamensoppgåver er skrive på korrekt nynorsk er det på tide at universitetet tar grep.

SIDEMÅLSFORKJEMPAR. Studvest-journalist Kristina Haugen Moe synast at nynorsken ved Universitet i Bergen er for dårleg.
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Debattregler

  • Vil du få din meining på trykk i Studvest? Send innlegget ditt på e-post til ansvarligredaktor@studvest.no.
  • Typiske innlegg er rundt 500 ord.
  • Lengre innlegg kan vurderast i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte innlegg.
  • Vi trykker ikkje innlegg som har vore publisert i andre aviser, eller som er hatske og trakasserende.
  • Legg ved et portrettbilde av deg sjølv.

Som fødd og oppvaksen i ein nynorskkommune har eg sidan eg var liten hatt nynorsk som mitt hovudmål. På grunn av nynorsk som hovudmål har eg ofte følt meg motarbeidd og forbigått. Spesielt i akademiske samanhengar.

«Bare», «følgjene» og «det vil si at de (…)». Dette møtte meg på eksamen ein sein haustdag i 2017. Det gjekk mykje tid til unødvendig irritasjon over kor dårleg nynorsk det var. Heile resten av eksamen var ei blanding av bokmål og nynorsk. Det kunne verke som om professoren som laga eksamen frå tid til annan gløymde ut at han heldt på å oversetje eksamen til nynorsk også.

Eg synest heilt klart at dette skal vere unødvendig på eit universitet, og uakseptabelt av eit universitet på Vestlandet. Eit minstekrav bør kunne vere å få eksamen på rett skriftspråk – utan openbar språkfeil. Det er i alle fall det minste å krevje frå eit universitet som har høge mål om jamstilling av dei to skriftspråka. Dersom ein eksamen på bokmål hadde hatt mange ord på nynorsk innblanda, kunne dette ha ført til at studenten i verste fall hadde misforstått oppgåva.

I retningslinjer for målbruk ved UiB står det at: «Som Vestlandsuniversitet er det naturleg at UiB legg seg på ein nynorskprosent som er noko høgare enn minstekravet (…)». Kravet til UiB er at minst 30 prosent av alt skriftleg materiale ved UiB skal vere på nynorsk. Det er vidare også eit krav at me, som studentar, skal få eksamensoppgåvene på den målforma me sjølv ønskjer. Men når den har mykje openbare skrivefeil synest eg at eg ikkje får det eg faktisk har krav på.

Ein annan ting eg har stussa over er at øvingsoppgåver, løysingsforslag til seminar og andre dokument som blir lagt ut på mittuib berre er lagt ut på bokmål. Då er det også vanskeleg å plutseleg skulle få ein eksamen på nynorsk, når alt anna ein har fått utdelt er på bokmål. Eg synest heilt klart at det bør bli tilbode å få alle dokument også på nynorsk. På den måten er vi med på å likestille dei to skriftspråka, i tillegg til at det blir lettare å nå målet til universitetet sjølv.

Eg har ei klar oppfordring til Universitetet i Bergen. Når ein jobbar innanfor akademia bør minstekravet vere å kunne gi eksamen, den viktigaste testen for studentar, på rett skriftspråk og utan språkfeil. Eg synest at det bør bli betre kvalitetssjekk av nynorsktekstar. Og eg synest at me som har nynorsk som hovudmål, uansett kor få me er, også bør få lov til å få oppgåvetekstar og andre dokument gitt på vår målform. Nynorsk er gode, gamle og norske dialekter. Bokmål stammar trass i alt frå dansk. 

Powered by Labrador CMS