Nyhet

Åtvarar om svindelforsøk mot studentorganisasjonar

Studentparlamentet ved NLA vart utsette for svindelforsøk. Ein annan studentorganisasjon har vorte svindla.

ÅTVARAR. Marte Haugen og Sindre Bakke Marthinussen frå Studentparlamentet ved NLA Høgskolen vil hindre at studentorganisasjonar vert svindla.
Publisert Sist oppdatert

Torsdag for to veker sidan vart Studentparlamentet ved NLA Høgskolen utsett for eit svindelforsøk. Politisk nestleiar Sindre Bakke Marthinussen fortel at det heile starta med ein mail som vart send til den private adressa hans.

– Eg fekk ein mail som vart fanga opp av spamfilteret, men sidan det kan skje at seriøse mailar vert fanga opp her går eg alltid gjennom det. 

Mailen kom frå nokon som utgav seg for å vere leiaren i Studentparlamentet, Marte Haugen. Då Marthinussen sende mail tilbake til svindlarane vart han raskt beden om å overføre eit stort pengebeløp. 

– Då tenkte eg med ein gong at det måtte vere svindel. Eg såg òg nærmare på adressa mailen var send frå, som ikkje var kjend.

Velferdstinget åtvarar

Nestleiar i Velferdstinget Vest, Line Korsmo, stadfestar at dei i tillegg til NLA kjenner til eitt anna svindelforsøk mot ein studentorganisasjon denne hausten. I dette tilfellet lukkast svindlarane i å få pengar frå organisasjonen. Etter dette vart kjend har Velferdstinget forsøkt å åtvare andre organisasjonar.

– Vi har prøvd å sende ut mail til alle organisasjonane som mottar semesteravgiftsmidlar, i tillegg til at vi har bede Kulturstyret informere organisasjonane som får midlar av dei, men vi har ingen garanti for at denne informasjonen når ut til alle.

Korsmo oppmodar studentorganisasjonar til å vere observante når dei mottar førespurnader om betaling.

– I studentorganisasjonar er det ofte store utskiftingar og ulik kompetanse, seier Korsmo, og legg til at alle organisasjonar som skal motta semesteravgiftsmidlar frå og med neste år må gå gjennom eit økonomikurs. 

– Såg truverdig ut

Marthinussen fortel at han hadde fått med seg at det hadde vore forsøk på svindel av studentorganisasjonar tidlegare.

– Eg plar som regel vere skeptisk. Eg svarar, men eg sender ikkje pengar uansett.

MAIL. Slik såg ein av mailane Marthinussen fekk frå svindlarane ut.

Likevel forstår han at det er mogleg å falle for svindelforsøket om ein er stressa og har mykje å gjere.

– Til dømes om ein skal sitje å jobbe med rekningar heile dagen, og så er dette ein av dei, seier han.

– Det var ein veldig spesifikk mail. Det var mitt heile namn som var brukt, og mailadressa hadde noko med leiar i seg. Så det såg truverdig ut, legg leiar Marte Haugen til. 

Vil hindre at andre vert svindla

Studentparlamentet valde å melde svindelforsøket til politiet. Då fekk dei vite at politiet også hadde motteke melding om eit liknande svindelforsøk tidlegare.

Leiar Marte Haugen håpar at dei ved å fortelje om svindelforsøket mot dei kan hindre at andre organisasjonar vert svindla.

– Vi vil førebygge med å informere om dette, slik at dei som får slike mailar veit at det er svindel, seier ho.

BELØP. Svindlarane ba om ein stor pengesum til ein utanlandsk konto.

Marthinussen trur svindlarane hadde ein plan med å sende mail akkurat til dei.

– Det verkar som dei rettar seg spesielt mot studentorganisasjonar, kanskje fordi dei reknar med at vi som studentar har lite erfaring med pengar.

Powered by Labrador CMS