Bergensstudentar i Bolivia reiser frå landet

Opptøyar og bråk pregar Bolivia etter at presidenten i landet gjekk av grunna påstandar om valgjuks. No har utvekslingsstudentar valt å forlate landet.

SAMLA. Kirstine Hawkes og Nora Hahn i Bolivia med andre norske utvekslingsstudentar. Frå venstre: Natalie Mac Lachlan, Kristine Hawkes, Nora Hahn, Oda Terjesen Kvien, Tina Lægraid. Alle utanom éin har no reist frå landet, opplyser dei. FOTO: Privat/Anki Grøthe
Publisert Sist oppdatert

Bolivia har den siste tida vore prega av opptøyar og sterk uro etter påstandar om valjuks. Studvest har snakka med to studentar frå Universitetet i Bergen (UiB) som har valt å forlate landet på grunn av usikkerheita knyta til kva som vil skje framover.

Den 20. oktober stilte Bolivia sin president, Evo Morales, til val for 4. gong, etter å ha styrt landet i over 14 år. Påstandar om valgjuks har gjort at presidenten har gått av, og han har no fått innvilga asyl i Mexico, melder NRK.

Dei to studentane Kristine Hawkes og Nora Hahn fortel om bråket i landet.

– Dei siste tre vekene, sidan valet 20. oktober, har det så og sei konstant føregått demonstrasjonar og protestar i gatene. Ettermiddagane og kveldane har dermed vore prega av smell og bråk, fram til politiet ofte har fått ein slutt på bråket med tåregass, fortel dei i ein felles uttalelse til Studvest.

Forlot landet

Hawkes og Hahn har vore på utveksling i byen La Paz i Bolivia, men dei har no valt å forlate landet.

– Det er viktig å få fram at vi sjølv ikkje var i nokon direkte fare, dette er ikkje ei konflikt som handlar seg om oss.

– Det er ein heil befolking som blir ramma av denne konflikten, ikkje vi, seier jentene, som føler seg privilegerte som får forlate landet.

Men å vere indirekte ramma av konsekvensar som dei ikkje sjølv har kontroll over, er slitsamt, fortel jentene

– Følelsen av å vere fanga, både i huset på grunn av usikkerheit i gatene, eller å vakne neste dag og ikkje vite om flyplassen er stengt, og dermed vere fanga i landet er nok det som sitt mest.

Hahn og Hawkes oppheld seg no i Buenos Aires saman med fleire andre studentar, som har heimreise frå Argentina til jul.

I BOLIVIA. Kristine Hawkes og Nora Hahn, saman med Natalie Mac Lachlan. FOTO: Privat/Anki Grøthe

– Det er merkeleg å avslutte utvekslingssemesteret på denne måten. Nokre av oss har hatt større behov for å reise heim enn andre, alt etter kor hardt situasjonen tærer på kroppen, seier dei.

Flykta frå tåregass

Jentene fortel at protestane i gatene ofte starta frå klokka 12 om føremiddagen. Dei seier at om dei er ute på ting så er det opp til ein sjølv, men at ein alltid må vere på vakt fordi det plutseleg bryt ut protestar.

Ein dag sat vi ein liten gjeng på ein kafé, då vi plutseleg måtte evakuere frå kaféen og ut bakvegen. Vi måtte sitje i ein hotellobby til tåregassen hadde letta frå gata utanfor. Då var det etter at gjengar hadde sprunge oppover gata.

Studentane fortel at det å gå heimover etter det var veldig ubehageleg, og at dei skulle ynskje dei heller hadde halde seg inne den dagen.

– Til sjuande og sist så er det berre utruleg trist å skulle reise ut av landet, fordi det blir ein realitet at det er så gale at ein faktisk må reise ut.

– Vi har tett kontakt

Viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal, opplyser til Studvest at det er seks utvekslingsstudentar frå UiB i Bolivia. Alle studentane studerer ved Det samfunnsvitenskapelige fakultetet (SV).

– Vi har hatt tett kontakt med studentane heile opphaldet, men også den siste tida. Dei får, og har fått, god oppfølging frå universitetet, seier ho.

Ho fortel at UiB også har støtta studentane både økonomisk og praktisk om dei vil ombooke billettar, og kome tidlegare heim.

– Vi har hatt kontinuerleg dialog med studentane når situasjonen no har utvikla seg. Det er både studentane sitt ynskje og vår anbefaling at dei skal koma heim.

Når det kjem til det faglege og om studentane får fullført semesteret og tatt alle eksamenane sine, seier Samdal at dei ikkje har avklart ei løysing på dette enda.

– Vi tenkjer at vi må gå i dialog med fagmiljøet, og finne ei løysing lokalt på universitetet, for at dei får fullført semesteret og vurderingar som dei treng. Det er vårt ansvar å få avklart ei løysing på dette.

VISEREKTOR. Oddrun Samdal fortel at dei har hjelpt studentane med å finne billettar heim. ARKIVFOTO: Kati Mazharova
Powered by Labrador CMS