Meninger

Elsparkesyklane er nok ikkje like bra for klima som du trur

KOMMENTAR: Eg vil oppfordra studentar til å droppe elsparkesykkelen dersom dei har tid til å gå eller ta kollektivt. Det er betre for klima og for helsa.

Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Eg legg til grunn at alle som les denne kommentaren meiner klimaendringane er menneskeskapte, og er ei krise som krev kloke løysingar og kjapp handling. Kva løysingar som er gode er diskutabelt og burde diskuterast, men akkurat no vil eg bruke litt tid på å forklare kvifor eg meiner elsparkesyklar ikkje er ein del av den gode løysinga på klimakrisa.

I alle fall ikkje per i dag.

Då elsparkesyklane over natta blei sette ut i Bergens gater i sommar, var eg instinktivt positiv til det eg tenkte var eit miljøvennleg bidrag til byens transporttilbod. Sjølv om eg i starten irriterte meg på dei mange uansvarlege førarane, godtok eg dei då eg tenkte dei kunne få fleire folk til å velje vekk bilen. Eg kan like så godt legge meg heilt flat, og tilstå at eg kalla elsparkesyklane for «framtida». Men då eg kom over eit kapittel i Den store klimaguiden av Thomas Horne med namnet «Nei, elsparkesykler er ikke fremtiden», bresta framtidsvisjonen min.

Ifølgje Horne sine kjelder er elsparkesykkelen i beste fall litt betre enn ein liten dieselbil og i verste fall er utsleppa større enn frå ein stor bensinbil. Halvparten av utsleppa er knytte til produksjon og materialutvinning, 43 prosent er frå innsamling av sparkesyklane og resten er knytt til transport frå Kina, lading og vedlikehald. Utsleppet blir verre dess kortare levetid sparkesykkelen har.

Elsparkesykkelleverandøren i Bergen, Ryde, påstår at slike studiar ikkje er samanliknbare med sparkesyklane dei distribuerer. Ifølgje dagleg leiar Espen Rønneberg har elsparkesyklane deira lengre levetid enn sparkesyklane i studien. I tillegg hentar dei stort sett inn sparkesyklane med elmoped i staden for bilar.

Likevel er det eit siste argument som trumfar desse motargumenta.

I ein av rapportane Horne baserer seg på har Transportøkonomisk Institutt (TØI) kartlagt bruken av elsparkesyklar frå to utleigefirma i Oslo sommaren 2019. Den viser at mange turar med elsparkesyklane er mellom kollektivhaldeplass og siste destinasjon, eller i siste stund før heile eller halve time. Turane er typisk på ein kilometer i luftlinje, og har ei varigheit på rundt ti minutt. 60 prosent av elsparkesyklistane som blei spurt kva dei ville erstatta elsparkesykkelen med, svara at dei ville erstatta den med gonge, medan 23 prosent ville reist kollektivt. Berre tre prosent av respondentane brukar elsparkesykkelen som erstatning for bil og fem prosent for taxi.

Dersom dette stemmer overeins med den typiske Ryde-bruken her i Bergen, er det uheldig både med tanke på klima og på folkehelsa. Ettersom dei fleste studentar verken har råd til bil eller taxi, reknar eg med at studentmassen som no brukar elsparkesyklar, pleidde å bruke beina, bussen eller Bybanen for å kome seg fram i byen tidlegare.

Eg har sjølv prøvd elsparkesyklane, og er klar over kor praktiske dei er når ein har dårleg tid. I tillegg er dei kjekke å køyre. Likevel vil eg oppfordra studentar til å droppe elsparkesykkelen dersom dei har tid til å gå eller ta kollektivt. Det er betre for klima og for helsa.

I tillegg burde Ryde arbeide for å få bilistar over på elsparkesykkelen ved å utvide parkeringsrekkevidda og gjere tilbodet sitt billegare. Slik har dei som bur utanfor sentrum moglegheita til å kome seg over lengre avstandar både raskt og billeg, utan å måtte ta bilen i bruk.

LES OGSÅ:

Powered by Labrador CMS