Først!

Nordmenn eig ikkje køkultur.

HASTVERK. Kva er grunnen til at du absolutt må presse deg på bussen før andre har fått sjansen til å gå av, skriv Synne Hammervoll. FOTO: TORIL SUNDE APLETHUN
Publisert Sist oppdatert

Apropos

Apropos er den frie spalten der Studvest-journalistene kan skrive om akkurat det de vil. Språket er ofte i muntlig form, og med et glimt i øyet. OBS! Spalten har høy forekomst av satire, sarkasme og ironi, og bør tas med en klype (noen ganger en neve) salt.

Kjære kollektivreisande. Kva er hastverket? Kva er grunnen til at du absolutt må presse deg på bussen før andre har fått sjansen til å gå av?

Nordmenn eig ikkje køkultur. Du kan jo påstå at du står i kø på butikken, og det gjer du sikkert. Men du gjer det og klart at du ikkje likar det. «Er det ikkje fleire på jobb her?» spør du, irritert over at det er tre stykk framfor deg i køen, og at køen i den andre kassa er like lang. Men du skal ha for at du står der, og ventar på at det blir din tur.

Det er ei anna sak når du skal gå på eit framkomstmiddel, vere det buss, båt eller fly. Det idiotiske med fleire av desse framkomstmidla er at du er sikra plass. Kanskje til og med ein bestemt plass, men eit sete er forebeholdt deg uansett. Du har billetten klar til båten og er framme i tide, dei kjem ikkje til å sende deg vekk. Båten går ikkje utan deg. Og du veit at du skal sitte på 13C på flyet, og at det er ditt og berre ditt sete, men du skal faen meg sitte der før andre set seg på sine plassar likevel.

Alt dette blir verre på bussen. Du skal kanskje berre sitje på i fem minuttar. To stopp. Du har eigentleg ikkje behov for eit sete, og hadde berre tenkt å stille deg like ved døra uansett. Men du skal jaggu meg stå der med ein gang. Dama med barnevogna får vente med å komme seg av bussen, for det er viktigast at du kjem deg på. Tenk om bussen går utan deg? Alle dei andre som står klare til å presse seg inn må vike, for det er nettopp du som har dei skarpaste olbogane her.

Nordmenn har ein djuptstitjande trong til å vere først. Me ser det i kommentarfelta til seriar som Skam og Blank. 13 personar kommenterer “Først”. For viktigare enn å vere først er at andre veit at du var først. Om ein regelrett må dytte andre til sida for å få komme seg inn på bussen raskast mogleg så får det berre vere. Olbogane er der for ein grunn, am I right?

Powered by Labrador CMS