Nyhet

Fyrstemann til mølla for gåvekort

For to veker sidan kunne ikkje kommunen seie noko om når gåvekorta skulle kome. No er dei her. Men du må vere rask.

Publisert Sist oppdatert

To millionar har blitt sett av i budsjettet for å iverksette ordninga. Dette gjev moglegheita til å gje ut gåvekort til 1000 studentar. 

Søkjarportalen vart opna på kommunen sine nettsider 15. mars, og det er no fyrstemann til mølla-prinsippet som gjeld for alle studentane som kan nytte seg av ordninga. Totalt bur det 40.000 studentar i Bergen. 

Ei gåvekortordning for studentar som melder flytting har lenge vore ei ønska satsing frå Bergen kommune.

Med den har dei ynskt å lokke studentane til å endre folkeregisert adresse til Bergen, byen dei bur i. Etter planen skal dette vere ein vinn-vinn situasjon for både kommunen og studentane. 

Aldri nok bergensarar

Heiltidsstudentar frå andre kommunar kan no søkje om å få gåvekort på 2000 kroner frå Bergen kommune dersom dei har meldt flytting til Bergen sidan 1. januar 2022. Gåvekortet kan nyttast til kultur, mat eller opplevingar i Bergen.  

Byrådsleiar Rune Bakervik (Ap) og kulturbyråd Edurado «Doddo» Andersen (Ap) ser føre seg at gåvekortordninga vil rekruttere fleire bergensarar til byen. 

– Det kan aldri bli nok bergensarar, fleiper Bakervik. 

Dei 1000 fyrste som får søknaden sin godkjent, vil kunne hente gåvekortet sitt hjå Bergen innbyggjarservice i Kaigaten. 

Studentane har stått på vent

Det var 2019 at det for fyrste gong vart presentert ei ordning som skulle premiere studentane som meldte flytting til Bergen. 

FOTO: Emily Dishington

September 2022 kunne dåverande byrådsleiar, Roger Valhammer, annonsere at godet skulle ta form i eit gåvekort som studentane kan bruke i Bergen. Ordninga skulle verte iverksett første semester 2023. 

Då Studvest tok kontakt med kommunen for å spørje kor langt dei var komne med ordninga, hadde ikkje kommunen noko svar om saka. Den gong viste kalenderen 3. mars.

Knappe to veker seinere, altså onsdag 15. mars, kunne dei derimot meddele at gåvekortordninga er i gang. 

– Ved å sjå korleis dette utviklar seg til å byrje med, vil vi kanskje til og med gjere ordninga større og betre med tida, fortel kulturbyråd Andersen.

Vert ordninga populær og gjev ynskte resultat, vil målet på sikt vere å vidareføre dette som ei fast ordning, kan han opplyse. 

Vil behalde studentane i Bergen

Både byrådsleiaren og kulturbyråden meiner at studentane er viktige for byen. Dei fortel at studentane «gjev byen livsgnist». 

– Utan studentane døyr Bergen som by, seier Bakervik.

Han påpeiker at studentane er heilt avgjerande for at Bergen skal kunne utvikle seg som by. 

Ida Lutro, leiar i Velferdstinget Vest, er glad for at ordninga endeleg er på plass. 

– Det Bergen kommune signaliserer ved å gjere eit tiltak som dette, vil gjere det meir attraktivt å bli verande i Bergen etter fullført studietid, fortel Lutro. 

Lutro meiner gåvekortordninga kan vere eit lurt tiltak ovanfor både kommunen og studentane. Ho viser til korleis studentane då vil få tilgang til dei same godene som bergensarane har, samt som studentane vil få moglegheita til å kjenne tilhøyrlegheit til studiebyen sin. 

Powered by Labrador CMS