Gjer om på krisepakken: No blir det meir stipend

I natt vart det forhandla fram ein ny krisepakke. Fleire medier melder at det blir endringar i studentane sin krisepakke.

FOTO: Lånekassen
Publisert Sist oppdatert

Saka er oppdatert.

Natt til tysdag vart regjeringa og opposisjonspartia i Stortinget einige om ein tredje krisepakke til det norske samfunn, melder VG.

På pressekonferansen tysdag føremiddag vart den tredje krisepakken presentert. Der vart det bekrefta at det blir lagt ein ekstra milliard inn i studentpakken, slik at litt av lånet kan bli gjort om til stipend.

– Studentane har vore den einaste gruppa som har mista jobben sin utan å ha rett på dagpengar, og den einaste gruppa som har fått tilbudt eit lån som kompensasjon. No kjem dei til å få litt av det omgjort til stipend, fortalde SV sin representant, Kari Elisabeth Kaski.

Før det uttalte Hadia Tajik (Ap) at dei som blir hardast ramma av denne krisa er dei som er lågtløna.

– Det blir ikkje bra uansett, men me gjer at det blir litt mindre ille for studenten, sa Trygve Slagsvold Vedum, partileiar i Senterpartiet (Sp).

– Eit steg i riktig retning

Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Marte Øien, er glad for at Stortinget har lytta til studentane sine innspel.

– Min første reaksjon er at dette er eit stort steg i riktig retning, at ein anerkjenner at studentane er i ein vanskeleg situasjon og at ein tar situasjonen på alvor. 

Ho er glad for at støtteordninga no har blitt endra.

HJELP. – Dette vil hjelpe veldig mange studentar, fortel Marte Øien, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO). ARKIVFOTO: Beate Felde

– Først og fremst er eg glad for at me får betre støtteordningar enn me får i dag. Me kan ikkje sei oss noko anna enn nøgd med det. Dette vil hjelpe veldig mange studentar. 

– Er ordninga god nok? 

– Det enkle svaret er det er eit stort steg i riktig retning, seier Øien til Studvest.

Ho fortel likevel at ein må sjå an situasjonen framover.

– Skulle denne situasjonen fortsetje slik som dette så treng me at Stortinget og regjeringa kjem på banen. Det er vanskeleg å sjå føre seg kor lenge situasjonen vil vare, så dersom den vedvarer så bør dei kome med ytterlegare tiltak.  

Meir lån

I den første krisepakken vart ikkje studentane nemnt. Etter at den andre krisepakken vart lagt fram, vart det bestemt at studentane skulle gå gjennom Lånekassen, og ikkje gjennom Nav. Tidlegare har Studvest uttalt at studentar ikkje har rett på dagpengar frå Nav fordi dei ikkje blir rekna som reelle arbeidssøkjarar.

Torsdag i forrige veke kom det fram at forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) hadde kome fram til ei løysing saman med Lånekassen. Studentane sin krisepakke gjekk ut på at permitterte studentar no kunne søkje om eit ekstra lån på 26.000 kroner. I tillegg vil studentane få utbetalt stipend og lån for resten av semesteret saman med utbetalinga for april.

– Skuffande å bli behandla ulikt

Leiar ved Studenttinget på Vestlandet (STVL), Henrik Tjore Waage, fortel at han er glad for at pakken har blitt forbetra.

– Me er glad for at Stortinget har lytta til studentane og forbetra pakken. Det er likevel skuffande at studentar med deltidsjobb blir behandla annleis enn andre arbeidstakarar, fortel han til Studvest.

– Dette løyser ikkje alle utfordringar

Leiar i Arbeidsutvalet ved Universitetet i Bergen (UiB), Andreas Trohjell, kalla forrige veke den nye studentpakken for ein «drittpakke».

I dag er han nøgd for at politikarane har høyrt på studentane.

– Det er eit steg i riktig retning. Me er godt nøgde med at Stortinget har tatt ansvar når studentane har bedd om det, fortel han til Studvest i dag.

ULIKT. Henrik Waage Tjore som er leiar av studentdemokratiet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) fortel at der er skuffande at studentar blir behandla ulikt som andre arbeidstakarar. ARKIVFOTO: Josef Kosler

– Så er det viktig å sei at det ikkje løyser alle utfordringane til våre studentar, men me er eit lengre stykke på veg enn me var i forrige veke.

PÅ VEG. Andreas Trohjell, leiar i AU ved UiB meiner at ein er eit lengre stykke på veg i dag, enn kva ein var forrige veke. ARKIVFOTO: Silje Dahle
Powered by Labrador CMS