Nyhet

Statsråden svarar studentane

Forskings- og høgare utdanningsminister, Henrik Asheim (H), svarer på kritikken som kom etter at krisepakken vart framlagt i går.

ARKIVFOTO: Adrian Grindbakken
Publisert Sist oppdatert

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) har sidan i går mottatt sterk kritikk frå fleire i studentmassen. I samarbeid med Lånekassen har han den siste veka utarbeida ein krisepakke for studentar som er permitterte frå deltidsjobbane sine.

Krisepakken går ut på at permitterte studentar kan søkje om eit ekstra lån frå Lånekassen på 26.000 kroner. I tillegg vil studentane få utbetalt lån og stipend for resten av semesteret saman med utbetalinga for april. Det utgjer for dei fleste 27.550 kroner.

Asheim fortel om ei hektisk veke etter at beskjeden frå Stortinget kom at dei skulle bruke Lånekassen i staden for Nav. Tidlegare har Studvest skrive om at studentar ikkje har rett på dapengar frå Nav, ettersom dei ikkje er sett på som reelle arbeidssøkjarar.

Vil sikre tryggleik for studentane

Asheim fortel til Studvest at han toler fint å stå i den kritikken som har kome. Han seier at han forstår at folk er skuffa, og at studentane har lov til å kjefte når dei er ueinige i dei slutningane som er tatt.

– Det som gjer litt vondt er dei som gir uttrykk for at eg ikkje bryr meg om dei. Desse vekene har handla om ei konstant uro for konsekvensane denne krisa vil få for studentane våre. Det er det første eg tenkjer på når eg står opp, og det siste eg tenkjer på før eg legg meg, fortel statsråden.

Så vart krisepakken, som så mange studentleiarar har tatt til orde for at burde kome som eit stipend, presentert som eit lån. 

– Kvifor vart det slik?

– Dei fleste tiltaka regjeringa gjer no, handlar om å handle raskt for å sikre tryggleik i vekene framover. Difor fekk me på plass denne ordninga, fortel Asheim.

Han uttaler at han forstår at mange studentar ynskjer å omgjere lånet til stipend, men at det ikkje vil ha noko effekt her og no.

– Det vil koste fleire milliardar kroner om ei stund, men ikkje ha effekt no. Og akkurat no handlar det om å få pengane ut på konto til dei som slit, og ikkje kva som skjer med beløpet når ein er ferdig utdanna, meiner han.

Arbeidstakarar som alle andre?

Ein del av dei reaksjonane som har kome er fordi studentane føler seg urettferdig behandla i forhold til andre arbeidstakarar. Fleire har tatt til orde for at studentane bør bli behandla på lik linje med alle andre arbeidstakarar, som får dagpengar og ikkje treng å låne.

– Kva tenkjer du, er studentar arbeidstakarar på lik linje med andre arbeidstakarar?

– I den jobben dei har ved sida av studia så er dei det. Men dei er først og fremst studentar. Det betyr at dei med storstipendet får utbetalt i snitt over 11.000 kroner i månaden i studiestøtte. Eg forstår at studentane også ynskjer meir kompensasjon, og eg forstår at det diverre ikkje er nok til å dekkje alle utgifter for mange studentar når deltidsjobben forsvinn. Men det er difor me har gjort det me no har gjort, med å innføre eit ekstralån, uttaler Asheim.

Han fortel at han også saman med universiteta og høgskulane har jobba utruleg hardt for at denne krisa ikkje skal gå ut over studieprogresjon.

– Min største skrekk er at mange studentar ikkje får avlagt eksamen, eller opplev at konsekvensane er at dei ikkje kjem seg gjennom studiet. 

Han utdjupar at det heldigvis ser ut til å gå bra.

– Men akkurat no handla det for min del om å få ei forsikring på at det kjem pengar. Så kan me vere ueinige i om det bør kome som lån eller stipend.

Ynskjer sakleg diskusjon

Reaksjonane har ikkje latt vente på seg etter at krisepakken vart framlagt. Asheim fortel at han var førebudd på at når dei fekk til ein krisepakke så raskt, så kom mange til å bli provosert.

– Har du forståing for at studentane er sinte?

– Ja, det har eg. Eg skal tole kjeft for ting som dette. Det eg sa i går er at eg toler all kritisk diskusjon, men eg synes at ein skal tenkje litt gjennom den situasjonen ganske mange andre er i, om kor musikalsk det er å kalle dette for ein drittpakke. Det er så mange i landet som no er permittert eller rett og slett arbeidsledige. Eg ynskjer sakleg diskusjon, slår statsråden fast.

Powered by Labrador CMS