KRITISK. Jonas Hagesæther Røthe er fag- og forskningsansvarleg for Studenttinget på Vestlandet. Han synes leiinga må innføre bøter på forsinka sensur.

Men høgskulen går ikkje med på å straffe seg sjølve.



Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) var kvart sjette emne forsinka då studentane skulle få tilbake eksamenskarakteren sin for haustsemesteret. Heilt konkret blei 3 857 sensurar levert etter fristen på tre veker, ifølgje tala Studvest har fått tilgang til.

– Det er veldig rart at studentar er nøydd til å forholda seg til fristar for eksamen, men HVL klarer ikkje å forholda seg til fristen for sensur, kommenterer Jonas Hagesæther Røthe, fag- og forskingsansvarleg i Studenttinget ved HVL.

Studvest har ved fleire anledningar skrive om problemstillinga som omhandlar forsinka sensur. Seinast i vår kunne ein lese om at éin av fire medisinstudentar ved Universitetet i Bergen (UiB) opplevde å få eksamenskarakter for seint.

Det står i den høgaste lova for utdanningsinstitusjonar, Universitets- og høyskoleloven (UHL), paragraf 3-9 om eksamen og sensur at: «(4) Sensuren skal foreligge innen tre uker hvis ikke særlige grunner gjør det nødvendig å bruke mer tid.»

STORT OMFANG. Jonas Hagesæther Røthe beskriv det som ein krisetilstand.

– Det skal ikkje gå over tida når det står i UHL, slår Røthe fast.

Ueinigheit om bøter

– Dette er ikkje ein ønska situasjon frå vår side, vi har eit krav om å følgje lova, og vi ønsker at dette skal vere normalt. Eigentleg skal det vere null forsinka sensurar om ein ikkje har fått utsatt frist, seier prorektor for utdanning Bjørg Kristin Selvik.

Ho meiner likevel at det bør vere unødvendig å innføre bøter til fakulteta på høgskulen.

Røthe frå Studenttinget er ueinig.

– Eg håpar leiinga ser dette som ein krisetilstand. Kvart sjette emne er forsinka, og det bør bli innført hastetiltak slik at det er klart for bøteleggjing av forsinka sensur til våren 2020.

Til dette svarar Selvik følgjande:

– Det vi har sagt er at no skal vi registrere forsinka sensurar for hausten 2019 og sommar 2020 og så skal saka opp i Utdanningsutvalet igjen for å sjå omfanget. Vi må heile tida holde trykket oppe mot sensorane og fakulteta, og informere om at dei må forholda seg til fristen.

Ho legg også til at dei ikkje har sett på når eventuelle bøter skal innførast eller kor store dei skal vere.

VENTE. Prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik, på HVL seier at dei skal vente å sjå før dei blir einige om å innføre bøter eller ikkje. PRESSEFOTO: HVL

Stor påkjenning

Røthe frå Studenttinget synes det er dumt at det er så stort omfang av forsinka sensurar fordi det er ein stor påkjenning for studentane.

– Det er veldig stressande å vente, og det er ein ekstremt nervepirrande periode for studentane.

Han hevder også at HVL ikkje har hatt oversikt over omfanget på forsinka sensurar før resolusjonen frå Studenttinget vart tatt opp i Utdanningsutvalet  i haust.

– Stemmer det at de ikkje hadde oversikt?

– Vi hadde ikkje laga statistikk på det, men no har vi systematisert det betre, svarar Selvik.

Les også: Her bor studenter og flyktninger side om side

Kommentarer

kommentarer