Oppgraderinga av lesesalen blir utsett i fleire år

Ei oppussing av Ulrikke Pihls hus vart lovt i 2018. No blir det utsatt.

KRITIKK: Endre Rudi (21) (til venstre) og Alexandros Liberopoulos (20) nemner mange ting dei skulle ønska hadde blitt fiksa med U. Pihl.
Publisert Sist oppdatert

– Det kunne vore betre stolar og temperaturregulering. Det er anten for kaldt eller for varmt, og vindauge som ikkje kan lukkast, fortel Endre Rudi (21).

Han og medstudent Alexandros Liberopoulos (20) sit på Ulrike Pihls hus (U. Pihl) og skriv heimeeksamen i samanliknande politikk.

Dei fortel at bygget er gamalt og destruktivt, men det gjer at dei les betre. Likevel har dei innvendingar til korleis bygget fungerer.

– Det verkar ikkje som om det blir vaska her så ofte. I tillegg er det mykje problem med at stikkontaktar og lamper ikkje fungerer, seier Liberopoulos.

Har lova oppgradering – bryt løftet

Universitetet er også kjend med utfordringane. «U. Pihl er problematisk» heiter det i læringsmiljøutvalgets (LMU) referat frå møtet deira som var i september. Det står også nemnt i sakslistene at det er problem med støy frå St. Paul skole og ballspel elles utanfor U. Pihl. 

– Bygget er ikkje i god nok stand, kan fakultetsdirektør ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet (SV), Alette Gilhus Mykkeltvedt, melde.

I ei sak frå Studvest 2. november 2016 kjem det fram at fleire studentar har dårleg erfaring med U. Pihl. Blant anna fekk fakultetet åtte klagar i 2015.

KJEND PROBLEM. I 2016 skrev Studvest om studentar som klaga på U. Pihl. Framleis er det problem med bygget. FAKSIMILE: STUDVEST.

«Desse klagane gjaldt i hovudsak støy utanfrå og frå andre medstudentar, samt kalde lesesalar. I tillegg har det komme klager på røyking utanfor bygget, mugglukt, dårleg luftkvalitet, dårleg vasking, uvedkommande på bygget og mangel på leselamper», står det i artikkelen.

I artikkelen uttaler også eigedomsdirektør Even Berge at det ikkje låg investeringsmiddel inne for å starte utbetringa av lesesalen før i 2018.

No er vi i utgangen av 2018, og det er enda ikkje starta noko oppgradering av lesesalen.

Les også: To av tre UiB-studentar har ikkje plass på lesesal

Fekk stoppordre frå universitetsleiinga

– Vi i Eiendomsavdelinga fekk stoppordre frå universitetsleiinga fordi det har vore ein prosess om å sjå på samlokalisering av IKT-faga ved universitetet, kan Even Berge fortelje i dag.

Fakultetsdirektør Mykkeltvedt ved SV-fakultetet, legg til at den sentrale arbeidsgruppa som har jobba med spørsmålet om samlokalisering ikkje anbefaler dette på U. Pihl.

På grunn av denne prosessen med å sjå på samlokaliseringa er difor oppgraderinga av lesesalen frå 1906 sett på vent i fleire år.

– Målet er å få det inn på budsjettet for 2020, fortel Mykkeltvedt.

Det er likevel starta bygging av ein studentbar i den nedste etasjen av den omdiskuterte lesesalen. Mykkeltvedt forsikrar at bygginga av studentbaren på ingen måte har gått ut over oppgraderinga av lesesalane på U. Pihl.

– Byggjeprosessar tar tid

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm kan bekrefte at universitetet skal starte oppgraderinga av U. Pihl innan 2020.

– Planen er å vurdere det i andre kvartal til neste år. Det står på dagsorden, fortel han.

Bernstrøm blir konfrontert med tilstandane på U. Pihl, og spesielt med bakgrunn i dei ulike sakene og lesarinnlegga som handlar om det dårlege fysiske læringsmiljøet på lesesalen. På spørsmålet om kvifor dei no skal utsetje oppgraderinga på bakgrunn av dette, svarar han følgjande:

–Dei måtte sjå det i ein heilskap, og for å unngå å gjere endringar viss planane skulle kome annleis ut.

– I 2016 sa de at de skulle oppgradere innan 2018. Korleis kan vi stole på at de kjem til å oppgradere innan to år igjen?

– Byggjeprosessar tar tid og må planleggjast. No byggjer vi i første etasje. Det er eit anna prosjekt, men det er studentareal der og.

NY LOVNAD: Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm fortel at U. Pihl skal bli starta oppgradert innan 2020. ARKIVFOTO: BEATE FELDE.

– Er det ikkje upraktisk å ha to byggjeperiodar i same bygg?

– Jo, det vil det vere. Ting må nødvendigvis sjåast i samanheng og her måtte dei i så fall ha venta med studentbaren – gitt at all oppgradering skulle skje samstundes, seier han.

Powered by Labrador CMS