To av tre UiB-studentar har ikkje plass på lesesalen

Universitetet i Bergen har 12 000 fleire studentar enn leseplassar, anslår Eigedomsavdelinga. Det skapar kamp om plassane.

IRRITERT: HF-student Tron-Petter Nilsen Aunaas synest det er frustrerande at det alltid er fullt på HF-biblioteket når dei er rettkomen plassen der.
Publisert Sist oppdatert

– Det blir alltid dårleg stemning når vi ser nokon sit og puggar arverett på vårt bibliotek, seier Tron-Petter Nilsen Aunaas (20), som er student ved Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Bergen (UiB).

Klokka er 12:30 på ein måndag i starten av november. Høglydt klikking på tastatur og litt klam luft møter oss i døra inn til humaniora-biblioteket.

Det er ikkje sjanse å få seg ein sitjeplass på det populære biblioteket på Haakon Sheteligs plass. 

BLIKK: HF-studentane Tron-Petter Nilsen Aunaas og Ida Otilde Haugland seier at det er “norma” å blikke folk som les arverett på HF-biblioteket.

Sidan det er heilt fullt i kantina set vi oss ned på eit trebord utanfor biblioteket. Aunaas og medstudenten Ida Otilde Haugland (20) går nordisk-studiet og er flittige i sin bruk av biblioteket.

– Det er eit fint bibliotek med godt lys og god stemning. Det er naturleg at folk søkjer seg her, seier Haugland.

Frustrerte over plassmangel

Men dei er frustrerte over at det er praktisk talt nær umogleg å få plass her. Kjem ein etter klokka ti er det ikkje vits å gå inn å prøve, for pultane er fulle uansett, hevdar studentane.

– Biblioteket er tilrettelagt for oss HF-studentar. Det er HF-bøker her, og kva ressursar vil andre finne utanom å ha ein stad å sitje, spør Haugland.

– Kjerneproblemet i dette er at det er plassmangel på UiB, seier Aunaas.

5000 plassar

Studvest har snakka med eit titals studentar på biblioteket, alle frå forskjellige skular 0g fakultet. Bodskapen frå alle er det same: Det er fullt på lesesalane.

Eit anslag frå avdelingsdirektør Even Berge i Eigedomsavdelinga seier at det er cirka 5000 studentarbeidsplassar på campus. I dette inngår bibliotek og lesesalar.

Med cirka 17 000 studentar er det ikkje så vanskeleg å tenkje seg til at det kan bli litt plassmangel i periodar med ekstra trafikk, som til dømes i eksamensperiodane. Det ser viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, på som ei utfordring.

– Spesielt er det vanskeleg med tanke på at lesesalane står tomme tidleg i semesteret og så har vi ikkje nok areal i eksamensperiodane, seier ho.

Auditorium tilgjengeleg

Ho fortel at det blir jobba med dette, og at Eigedomsavdelinga har sett på fleksibel bruk av allereie eksisterande areal, slik som gangar og auditorium.

– Det skal vere tilrettelagt for at studentar skal kunne bruke undervisningsareal til eksamenslesing, seier Samdal.

– Kvifor står ikkje talet på lesestader i stil med talet på studentar?

AUDITORIUM: Viserektor for utdanning, Oddrun Samdal seier at også auditorium og andre undervisningsareal bør vere tilgjengelege i eksamensperioden.

– Vi har no sterkt fokus på å skape fleire arbeidsplassar for studentane. Det er vektlagt i den nye arealplanen vår, så det vil komme fleire arbeidsplassar dei kommande åra.

– Er det nok når det er så mange studentar?

– Om det er eit problem vi ikkje er tilstrekkeleg oppmerksame på, så skal vi jobbe meir med å utnytte fleire undervisningsareal, svarar Samdal.

Samlingspunkt

Det er ikkje berre arverettspuggande jusstudenter som fyller opp Humaniora-biblioteket. Til frustrasjon for HF-studentane Aunaas og Haugland gjeld det svært mange andre studieløp, og ja, til og med skular.

Jeppe Ugland (27) og Christian Limi Kvamme (26) er studentar på jussen, og er blant dei som er glad i å sitje på HF-biblioteket.

– Her er det ein meir avslappande atmosfære, det er store vindauge og betre kantine, svarer Ugland på spørsmålet om kvifor dei sit her og ikkje på sine eigne lesesalar.

– I tillegg er det vanvitig «trøkk» på jussen sine lesesalar. Det er alltid fullt der, i tillegg til at det er dårleg luft, legg Kvamme til.

Jusstudentane fortel også at det er triveleg å omgå studentar ved andre studiar. Dei trekk fram at det er spanande å prate med ein psykologistudent om kva dei held på med.

– Ein pris HF må betale

Også studentar frå andre skular finn vegen til leseplassane på HF.

Even Urnes (21) og Bår Gjesdal (23), som går på Norges Handelshøyskole (NHH) sit i kantina og tar seg ein liten pause frå lesinga. Dei seier at HF-biblioteket er det koselegaste biblioteket i Bergen.

– NHH er meir sterilt. Det er som eit kontor, fortel NHH-studentane.

Dei seier at dei sit her litt på grunn av lokasjonen som er nær heime, og at det er så opent og lyst. I tillegg fortel dei at NHH sine lesesalar ofte er fulle, og ein må kome der tidleg om ein vil ha plass.

INGENTING LEDIG: Det nærmar seg eksamen. Då er ikkje ein pult ledig på HF-biblioteket.

– Kva med HF-studentane sine lesestader, blir det ikkje fullt her også når de sit her og tar opp plassen til folk som er rettkomen å sitje her?

– Det er jo ein pris dei må betale når dei har ein så god lesestad, seier Gjesdal.

LIKEGYLDIG: NHH-student Bår Gjesdal (23) meiner at HF-biblioteket bør vere ope for alle, til og med dei som ikkje studerer ved UiB.
Powered by Labrador CMS