Derfor reiste eg til Oslo for å møte Nybø

Lesarinnlegg: Vi må framleis arbeide for andre saker som gjeld studentar, sjølv om endringa i konverteringsordninga i verste fall skulle bli gjennomført.

Portrett: Benedetta Bellotti/NHHS. Arkivfoto: Tore Hauke Thiesen
Publisert Sist oppdatert

Dette er et innsendt innlegg. Innlegget gir uttrykk for forfatterens egne meninger.

Varg Lukas Folkman spør i Studvest fredag 9. november kvifor studentleiarar reiste på toppmøte med forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) sjølv om stipendsaka ikkje var på agendaen. Ettersom eg deltok på møtet, ønsker eg å svare på spørsmålet.

For det første er eg einig med Folkman om at endringa i konverteringsordninga er den viktigaste enkeltsaka for studentar per no, og at den derfor bør ha høgste prioritet for studentpolitikarane fram til saka er avgjort. Men eg er ikkje einig i at å la vere å godta invitasjonen til å snakke direkte med utdanningsministeren, vil styrke vår sak. Det har så langt vore ganske synleg at regjeringa sitt forslag har massiv motstand i student-Noreg, uavhengig av om vi hadde deltatt på møtet eller ikkje.

Det er dessutan uklokt å undervurdere dei uformelle arenaene som oppstår rundt eit slikt møte. Eg trur ikkje at studentleiarar rundt omkring i landet ville fått moglegheit til å diskutere konverteringsordninga på tomannshand med ministeren dersom vi ikkje hadde deltatt på møtet, slik vi fekk no. Det skal elles nemnast at konverteringsordninga blei nemnt opptil fleire gonger i debatten under møtet, ettersom denne har innverknad på fleire område.

Eit siste poeng er at sjølv om konverteringsordninga er den desidert viktigaste saka for studentar, er det ikkje den einaste saka som finst. Det betyr at vi framleis må arbeide for andre saker som gjeld studentar, sjølv om endringa i konverteringsordninga i verste fall skulle bli gjennomført.

Powered by Labrador CMS