Dette kan du ha krav på

Usikker på kva du kan ha rett på i desse tider? Her kjem ei oversikt.

ARKIVFOTO: Silje Dahle
Publisert Sist oppdatert

Dei siste vekene har det kome mange ulike tiltak og krisepakkar til store delar av samfunnet. Fleire av endringane og tiltaka kan gjelde for deg som student. Her får du oversikta over kva du kan ha krav på, og korleis du kan søke om å få det.

Studentar blir ikkje rekna som reelle arbeidssøkjarar, og difor fell dei utanfor kompensasjonsordningar slik som blant anna dagpengeordninga. Difor har det kome fleire andre tiltak som skal hjelpe dei som har hamna i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Studentane sin krisepakke

Den første hjelpa til studentane kom i den andre delen av krisepakken som regjeringa la fram. Den sa blant anna at:

  • Alle fulltidsstudentar skal få utbetalt lån og stipend for april, mai og juni allereie 15. april. Dette utgjer cirka 27.500 kroner.
  • Studentar som kan dokumentere at dei har mista arbeidsinntekt kan søkje om eit ekstralån på 26.000 kroner. Dette skapte sterke reaksjonar, og i ettertid har det blitt lagt til éin milliard i studentane sin krisepakke, slik at cirka 30 prosent av dette ekstralånet kan bli gjort om til stipend. Det utgjer cirka 8000 kroner.

Dette skulle gå gjennom Lånekassen sine system, for å avlaste Nav. Samstundes opplyste Lånekassen om at dei også utvida søknadsfristen for lån og stipend til vårsemesteret fram til 15. april.

SLIK SØKER DU:

BESKJED. Alle studentar som har rett på ekstralånet på 26.000 kroner skal få beskjed når dei kan søkje på det, opplyser Lånekassen på sine nettstader. FOTO: LÅNEKASSEN

Ifølgje Lånekassen sin nettstad vil dei studentane som har rett på ekstralånet på 26.000 kroner få beskjed om dette. Dei seier også at reglane ikkje er vedtatt enda, og at dei difor ikkje har ein eksakt dato. Dei opplyser likevel om at du skal kunne søkje ekstralånet i løpet av mai. Dette vil truleg skje gjennom Lånekassen sine nettstader.

Lønskompensasjon

I midten av april kom den glade nyheita at studentar også skulle få lønskompensasjon frå Nav. Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen uttalte at denne ordninga skulle gjelde for alle som vart berørt av kuttet i arbeidsgivarperioden. Det skriv regjeringa på sine nettstader.

  • Lønskompensasjonen fungerer slik at arbeidsgivar betaler kompensasjon dei første to dagane, og så skal Nav betale dei neste 18 arbeidsdagane. Det vil seie at du kan ha rett på lønskompensasjon i 20 arbeidsdagar til saman, og det vil gjelde for fem kalenderdagar om gongen.

Denne ordninga skal gjelde for alle som fell utanfor dagpengeordninga, blant anna studentar. Også internasjonale studentar som har blitt permittert frå jobben i Noreg har rett på lønskompensasjon.

SLIK SØKER DU:

Om du er permittert så må du sjølv søke om å få lønskompensasjon. Dette vil skje gjennom Nav. For at det skal vere mogleg for Nav å berekne riktig kompensasjon kan dei ikkje behandle søknaden før etter dei 18 dagane for utløpet av arbeidsperioden har gått.

Per no jobbar Nav med å lage søknaden og skriv på sine nettstader at dei kjem tilbake med meir informasjon om når du kan søke.

Dagpengar til nokre

Så kom beskjeden om at nokre studentar også skal få rett til dagpengar. Tiltaket gjeld frå 20. april til 1. september, og omfattar alle som tar studiepoeng i perioden, men som ikkje får støtte frå Lånekassen.

  • For å kunne ha rett på dagpengar i denne perioden må du kunne dokumentere at du er ein aktiv jobbsøkar, og vere tilgjengeleg dersom du skulle fått ein jobb. Ordninga gjeld alle typar kurs og opplæring, og skal dekkje alle permitterte og arbeidsledige dagpengemottakarar. Det einaste unntaket er dei som får støtte frå Lånekassen.
UiB sitt krisefond

Ei gruppe som har blitt mykje omtalt er dei internasjonale studentane, og korleis dei opplever det å bli permittert frå jobbane sine i Noreg, utan at dei har særlege rettigheiter. Difor har Universitetet i Bergen (UiB) oppretta eit krisefond til internasjonale studentar.

  • Krisefondet gjeld for internasjonale studentar som tar ein engelskspråkleg mastergrad. Då kan studentane søke om inntil 10.000 kroner. Dette gjeld for dei internasjonale studentane som ikkje får hjelp gjennom Lånekassen eller får hjelp frå sitt eige heimland.

SLIK SØKER DU:

I ei pressemelding skriv UiB at dei aktuelle studentane dette gjeld for, blir invitert til å sende ein kort søknad med grunngjeving for kvifor dei treng pengar. Det må også vere ein anbefaling frå programansvarleg i søknaden. Søknaden skal sendast til internasjonal@uib.no, og blir behandla fortløpande fram til 1. juni.

Etter at UiB oppretta eit koronakrisefond til internasjonale studentar har også fleire andre studiestader rundt om i landet gitt liknande støtteordningar til sine internasjonale studentar.

Powered by Labrador CMS