Psykologifakultetet vil ha 30 prosent menn

Ekstrapoeng auka talet på mannlege studentar ved Universitetet i Agder. No vil UiB prøve det same, og «kvotere» inn 30 prosent menn.

SKEIV KJØNNSFORDELING: – Det er eigentleg ganske sjukt at eg har så mange gutevennar her med tanke på den kjønnsfordelinga som er, seier Erlend Femdal, som studerer psykologi på UiB.
Publisert Sist oppdatert

– Det er aldri kø på herretoalettet, men nesten alltid på dametoalettet, for å illustrere det slik, seier psykologistudent, Pål Lystrup, om korleis han opplev kjønnsbalansen på studiet sitt.

Lystrup studerer ved Universitetet i Bergen (UiB), som no har fått lov til å innføre tilleggspoeng for mannlege søkjarar med førstegongsvitnemål til profesjonsstudiet i psykologi.

Grunnen til dette er at rundt 20 prosent av studentane på psykologistudiet ved UiB er menn. Slik har det vore over ein lenger periode.

UiB vil ta i bruk tilleggspoenga, som vil bli gjeldande til hausten 2019.

Viserektor Oddrun Samdal ved UiB har grunngjeve dette i at pasientar skal ha moglegheit til å velje kjønn på behandlaren sin, noko som er truga om talet på utdanna mannlege psykologar ikkje aukar.

Ser poenget med kvotering
HELSEGRUNNLAG. Psykologistudent, Pål Lystrup, meiner kvotering er greitt om det er eit samfunnsbehov for det, og meiner rektoratet si grunngjeving er relevant.

Psykologistudent Lystrup meiner det er viktig at bakgrunnen for å kvotere bør vere grunngjeve av eit gyldig argument om nytta tiltaket vil ha, og ikkje berre på grunn av eit ønske om å ha lik fordeling mellom kjønn på studiet.

– Om nokre unge gutar ønsker å snakke med ein mannleg psykolog ser eg poenget med å kvotere inn menn på psykologistudiet.

Han legg til at alle søkjarane og kommande studentar ein dag skal ut å behandle andre menneske, og at ein derfor ikkje berre burde basere opptaket på karakterar.

– Folk bør generelt sett kome inn på likt grunnlag, men eg meiner også det viktigaste er kva dei kommande psykologane evnar å tilby pasientane sine under behandlinga. Det er ikkje nødvendigvis dei med best karakterar som blir dei beste psykologane, meiner Lystrup.

Vil snakke med same kjønn

Ein som er på den andre sida er sikker på at behovet for fleire mannlege psykologar er reelt, er medstudent, Erlend Femdal.

EIT BEHOV: Fleire venner og kjenningar har fortalt psykologistudent, Erlend Femdal, at dei vil snakke med ein psykolog av same kjønn som seg sjølv.

– Eg meiner det er eit bra tiltak. Fleire venner og kjenningar har fortalt at dei helst vil snakke med ein psykolog av same kjønn.

Femdal ser at tilleggspoenga kan gjere det urettferdig for kvinnelege søkjarar, og at det kanskje kan påverke kvaliteten på utdanna psykologar.

Samtidig meiner han at det er positivt med ei meir balansert fordeling mellom kjønna, og at tiltaket vil sørge for at interesserte gutar kjem inn på studiet. 

– Interessa for psykologistudiet er kanskje lågare hos gutar, men eg trur det vil lønne seg å kvotere inn dei som faktisk er interesserte, slik at ein kan tilpasse tilbodet til pasienten sine ønske.

Menn skal representera 30 prosent

Visedekan for utdanning ved Institutt for klinisk psykologi, Per Einar Binder, fortel at dei ennå ikkje har fastsett kor mykje meir menn vil få i tilleggspoeng.

Dette betyr at dei mannlege førstegongssøkjarane ikkje nødvendigvis vil få eit heilt poeng meir enn dei kvinnelege.

– Målet er å sikre representasjon av begge kjønn i profesjonen. Samtidig skal det ikkje gå ut over dyktige jenter, og derfor vil me prøve å rekne oss fram til den tilleggspoeng-summen som vil resultere i ein mannleg representasjon på 30 prosent.

Skal motverke negativ tendens

Binder trekk fram at menn sjeldnare går til psykolog enn kvinner.

SIKRE REPRESENTASJON: Visedekan ved Det psykologiske fakultet, Per Einar Binder, fortel at ein ønsker ein mannleg representasjon ved psykologistudiet på 30 prosent. ARKIVFOTO: Josef Kosler.

– Ved å auke talet på mannlege psykologar, forsøker ein å motverke denne tendensen ved å sende ut eit signal til menn om at psykologtilbodet gjeld dei òg.

Binder peiker også på at pasienten i nokre tilfelle ønsker å snakke med ein person av eit visst kjønn, og at dette derfor skal vere eit tilgjengeleg tilbod.

Registrert auke

Lovisenberg diakonale høgskole (LDH) og Universitetet i Agder (UiA) har allereie hatt moglegheit til å gje opp til to tilleggspoeng til mannlege søkjarar til sjukepleiarutdanninga sidan innføringa av den nye likestillings og diskrimingeringslova 1. januar i år. I tillegg fekk Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) lov å gje to tilleggspoeng til mannlege søkjarar til veterinær- og dyrepleiarstudium.

Studiedirektør ved UiA, Greta Hilding, kan bekrefta at tilleggspoenga har auka den mannlege studentmassen frå 2017 til i år.

Samanlikna med talet på mannlege sjukepleiarstudentar i 2017 (14,4 prosent), er det no ein mannleg prosentdel på 21,7 ved bachelorprogrammet i sjukepleie ved UiA.

Kvotering feil verkemiddel

Men ikkje alle er like begeistra for tilleggspoenga. Leder for Blå Liste ved Studentparlamentet på UiB, Tobias Otterstad, meiner sjølve konseptet med kvotering er feil, og legg vekt på at det er karakterane som skal styre kven som blir teke inn på eit studie eller ikkje.

– Kjønn burde ikkje vere eit så avgjerande moment når det kjem til val av psykolog. Ein må kunne snakke med folk av motsett kjønn også, meiner Otterstad.

Men om det er slik at menn helst vil snakke med ein mannleg psykolog, kva om mangelen på mannlege psykologar då hindrar menn i å oppsøke psykolog? 

– Slik eg har forstått det er det allereie ei nedre grense på 20 prosent, slik at det uansett vil vere mannlege psykologar. Dei som ønsker å snakke med ein mannleg psykolog, vil altså uansett få moglegheita til det, seier Otterstad.

Otterstad meiner ein heller burde finne ut korleis ein skal motivere gutar tidlegare i utdanningsløpet til å få betre karakterar, gjennom til dømes å oppfordre unge gutar til å planleggje framtida, og i tillegg forske på korleis ein skal hindre fråfall basert på kjønn.

– Det skal vere opp til individet å bestemme korleis samfunnet utviklar seg, og derfor meiner eg kvotering er feil verkemiddel, seier Otterstad.

KARAKTERAR: Representant for SP-UiB, Tobias Otterstad, meiner ein burde kunne snakke med folk av motsett kjønn, og at det derfor er karakterar som skal bestemme kven som blir teke inn på studiet eller ikkje. ARKIVFOTO: Julie Helene Günther.
Powered by Labrador CMS