Kultur

Dette var klikkvinnarane i 2020

Me tel ned dei ti best leste Studvest-sakene frå året som har gått.

Fra øverst til venstre: 1. Annie Sørvig 2. Josef Kosler 3. Adrian Grindbakken 4. Andrea Olsen 5. André Kvalvågnes 6. Josef Kosler 7. Silje Dahle 8. Andrea Olsen 9. Julie Helene Günther, BI: Silje Helene Dahle, HVL: Silje Fridén
Publisert Sist oppdatert

Året 2020 er endeleg omme, og me tillet oss eit lite tilbakeblikk. Her kjem dei ti sakene flest Studvest-lesare fekk med seg i fjor, med kommentarer frå kulturredaktør Tora Carlsen Haaland og dåverande nyheitsredaktør Kristina Haugen Moe.

10. NAV gav ikkje studentar permitteringspengar

FOTO: Beate Felde

Kristina: Dagane i lockdown gjekk, krisepakkar kom til nærmast alle landets permitterte arbeidarar. Det einaste som mangla var kanskje ein krisepakke til permitterte studentar. Når ein får støtte frå Lånekassen så har ein nemleg ikkje rett på dagpengar frå NAV. Dette baud opp til ein storstilt diskusjon i media om ikkje studentar også skulle få dagpengar på lik linje med andre arbeidarar – eller om studielånet faktisk er nok til å leve av?

LES SAKA HER.

9. Studentleiarane om krisepakka til studentane: «Drittpakke»

FOTO: Silje Dahle

Kristina: Krisepakken til studentane kom til slutt, men kanskje ikkje slik alle såg for seg. Andreas Trohjell, dåverande leiar i Studentparlamentet ved UiB, raste til Studvest at «dette er en drittpakke». Han fekk støtte frå mange andre sinte studentleiarar og studentar landet over. Fleire reagerte på at studentar vart tilbydd lån medan «alle andre» fekk pengar inn på konto. Hugsar du korleis det endte?

LES SAKA HER.

8. Juristen Espen vart butikkmedarbeidar på fulltid

FOTO: Josef Kosler

Tora: Mange bergensstudentar har allereie truffe på dette venlege andletet på ein handletur på Høyden. Espen Holthe drøymde om å verte jurist allereie på ungdomsskulen. No, 420 studiepoeng og ein mastergrad i rettsvitskap seinare, jobbar han fulltid som butikkmedarbeidar på Kiwi. Det ville Studvest-lesarane vite meir om, særleg då det under nedstenginga i vår vart tydeleg at han er heilt samfunnskritisk i jobben sin.

LES SAKA HER.

7. HVL bryt gratisprinsippet – studentane fortvilar

FOTO: Andrea Olsen

Kristina: Frustrerte barnehagelærarstudentar fortalde i februar om ei oppgåve dei måtte få godkjend for å kunne fortsetje studiet. Dei måtte punge ut frå eiga lomme for å få det til, til tross for at høgare utdanning skal følgje gratisprinsippet. HVL-student Sofie Marie Fronth ynskja at leiinga skulle ta denne saka på alvor – oppgåva har nemleg vore diskutert i media sidan 2018. No har HVL lova at 2020 var det siste året oppgåva vart gjennomført.

LES SAKA HER.

6. Koronasmitta Sofie om livet i isolasjon

FOTO: Adrian Grindbakken

Kristina: I vår var det nesten berre helsearbeidarar og folk i risikogruppa som vart testa for Covid-19, difor var det store mørketal for kven som faktisk hadde viruset. Ein kjende kanskje ikkje til folk som hadde hatt det, og det heile verka litt skummelt og ukjend. Bachelorstudent ved UiB, Sofie Hough (22), fortalde openhjartig om lange dagar heime i isolasjon. Heldigvis hadde ho noko lurt å bedrive tida med.

LES SAKA HER.

5. Ti ting å gjere i karantene

ILLUSTRASJON: Annie Sørvig

Tora: Av og til er det enklaste det beste – særleg når verda slik me kjenner ho raknar i saumane slik ho gjorde i mars for snart eitt år sidan. De har hørt regla for mange gonger: Universiteta og skulane stengde, folk måtte halde seg inne, sosial omgang vart kraftig redusert og alt som kan seiast å vere «livet» vart satt på vent. Då er det godt at Studvest-journalist Siamak Nematpoor kunne tipse om ti ting for å få dagane gå.

LES SAKA HER.

4. Møt juksarane

FOTO: Andrea Olsen

Kristina: 2020 var eit vanskeleg år på mange måtar. Nokre pusta kanskje letta ut då eksamen først vart gjort om til heimeeksamen, medan andre vart meir stressa grunna tidspress og høgare krav. Slik den eine studenten i saka «Møt jukserne» seier: – Hadde jeg sittet alene, så tror jeg ikke jeg ville fått ståkarakter engang. Mange har stått ovanfor valet om å jukse eller ikkje. Kor mange som vert tekne i juks er det mulig å finne ut av, men kor mange som går under radaren, det veit me ikkje.

LES SAKA HER.

3. Jusstudentane utmerka seg på eksamensfusk

FOTO: André Kvalvågnes

Kristina:  Apropos eksamensjuks – her kan ein lese om kva studie og fakultet som toppar juksestatistikken for 2019. Det var ei sak som engasjerte mange, og det er kanskje ikkje så rart. I saka kan ein finne ei oversikt over dei største institusjonane i Bergen, og kva for juksetal som har vorte registrert. Om du er nysgjerrig på kor mange som vart tatt i juks på din studiestad, og kva konsekvensar det fekk i 2019, bør du lese gjennom denne.

LES SAKA HER.

2. Alt du som student treng å vite om koronaviruset

FOTO: UiB og NHH: Julie Helene Günther, BI: Silje Helene Dahle, HVL: Silje Fridén

Kristina og Tora: Tirsdag 10. mars 2020 vart den første studenten i Bergen smitta av koronaviruset. Onsdag 11. mars bestemde me oss for å opprette ei live-oppdatering kor me kunne legge ut løpande informasjon om viruset til studentane. Me hadde aldri sett for oss at den skulle visa seg å vere så nyttig. For informasjonen kom verkeleg på løpande band – avlysningar av hytteturar, Lovstafett, quiz, konsertar og til slutt nedstenging av campus og lockdown.

SJÅ LIVE-OPPDATERINGA FRÅ 12. MARS TIL I DAG HER.

1. «Paradise»-paret om BI og kjærligheten

FOTO: Josef Kosler

Tora: Visst var det pandemi på gang, men sjølv ikkje det kan konkurrere med det Studvest-lesarar gong på gong viser seg å vere aller mest opptekne av: reality-TV. Nærmare bestemt, BI Bergen-studentar som deltek på Paradise Hotel. Denne gongen var det Kaia Hauge Nustad sitt intervju med nyforelska Jenny Hagen og Emil Wille Gramstad som kapra hjarta dykkar. Dei kunne innrømme at dei var eksklusive, men ikkje kjærestar. Sukk.

FÅ MED DEG DEN BEST LESTE STUDVEST-SAKA I 2020 HER.

Powered by Labrador CMS